Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 5.-7. klasse, nynorsk

Her finn ein alle klassesetta på nynorsk som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 5.- 7. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøker som er lette å lese er markert med .


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Lett

Asbjørnsen, Peter Christen Oskeladden og dei gode hjelparane 1.- 5. kl.
Asbjørnsen, Peter Christen Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak>
Belsvik, Rune Dustefjerten og den store vårdagen 1.- 5. kl.
Belsvik, Rune Eit hus fullt av mørker  5.- 7. kl.
Belsvik, Rune Kråkejakt 5.- 8. kl.
Boie, Kirsten Og så kom Jakob 6.- 8. kl.
Brandt, Hanne Den kvite sykkelen  6.- 8. kl.
Bylock, Maj Solsteinen ; Måneringen  6.- 8. kl.
Bødker, Cecil Maria frå Nasaret  2.- 5. kl.
Bødtker, Marit Lund Kristian til vêrs  6.- 8. kl.
Dahl, Arild I den mørke natt  5.- 7. kl.
Ericson, Stig Ropande Ramn  2.- 5. kl.
Eriksen, Helga Gunerius Inga jente er som du! : fjellet  6.- 8. kl.
Fleischman, Sid Prinsen og pryleguten  4.- 6. kl.
Folk flest trur ikkje på fuglar : fantastiske forteljingar 6.- 7. kl.
Grimstad, Leiv Arne Gullhestane 5.- 7. kl.
Gripe, Maria Pappa Pellerins dotter 6.- 7. kl.
Hansen, Atle Heksa  4.- 7. kl.
Hansen, Atle Det kvite pulveret 6.- 8. kl.
Hansen, Atle Ulvestova 5.- 7. kl.
Hansen, Erik Niels Brevdua 6.- 8. kl.
Holm, Annika Stå på, Matilda Markstrøm! 2.- 5. kl.
Holmås, Stig Vinterhauk og eldvatnet  7.- 10.kl.
Houston, James Frosen eld : ei forteljing om mot  6.- 8. kl.
Hovland, Ragnar Jakta på Salamanderen 5.- 7. kl.
Kerr, Judith Då Hitler stal den lyseraude kaninen  5.- 7. kl.
Kaaberbøl, Lene Skammarens dotter 5.- 10.kl.
Kaaberbøl, Lene Skammarteiknet 5.- 10.kl.
Lagercrantz, Rose Modige Karl Gustav 4.- 6. kl.
Levoy, Myron Alan og Naomi  7.- 9. kl.
Lundgren, Max Roseli, kjæraste Rosa 5.- 7. kl.
Mathisen, Mathis Ismael 5.- 8. kl.
Mathisen, Mathis Ismael <lydopptak>
Olsen, Lars-Henrik Reven i skogen   2.- 5. kl.
Osland, Erna Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen  6.- 8. kl.
Osland, Erna Noas løve 5.- 7. kl.
Osland, Erna Salamanderryttaren 5.- 7. kl.
Page, Martin Det store Kappløpet   3.- 5. kl.
Pettersen, John Roald Kattepinn og sørphøne 5.- 10.kl.
Roberts, Emlyn Innesperra  7.- 10.kl.
Salazar, Mario Amigo 4.- 6. kl.
Sortland, Bjørn Tu Ducs skatt  5.- 7. kl.
Sortland, Bjørn Ulvenatt i Berardenga 5.- 7. kl.
Sortland, Bjørn St. Michaels løyndom 5.- 7. kl.
Sortland, Bjørn 12 ting som må gjerast rett før verda går under 5.- 7. kl.
Sund, Torvald Vettskremt  5.- 7. kl.
Sund, Torvald Vettskremt <lydopptak>
Tusvik, Marit Katrine  6.- 8. kl.
Tveit, Norvald Silje og Sivert 2.- 5. kl.
Tveit, Tore Min vesle storebror 2.- 5. kl.
Vatle, Sylvelin Tim Brentloffs eventyr 6.- 8. kl.
Zak, Monica Redd jungelen min 2.- 5. kl.

 

Örtengren, Lisa Ulv og eg

 

5.- 7. kl.

b398.209481 A

Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane / <etter Asbjørnsen og Moe ; til nynorsk ved Gudny Dalflyen ; illustrasjonar: Hans Gerhard Sørensen>. - Oslo : Samlaget, 1981. - 31 s. : ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutg.

Eventyret om kongen som ville ha eit skip som gjekk like fort både på sjø og land. Den som kunne byggja det, skulle få kongsdottera og halve riket.
1.-5.kl. ; 19 eks.
ISBN 82-521-1948-4 (h.) : Nkr 52.00

EMNE: Eventyr : Noreg

  0002082

b398.209481 A

Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak> / Asbjørnsen & Moe ; <musikk: Frode Fjellheim>. - Melhus : Lydbokforlaget, 1992. 2 kassettar (83 min) ; i eske 18 x 13 x 3 cm - (Lesetrening)
Lese av Hallvard Lydvo og Solveig Dahl. - 2 innlesningar av same eventyr. Kassett 1 har normal lesefart og kassett 2 har låg lesefart. - Berekna til bruk saman med lettlesutgåva av eventyret, utgitt i serien Sirius Barn, Samlaget, 1981
ISBN 82-421-0194-9 : Nkr 229.00

EMNE: Eventyr : Noreg

  0024066

b B

Belsvik, Rune, n., 1956-
Dustefjerten og den store vårdagen / av Rune Belsvik ; illustrert av Lisbeth Narud. - <Oslo> : Cappelen, 1996. - 98 s: ill.
Framhald av: Dustefjerten og den store marsipanfesten

Dette er femte boka om Dustefjerten og vennene hans. Vinteren er kald og lang, og våren let venta på seg - noko som slit på alle vennene som bur attmed bekken. Oktava drøymer om ein kjærast, så forelskar ho seg i ein heilt annan enn ho hadde tenkt. Dustefjerten er deprimert, han lengtar slik etter å kasta ploppesteinar i bekken, og andungen er full av merkelege tankar. Berghøna blir ein god hjelpar for Oktava og andungen utan eigentleg å gjera noko som helst. Så plutseleg ein dag er våren der, og dei samlast i Kavringreven sitt bakeri for å eta vårkringle og høyra Kavringreven lesa vårdiktet sitt, men han får det ikkje til - då er det godt andungen kan hjelpa. Språkleg er også denne boka lett å lesa med gode skrifttypar. Kapitla er korte, og dei blir innleidde av overskrifter skrivne på rim. Forteljinga har ein underfundig og lun humor som treff ulike målgrupper på fleire plan. Dei menneskelege karaktertrekka er treffande. Denne boka er illustrert med tusjteikningar som gir figurane liv og høver til teksten.
1.-5.kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-02-15849-4 (ib.) : Nkr 189.00

  0041805

u B

Belsvik, Rune
Eit hus fullt av mørker / av Rune Belsvik. - <Oslo> : Cappelen, 1990. - 156 s.

Boka handlar om Oscar, 9 år, som ikkje kan tilfredsstilla mammas bøn om å fortelja noko spennande når han kjem heim frå skulen. Han drøymer om å kunna trylla fram ei ku, då vil kanskje nokon leggja merke til han, - aller helst Anne Guri. Etter at han tok til på skulen har han oppdaga at det er viktig kor ein bur i bygda og kven ein er venner med. Dei på Haugane likar ikkje dei nede i Søkket, og han som ikkje bur nokon av dei stadane, høyrer ikkje heime i noka gruppe. Ikkje er han spesielt sterk, morosam eller flink til å sparka fotball, så han må gjera som dei andre krev, om han vil vera med. Men Oscar får vera med i det skumle fråflytta huset i skogen, der gutane smugrøykjer og har blad med bilete av nakne damer. Boka er ikkje så skummel som framsida kan gje inntrykk av, derimot er ho humoristisk.
5.-7.kl. ; 22 eks.
ISBN 82-02-12339-9 (ib.) : Nkr 189.00

GENRE: Bygd

  0005630

u B

Belsvik, Rune
Kråkejakt / av Rune Belsvik. - <Oslo> : Cappelen, 1989. - 108 s.

Hovudpersonen, Leif Bjørk, er så lei av jobben sin på likningskontoret at han låser seg inne på do for å skriva ei bok. Ei bok frå barndommen på Stord der venskapen med Ole Murke står sentralt. Leif vert ofte plaga av dei andre gutane, ikkje minst p.g.a. mora. Så ein dag dukkar Ole Murke opp, ein gut som er sterk og snill og grei og modig nok til å vera redd. Dei to vert "smugkameratar", går på kråkejakt og har det ganske fint saman. Boka handlar om barndommens gleder og sorger, vennskap og svik, store håp og store vonbrot. Det er ei ekte, morosam og varm bok, som høver for både born og ungdom.
5.-8. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-02-12093-4 (ib.) : Nkr 159.00

EMNE: Vennskap

  0002917 

u B

Boie, Kirsten
Og så kom Jakob / Kirsten Boie ; omsett av Øystein Rosse. <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1988. - 12,1 s.
Originaltittel: Mit Jakob wurde alles anders

Nele, som er 12 år, er forelska for første gong. Det kan opplevast som veldig problematisk, og i tillegg er alt nokså kaotisk heime. Mor er byrja å arbeida ute att og far skal vera husfar, etter at dei noko uventa fekk Jakob, familiens yngste. Familien taklar problema og har det stort sett godt med kvarandre, fordi dei kan snakka saman. Ei god bok, som m.a. tek opp temaet kjønnsroller på ein humoristisk og grei måte.
6.-8. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-525-1506-1 (ib.) : Nkr 84.00

EMNE: Kjensler / Kjønnsroller / Søsken / Vennskap

  0000167

u B

Brandt, Hanne
Den kvite sykkelen / Hanne Brandt i omsett frå dansk av Øystein Rosse ; omslag og illustrasjonar: Åshild Havåg Bergseth. <Larvik> : Norsk Barneblad, 1987. - 121 s. : ill.
Originaltittel: Den blå cykel

Ei aktuell bok om kva som kan skje når ein fortrengjer sorg og vonde opplevingar. Venninnene, Marianne og Nina, som går i 7.klasse har det fint saman heilt til den dagen Marianne døyr i ei trafikkulukke. Nina får sjokk og dei vaksne prøver å få ho til å gløyma det som har skjedd. Fordi ho ikkje får leva ut sorga, vert ho aggressiv og får psykiske problem.
6.-8. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-7095-119-6 (h.) : Nkr 78.00

EMNE: Sorg / Trafikkulukker / Død

  0002083

u B

Bylock, Maj
Solsteinen ; Måneringen / Maj Bylock ; til nynorsk ved Ragnar Hovland. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1987. - 219 s.
Originaltitlar: Solstenen ; Månringen
1. norske utg.: Damm, 1984 og 1985

Handlinga er lagd til gotlandsk bondemiljø i middelalderen. Dette er ei frodig og eventyrleg historie konsentrert om mange spenningsskapande element og menneskelege relasjonar. Guten Dan drøymer den gamle draumen om steinens løyndom, den han har rundt halsen og som skal hjelpa han til å finna broren Jakob. På leitinga si etter broren opplever Dan mykje merkeleg, prega av mystikk, trolske stemningar og spennande situasjonar. Dan finn broren innesperre i eit bur som vert brukt som dårekiste. Han er skulda for å ha myrda. Saman opplever dei ei spennande flukt og vegen mot reinvasking for broren Jakob. Boka har frodige personskildringar, og er meir ei spenningsbok enn ei bok med historisk koloritt frå denne tida.
6.-8. kl. ; 27 eks.
ISBN 82-525-1477-4 (ib.) : Nkr 89.00

GENRE: Historisk / Spenning

  0005219

bl tv220.9505 B

Bødker, Cecil
Maria frå Nasaret / Cecil Bødker og Bengt-Arne Runnerström ; til norsk ved Lars Amund Vaage. - Oslo : Samlaget, 1990. - <56> s.: kol. ill.

Det er den gamle og evig nye juleforteljinga Cecil Bødker skriv om her, og vinkla på ein annan måte enn ein er vane med. Forfattaren fortel om det som hende sett med Marias auge. Daglegliv og menneskelege reaksjonar på bodskapen omkring Jesu fødsel er skildra på ein ekte og nær måte. Teiknaren har sett seg godt inn i korleis alt såg ut i Jødeland på den tida, så biletboka gir både oppleving og kunnskap.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3580-3 (ib.) : Nkr 138.00

Emne: Bibelforteljingar

  0006748

u B

Bødtker, Marit Lund
Kristian til vêrs / Marit Lund Bødtker ; illustrert av Øyvind Hansen. - Nynorsk utgåve / <ved Øystein Rosse>. - Oslo : Samlaget, 1995. - 85 s. : ill. - (Sirius-bøkene. Sirius barn)
Framhald av: Kristian i gruva

Kristian er 12 år. I blant gjer han ting han ikkje har lov til, som når me møter han i denne forteljinga. Han heng høgt oppe i lufta og kjem korkje opp eller ned. Kristian er på veg til venninna Sigrid. Ho har flytta til Jakobsbakken, eit stykke unna. No er ho sjuk, og Kristian lengtar etter å sjå ho att. Ein taubane blir redninga. Den fraktar malm frå gruvene ved Jakobsbakken, og turen tek berre tre timar. Kristian lurer seg med. Så stoppar taubanen, sidan det er dagen før palmesøndag. Kva skal Kristian gjera? I denne lettleseboka er me noko attende i tid, til eit samfunn berre kjent av nokre få av dagens ungar. Situasjonen Kristian hamnar i er likevel til å kjenna att, og spenninga held lesaren fast. Her er eit stramt språk og ei god forteljing, til saman blir dette ei vellukka lettlesebok.
6.-8. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4611-2 (ib.) : Nkr 125.00

EMNE: Historisk
GENRE: Spenning

  0038517

u D

Dahl, Arild
I den mørke natt / Arild Dahl. - Oslo : Samlaget, 1992. - 92 s.

Sondre har ikkje lyst til å vera heime når mora får besøk av kjærasten. Han vil køyra i lastebilen med Willy for å flytta gravemaskina hans før elva tek til å stiga. Medan dei er i skogen drikk Willy seg full, lensmannen kjem og tek han med seg og Sondre vert att i skogen. Dette er ei spennande historie, både på det ytre og indre planet. Skildringa av sondre sin sjalusi og einsemda og redsla han føler i denne situasjonen er veldig engasjerande.
5.-7. kl ; 30 eks.
ISBN 82-521-4002-5 (ib.) : Nkr 152.00

GENRE: Spenning

  0020292

b E

Ericson, Stig
Ropande Ramn / Stig Ericson, Tord Nygren ; omsett til nynorsk av Inger Anthun Bruket. - Stabekk : Bokklubbens Barn, 1991. - <30> s.: kol.ill.

Dette er ei illustrert barnebok med ein del tekst om indianarguten, Ropande Ramn. Han veks opp i Svarte Ørns leir, han lærer å tyda naturens teikn, å lytta til dei gamle sine songar og segner og å passa seg for dei kvite sine kuler. Ropande Ramn hadde sett kvite menneske og han var redd dei utan å kunna innrømma det. Møtet med dei kvite vert annleis enn han trudde, for dei kan også smila og vera vennlege. Ei svært fin bok utan stor dramatikk, som ein kjenner frå tradisjonelle indianarbøker.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2223-8 (ib.) : Nkr 125.00

GENRE: Indianar

  0008672

u E

Eriksen, Helga Gunerius
Inga jente er som du! : fjellet / Helga Gunerius Eriksen.- Oslo : Samlaget, 1989. - 75 s.

Framhald i: Finn Inga!
Inga er 12-13 år og ho og onkel Inge dreg til fjells saman. Han er ein herda fjellfarar, ho er heilt fersk - men går på med krum rygg. Bak seg har ho ein konfliktfylt familiesituasjon, som ho skiftevis slepp til og skuvar bort frå tankane sine - og som ho etter kvart klarar å snakke med onkelen om. Ho opplever naturen sterkt og på godt og vondt, og røyner at avstand kan gi perspektiv og pusterom. Ei frisk og fortruleg forteljing med eit enkelt, men viktig tema.
6.-8. kl. ; 23 eks.
ISBN 82-521-3457-2 (ib) : Nkr 134.00

EMNE: Skilsmisse / Vennskap

 0003030

u F

Fleischman, Sid
Prinsen og pryleguten / Sid Fleischman ; illustrert av Peter Sis ; til norsk ved Ingvar Moe. - Oslo : Samlaget, 1988. - 93 s. : ill.
Originaltittel: The whipping boy

Denne forteljinga tek oss med til England i gamle dagar, til den tid hoffet heldt seg med ein særskild prylegut som fekk juling kvar gong prinsen var uskikkeleg. Pryleguten er son av ein rottefangar, og på slottet lærer han å lesa og skriva, noko Prins Ramp har lite til overs for. Han kjedar seg og er mest oppteken av at pryleguten skal få juling. Prinsen er lei av livet på slottet og han vil rømma, til det treng han hjelp av pryleguten. Dette er ei spennande, morosam og gripande bok om korleis forholdet mellom desse to gutane utviklar seg.
4. - 6.kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3163-8 (ib.) : Nkr 113.00

GENRE: Spenning / Historisk

  0002126

u F

Folk flest trur ikkje på fuglar
: fantastiske forteljingar / <Tor Age Bringsværd, Ragnar Hovland og Tordis Fosse (red.) ; illustrasjonar: Thore Hansen>. - <Larvik> : Norsk Barneblad, 1986. - 161 s. : ill.
Innhald: Ein strid kar / Nils Naasen. I det kvite lyset / Ola Jonsmoen. Den svoltne skuggen Magnus Helge Torvanger. "Kva er det blankaste i Finnkjerka?" Ivar Kleiva. Snøen til Endre Reidar Kyrkjebø. Hallgrim og huldra /Bjarne Slapgard. Sjelehundane / Ola Jonsmoen. Den tysk-franske krigen / Ola Jonsmoen. Trollfossen / Bjarne Slapgard. Maskene / Helge Horn. Ei spinnande jord / Ola Jonsmoen. Loppa som skulle lære kongen å le / Bjarne Slapgard. Katteliv / Torkel L. Stana. Liv og Oskar og gaupa / Guri Todal Ystad. Vengjemus og kattejammer / Iben Sandemose. Herr Wellesen og den store talen hans / Finn Tveito. Kiosken og frosken / Sigbjørn Heie. Eit eventyr utan ende / Ivar Kleiva. Skinndaud / Hans Sande. Takk far! / Jan Reitehaug. Folk flest trur ikkje på fuglar / Jahn-Arild Skogholt.

Dette er fantastiske forteljingar av ulike forfattarar, historier som ligg i grenseland mellom røynd og fantasi, eller det uforklarlege. Boka har gitt plass både for det spennande, det skumle, det gåtefulle, det sørgjelege, det morosame og det leikande. Enkelte forteljingar byggjer på folkeeventyra, andre er science-fiction-aktige.
6.-7. kl. ; 18 eks.
ISBN 82-7095-112-9 (ib.) : Nkr 98.00

GENRE: Fantastisk

  0002081

u G

Grimstad, Leiv Arne
Gullhestane / Leiv Arne Grimstad. - Oslo : Gyldendal, 1989. 173 s.

Temaet for denne boka er kjærleik mellom ein gut, ein hestepassar og ein travhest. Roy, ein bygut på ti år, har foreldre som sviktar og han skal difor plasserast i fosterheim eller på barneheim. Roy er einsam, så gleda er stor når han finn seg to venner på travbanen, hestepassaren Tåtta og hesten Adalsraua. Saman med desse får Roy hjelp til ein ny start, og i Adalen får Roy og hesten hans ein trygg og triveleg stad å vera. Heilt uproblematisk er det ikkje, for nye venner kjem ikkje av seg sjølv.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-05-18606-5 (ib.) : Nkr 214.00

EMNE: Hestar / Fosterbarn / Vennskap

  0003296

u G

Gripe, Maria
Pappa Pellerins dotter / Maria Gripe ; omsett av Marie Takvam ; teikningar av Harald Gripe. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1984. - 161 s. : ill.
Originaltittel: Pappa Pellerins dotter
1. norske utg. 1970

Hovudpersonen, Loella, er 12 år og bur i ei hytte i skogen saman med yngre tvillingbrør. Mora seglar ute til sjøs og faren er så godt som ukjend. Barnevernet grip inn og Loella vert send til ein barneheim i byen. Ho drøymer om å finna faren sin, og ho lever seg så sterkt inn i draumane at ho toler alt utan å gjera opprør. Loella er ei sterk jente, som overlever om draumane går i knas. Då har ho styrke nok til å reisa heim att til hytta i skogen.
6.-7. kl. ; 19 eks.
ISBN 82-525-1360-3 (ib.) : Nkr 74.00

EMNE: Barnevern

  0002124

u H

Hansen, Atle
Heksa / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2001. - 85 s. - (Sirius. Blå)

Konrad, ti år, er ny i bygda. Kvar dag, på veg til skulen, går han forbi huset der Heksa bur. Heksa er ei eldre dame som det går mange rykte om. Dei seier at ho tok livet av sonen sin og gravla han i myra. Foreldra til Konrad trur ikkje på rykta. Ein dag blir Konrad fanga av Heksa. Det er skummelt, men vi skjønar etterkvart at ho berre er senil og trur at Konrad er den sonen som ho mista. Alt går bra til slutt. Boka er spanande og lett å lese.
Høver for 4.-7. kl. 30 eks. nynorsk. - Lettlest
ISBN 82-521-5863-3 (ib.)
Førdeb

GENRE:Skrekk 

0092378

u H

Hansen, Atle, n., 1954-, 
Det kvite pulveret : spenningsroman / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2006. - 68 s.

Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya.Høver for 6. til 8. klasse; 30 eks.
ISBN 82-521-6910-4 (ib.) : Nkr 179.00. - 978-82-521-6910-2)

GENRE:Spenning 

0127385

u H

Hansen, Atle
Ulvestova / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2004. - 116 s.

Ein dag Alf er i skogen føler han seg overvaka. Han trur det kan ha noko med den forsvunne mora å gjere, og Alf blir dradd inn i mystiske hendingar. Er det draum eller røyndom det han opplever? Er det mora eller nokon andre som spionerar på han, og kvifor skal det komme ein veg oppå fjellet der det kanskje bur huldrer og haugfolk? Ei svært spennande bok for dei frå ti år.
Høver for 5.-7. kl. : 30 eks ; nynorsk
ISBN 82-521-6185-5 (ib.)

GENRE: Spenning 

0102221

u H

Hansen, Erik Niels
Brevdua / Erik Niels Hansen ; omsett frå dansk av Øystein Rosse. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, cop. 1988. - 146 s.
Originaltittel: Brevduen

Hovudpersonen, Justin, er utan far og vert av den grunn mobba på skulen. Trass i moras ynskje om forteiing, fortel bestefaren om forholdet mora hadde til ein tidlegare gardsgut, Karl. Han vart skulda for mord, men klarde å rømma. Justin vert interessert i denne historia gjennom ei brevdue, som det står namnet Karl på. Mordgåta vert løyst og Justin finn den etterlengta far sin. Dette er ei intenst spennande bok, både når det gjeld ytre handling og på det kjenslegmessige planet. Boka har bra stor skrift og eit godt språk.
6.-8. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-525-1520-7 (ib.) : Nkr 79.00

GENRE: Spenning

  0000001

b H

Holm, Annika
Stå på, Matilda Markstrøm! / Annika Holm ; illustrert av Stina Eidem ; omsett av Kari Wærum. - <Oslo> : Bokklubbens barn, 1994. - 162 s. : ill.
Biblioteket har òg bokmålsutgåve. - Originaltittel: Mod, Matilda Markstrøm!

Matilda er redd for gutane i klassen. Så redd at ho går omvegar og av og til kjem ho for seint til timane. Ho er redd i friminutta òg, for dei vaksne som skal passa på, legg ikkje merke til noko unormalt. Men Matilda er ikkje åleine om å vera redd. Det er berre fem jenter i klassen og alle er prisgjevne den bråkete og ville gutegjengen. Frøken verken forstår eller ser korleis jentene har det, og ikkje torer dei å seia ifrå heller, for det er å sladra. Men så får dei vikaren Susanne, og ho både ser og forstår. Tinga er kanskje sett litt på spissen for å få fram bodskapen her. Men boka er bygd opp på ein slik måte at lesaren kjem fort inn i handlinga og blir engasjert. Språket er knapt og godt, og teksten er lett å lesa.
2.-5. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2493-1 (ib.) : Nkr 112.00

EMNE: Mobbing

  0033063

ung H

Holmås, Stig
Vinterhauk og eldvatnet / Stig Holmås ; illustrert av Dag Fyri. - Nynorsk utgåve / ved Tore Tveit. - Oslo : Samlaget, 1982. 93 s. : ill. - (Sirius ungdom) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Vinterhauk og skalpejegerane

Indianarforteljing frå New Mexico i 1830-åra. Apasjekrigaren Vinterhauk og vennen Gule Fjør dreg på jakt for å retta opp att æra til far til Vinterhauk. Han er misbrukar av eldvatnet til dei kvite. Boka fortel om kampar mellom apasjar, meksikanarar og kvite.
7.-10.kl. ; 18 eks.
ISBN 82-521-2127-6 (h.) : Nkr 87.00

GENRE: Indianar

  0002089

u H

Houston, James
Frosen eld : ei forteljing om mot / James Houston ; omsett av Øystein Rosse. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1988. - 136 s.
Originaltittel: Frozen fire

Ei veldig spennande villmarksforteljing frå Arktisk Canada. Matthew Morgan, som er 13 år, og far hans, geologen, er komne for å bu hos inuittane for ei tid. Faren drøymer om å verta rik og legg ut på ein farefull ekspedisjon. Han kjem ikkje att, dermed må Matthew og vennen Kajakk dra ut for å leita etter han. Det vert ein uhyre spennande og strabasiøs tur for gutane, dei må verkeleg kjempa mot naturkreftene for å overleva.
6.-8. kl. ; 49 eks.
ISBN 82-525-1528-2 (ib.) : Nkr 86.00

Genre: Villmark
EMNE: Eskimoar - Nord-Amerika

  0000177

u H

Hovland, Ragnar
Jakta på Salamanderen / Ragnar Hovland ; illustrert av Olav Hagen. - Oslo : Samlaget, 1983. - 172 s. : ill.
Anders dreg ut på leiting etter den bortkomne vennen sin, Salamanderen, saman med ein detektiv som eigentleg er på jakt etter ein forbrytar med same namnet. Her er grensene for det realistiske og fantastiske borte, og boka er full av uventa hendingar med sterk appell mot miljøøydelegging.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-2393-7 (ib.) : Nkr 135.00

EMNE: Miljøvern

  0003125

u K

Kerr, Judith
Då Hitler stal den lyseraude kaninen / Judith Kerr ; omsett av Torjan Hatteland ; <illustrasjonar av forfattaren>. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1990. - 220 s. : ill.
Originaltittel: When Hitler stole pink rabbit
1. norske utg.: Cappelen, 1979

I denne historia om ein jødefamilies lagnad i åra før andre verdskrigen fortel forfattaren om sine eigne opplevingar. Anna er ni år gamal når nazistane tek til å gjera seg gjeldande i Tyskland. Far til Anna er ein kjend jødisk forfattar som tidleg må flykta frå Berlin til Sveits. Seinare klarar resten av familien å fylgja etter, og dei kan dra til Paris og seinare til England. Deira sosiale og økonomiske situasjon er radikalt forverra, men dei reddar livet. Ei spennande og humoristisk bok om ein sterk og samansveisa familie, som fekk oppleva jødehatet.
5.-7. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-525-2190-8 (ib.) : Nkr 89.00

EMNE: Jødar:andre verdskrigen

  0007449

u K

Kaaberbøl, Lene, d., 1960-, 
Skammarens dotter / Lene Kaaberbøl ; frå dansk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, cop. 2003. - 212 s. : ill. - (Skammarserien ; 1)

Framhald i: Skammarteiknet
Dina har arva ein heilt spesiell eigenskap av mor si som ho helst ville ha vore forutan, men må lære seg å leve med. Ein Skammar kan tvinge folk til å tilstå ugjerningar og skamme seg, berre ved å sjå dei i auga. Dina blir sett på harde prøver når ho må hjelpe mora i kampen mot den vonde fyrst Drakan, herskaren i Dunark-borga. Ei mystisk mordsak står uløyst, og Drakan vil tvinge Skammaren til å misbruke si makt.
Her får du alle fantasy-litteraturen sine ingrediensar: Groteske skapnader, magi, drakekampar, hekser og blodige oppgjer. Eit intenst drama med eit direkte og replikksterkt språk som gjer fantasien sprell levande. Og dette er berreførste bok i ein suksessrik serie på fire.
Høver for 5.-10. kl.
Originaltittel: Skammerens datter
ISBN 82-521-6189-8 (ib.) : kr 148.00

GENRE:Fantasy 

0097581

u K

Kaaberbøl, Lene, d., 1960-, 
Skammarteiknet / Lene Kaaberbøl ; frå dansk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, cop. 2003. - 288 s. - (Skammarserien ; 2)

Framhald av: Skammarens dotter
Skammarfamilien har flykta opp i Høglandet, men den hemngjerrige fyrst Drakan og drakehæren hans får meir og meir makt, og ingen stad er trygg for Skammaren og barna hennar. 16-årige Davin og syster hans Dina kjem opp i harde kampar, kvar på sin måte: Davin med sverdet, og Dina med den farlege skammar-evna som ho har arva frå mor si. Dette er andre bok i den intenst spennande Skammar-serien. Bok 3 og 4 kjem våren 2004
Høver for 5.-10. kl ; 30 eks
Originaltittel: Skammertegnet
ISBN 82-521-6190-1 (ib.) : Nkr 148.00

GENRE:Fantasy 

0097582

b L

Lagercrantz, Rose
Modige Karl Gustav / Rose Lagercrantz ; teikningar av Eva Eriksen <i.e. Eriksson> ; omsett av Kari Wærum. - <Nynorsk utg.>. - Oslo : Bokklubbens barn, 1994. - 177 s. : ill.

Originaltittel: Modige Metteborg -även kallad Erik 
Karl Gustav går no i fjerde klasse. Saman med Benni (tidlegare kalla Bing Bång) og Puta har han danna bandet The Monster Mixers. Fjerde klasse tek til med ny lærar, frøken Flod, som innfører nye reglar og vanar, og dette fører med seg visse startvanskar i forholdet mellom henne og Karl Gustav. Dette er ei forteljing med mykje humor og mange morosame episodar. Boka vil både språkleg og innhaldsmessig gje oppleving og identifikasjon for lesarane. Eva Eriksson sine sjarmerande teikningar utfyller forteljinga godt.
4.-6. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2755-8 (ib.) : Nkr 123.00

GENRE: Humor
EMNE: Skulen

  0038210

u L

Levoy, Myron
Alan og Naomi / Myron Levoy ; omsett av Øystein Rosse. - Stabekk : Bokklubbens Barn, 1986. - 153 s.
Originaltittel: Alan and Naomi

Handlinga i denne boka finn stad i New York under siste verdskrig. Alan og Naomi er jødar, begge er 12 år gamle, ho flyktning frå Frankrike. Naomi ser at Gestapo drep far hennar, ho får sjokk og det synest umogeleg å få normal kontakt med henne. Alan, derimot klarar å snakka med henne gjennom buktalardokka Charlie. Men han er ikkje glad. Han er flau over å vera venn med ei jente som er "sprø", og prøver å unngå henne når dei er saman med andre. Alan er ikkje sterk nok for denne oppgåva, så han sviktar i ein avgjerande episode ute blant kameratane. Naomi får tilbakefall. Ei trist bok, som tek opp alvorlege emne, men som også seier ein del om kor viktig det er med nærleik, omtanke, vennskap og tryggleik. Sjølv om boka er sørgjeleg, er ho svært gripande og tankevekkjande.
7.-9. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1440-5 (ib) : Nkr 84.00

EMNE: Jødar:andre verdskrigen / Vennskap

  0010526

u L

Lundgren, Max
Roseli, kjæraste Rosa / Max Lundgren ; omsett av Øystein Rosse. - <Oslo> : Bokklubbens barn, 1993. - 127 s.
Originaltittel: Roseli, älskade Rosa

Boka handlar om Roseli, som er ei fyldig jente, men som synest livet er kjekt å leva likevel. Ho trivst med å vera den ho er. Saman med vennene jobbar ho ivrig med klasseavisa, sparkar fotball og finn på noko nytt kvar dag. Men så kjem Gunnel, klassen sin nye lærar. Ho er utruleg fin og slank, ja ho har ein slik utsjånad som mange jenter berre kan drøyma om. Roseli vert etterkvart eit mobbeoffer for den "Perfekte" Gunnel. Ho vert svært lei seg, men heldigvis vert ho endå meir sint. Ei varm og fin bok om det å vera litt annleis, men samstundes trygg og impulsiv.
5.-7. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2357-9 (ib.) : Nkr 109.00

EMNE: Mobbing / Skulen

  0024449

u M

Mathisen, Mathis
Ismael / Mathis Mathisen ; omsett av Inger Anthun Bruket ; <illustrasjonar: Alf-Kåre Berg>. - Stabekk : Bokklubbens Barn, 1991. - 101 s. : ill.
Boka finst òg i lydbokutg.

Ismael er 12 år og bur på gata i Kairo. Han har flykta frå den tyranniske Mahmoud, som han måtte arbeide for, og såleis koia han vekk frå familien sin. Saman med to venner streifar han rundt og tiggar mat for å overleva. Det einaste han eig er ein transistorradio og ein plass for seg sjølv på eit tak. Likevel har han ein draum om å sjå familien att og eit anna liv. Trass i dette alvorlege temaet, er boka likevel optimistisk. Forfattaren gir eit truverdig bilete av det å vera gatebarn og skildringa av storbyen Kairo er veldig levande. Boka er illustrert med teikningar og skrifta er stor og tydeleg.
5.-8. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2228-9 (ib.) : Nkr 84.00

EMNE: Egypt / Gatebarn

  0007153

u M

Mathisen, Mathis
Ismael <lydopptak> / Mathis Mathisen. - Melhus : Lydbokforl., cop. 1989. - 2 kassettar (ca 120 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av Iselin Alme
1. trykte utg.: Aschehoug, 1988
ISBN 82-421-0037-3 : Nkr 150.00

EMNE: Egypt: historie / Gatebarn

  0005464

u O

Osland, Erna
Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen / Erna Osland ; illustrert av Arne Roar Lund. - Oslo : Samlaget, 1988. - 92 s. : ill.

Fritjov er ein vanleg gut i sjette klasse. Faren er trailersjåfør og berre heime i helgane. Fritjov trivst ikkje noko særleg på skulen, endå meir kjedeleg  vert det når han og dei andre gutane får brev med seg heim fordi dei har kikka på jentene i dusjen. Men Fritjov får beskjed om at han må gå på skule. Alle må det. "Det er visse ting du må læra", seier faren. "Etterpå kan du gjera som du vil." Fritjov bestemmer seg for å verta fort ferdig med "heile skiten", men det er lettare sagt enn gjort. Problema er mange, det største er mangelen på lærebøker. Dessutan grip Turi, jenta med den ovale navlen, også forstyrrande inn i planane hans.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3276-7 (ib.) : Nkr 136.00

EMNE: Lesing / Skulen

  0000095

u O

Osland, Erna
Noas løve / Erna Osland. - Oslo : Samlaget, 1989. - 89 s.

Valina er annleis og vert mobba av klassevenninnene, særleg Annebritt. Valina bur hos ei varm og fin bestemor, men er elles mykje åleine. Far er alltid fråverande og berre kjend som ein postkortskrivande løvetemjar. Mora er alltid borte ho òg, ho sel hårvekstmiddel. Jenta har ein sterk fantasi og ved hjelp av løvene skjer det uvanlege ting med og ikring Valina. Ho bearbeidar det vanskelege i fantasien og det ho opplever i tankane gjer henne modigare. Her er ein del absurd humor og merkelege hendingar. Sjølv om det er litt komplisert å fylgja Valina, er det moro òg. Språket er godt, men komposisjonen kan vera ei utfordring for lesaren.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3462-9 (ib.) : Nkr 138.00

GENRE: Fantastisk

  0002941

u O

Osland, Erna
Salamanderryttaren / Erna Osland. - Oslo : Samlaget, 1999. - 145 s.

Erle, også kalla Bror Min, stel i butikkane. Stele frå dei rike og gje til dei fattige, er hennar moral, og dette er eit bidrag for å gjere noko med uretten i verda. Søren, veslebroren på 12 år, er til å stole på. Han ser kva som skjer, tenkjer på konsekvensane, men kan ikkje stoppe henne med ord. Ikkje kjenner han grunnen til at ho gjer dette heller, ikkje før han skadar handa hennar og vert dregen med inn i problema, både dei grunnleggande moralske og dei praktiske. Foreldra er der og anar at noko er gale, men Bror Min spelar sitt spill og forvirrar dei. Søren vert sjuk av presset frå eige samvit og redsla for fengsel for systera, og i draumen kjem salamanderen, vegvisaren og redninga. Søren tar på seg skulda då alt vert oppdaga, men foreldra kjenner barna sine og hjelper til med å rydde opp. Boka tek på ein overbevisande måte opp tilhøve mellom barn og vaksne; det å vere avhengig, ansvar, skyld og søskenkjærleik, ulandsproblematikk og utnytting. I tillegg har bipersonar i forteljinga sitt eige liv og sine problem, og heile tida maktar forfattaren å halda trådane samla. Dette er ei spesiell og krevjande bok med stort alvor. Språket er godt, prega av ei knapp uttrykksform og korte setningar som gjer boka lett å lese.
5-7 kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-521-5421-2 (ib)

Emne: Høyanger/Sogn og Fjordane, Sysken

  0087700

b P

Page, Martin
Det store Kappløpet / Michael Page ; Robert Ingpen ; omsett av Øystein Rosse. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1987. - 55 s. : ill. kol.
Originaltittel: The great bullocky race

Ei biletbok frå Australia der handlinga er lagt til eit jordbruksmiljø for om lag 100 år sidan. To oksedrivarar med kvar sitt oksespann konkurrerer med kvarandre. Dei skal føra ull frå farmane inni landet til ein hamneby. Den som kjem fyrst fram får selt ulla. Oksedrivarane er store skrytepavar, men heldigvis har dei meir fornuftige ungar, som vert venner og sola ordnar opp i vanskelege situasjonar.
3.-5.kl. ; 20 eks.; Nynorsk
ISBN 82-525-1462-6 (ib.) : Nkr 79.00

EMNE: Australia

  0002120

u305.2309481 P

Pettersen, John Roald, n., 1956-, 
Kattepinn og sørphøne : barn i vest for hundre år sidan / John Roald Pettersen ; teikningar: Elbjørg Haugen. - Førde : Selja, 2005. - 120 s. : ill

Korleis var det å vere barn då oldeforeldra og tippoldeforeldra våre voks opp? I denne boka får ein vite om leikane, skulen, korleis folk budde i gamle dagar og mykje meir. Boka er både ein fagbok med gamle bilete og in forteljingsbok om vesle Anne som var barn i 1900. Boka tek for seg barndom på Vestlandet for 100 år sidan. Nokre av stoffet er henta frå Bremanger.
Bibliografi: s. 118-119. - Inneheld stoff om barn i Sogn og Fjordane
Høver for 5.-10. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-91722-55-2 (ib.) : Nkr 248.00

EMNE: Barn i Noreg / Barn i Sogn og Fjordane / Bremanger / Sogn og Fjordane 

0110868

u R

Roberts, Emlyn
Innesperra / Emlyn Roberts ; omsett av Øystein Rosse ; <illustrasjonar: Alf-Magne Andreassen>. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1989. - 110 s. : ill.
Originaltittel: A shiver of fear

Ei bok om rasisme, gatekampar mellom Skinheads og farga i London. Pakistanar-guten, Zaffar, vert teken til fange av vaktmeisteren på skulen der han går. Der oppdagar han at enkelte personar på skulen er innblanda i gatekampane, fordi det vert produsert brannbomber i kjellaren på skulen. Klassekameratane leitar etter han og løyser mysteriet. Boka handlar om samhald og solidaritet, men også om desperasjon, vald og framandhat, om dei som piskar opp stemninga i oss mot dei svakaste i samfunnet. 
7.-10. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1554-1 (ib.) : Nkr 79.00

EMNE: Rasisme

  0000764

b S

Salazar, Mario
Amigo / Mario Salazar ; illustrert av Andrzej Ploski ; <nynorsk utgåve ved Inger-Lise Breivik>. - Oslo : Samlaget, 1983. - 32 s. : ill. - (Sirius-bøkene. Sirius barn)

Forteljinga i denne boka er frå Chile og ho er skriven av ein eksilchilenar. Det er ei dramatisk historie om ein mann som har vore med i ein streik og av den grunn vert forfølgd av politiet. Han får hjelp av bror sin til å flykta. Med på turen opp i Andesfjella har dei ein stor namnlaus hund, som gjer seg fortent til namnet "Amigoll" - det spanske ordet for venn.
4.-6. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2336-8 (h.) : Nkr 52.00

EMNE: Chile

  0002084

u S

Sortland, Bjørn
Tu Ducs skatt / Bjørn Sortland. - Oslo : Samlaget, 1997. - 123 s.. - (Julie & Jonas ; 1)
Nynorsk tekst . - frittståande framhald i: Ulvenatt i Berardenga

Jonas og Julie er 12 år og begge er skilsmissebarn. Foreldra er hektisk opptekne av å gjere karriere i vekebladet For Folk Flest. Journalistfaren og fotografmora skal på reportasjetur til Vietnam, og ungane får vere med. Dei inngår ein slags motvillig allianse som etter kvart utviklar seg til eit nært venskap. Av ein norsk Internettkjenning blir dei spurde om å halde auga opne for mystiske hendingar, og dette fører dei på sporet av ein internasjonal kunsttjuvbande med røter i Noreg. På kort tid blir dei vikla inn i særs dramatiske hendingar. Tu Ducs skatt er bok nummer ein i den nye serien Julie & Jonas som skal vere eit nynorsk alternativ innan spennings-/triviallitteratursjangeren for ungar mellom 9-10 og 12-13 år. Boka spelar på sjangeren sine premissar med noko typeteikna og lett karikerte bipersonar, mens hovudpersonane er framstilt meir nyanserte. Rollemønstra er snudd litt på hovudet, ungane representerer fornufta, og boka inneheld ein god del humor som spelar på dette. Historia har ein klar intrige, der ungane står for sjølve oppklaringa. Handlinga har driv og lesaren greier å halde styr på det som skjer. Boka er velskriven i ei enkel moderne, nynorsk språkform.
5-7 kl. 30 eks. nynorsk
ISBN: 82-521-5103-5 (ib)
Genre: Spenning

  0047270

u S

Sortland, Bjørn, n., 1968-, 
Ulvenatt i Berardenga / Bjørn Sortland. - Oslo : Samlaget, 1998. - 141 s. - (Julie & Jonas ; 2)
Framhald i: St. Michaels løyndom. - Frittståande framhald av: Tu Ducs skatt

Gjensynet med skilsmissebarna Jonas og Julie er spennande. For dei er fortsatt hektisk opptekne av å gjere karriere i vekebladet For Folk Flest, og denne gongen får ungdommane vere med på reportasjetur til Italia. Der skal foreldra dekke gebursdagsfeiringa til ein kreftsjuk kjendisson. Jonas og Julie vert invitert saman med sju andre ungdommar, og det som ser ut til berre å vere ein litt uforklarleg beskjed i ei bok, blir brått dødsens alvor når den eine etter den andre av gjestane berre forsvinn.
5.-7. kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-521-5260-0 (ib.) : Nkr 198.00
FØRDEB

GENRE:Spenning 

0048137


u S

Sortland, Bjørn, n., 1968-, 
St. Michaels løyndom / Bjørn Sortland. - Oslo : Samlaget, 1999. - 159 s. - (Julie & Jonas ; 3)
Framhald av: Ulvenatt i Berardenga

Jonas og Julie er på farten igjen. Foreldra er framleis hektisk opptekne av å gjere karriere i eit vekeblad, denne gongen går reportasjeturen til Gibraltar. På Gibraltar treffer dei att gamle kjenningar i skurkebransjen, blir blanda inn i mennskesmugling og hamnar i ei rekke farlege situasjonar. Bok nummer tre er like spennande som dei to første, og den gryande forelskinga mellom Jonas og Julie blir stadig tydelegare og er med på å gje spenninga ein ekstra dimensjon. Serien om Jonas og Julie er svært godt likt av alle klassane som har lese bøkene.
5.-7. kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-521-5453-0) (ib.)) : Nkr 198.00

GENRE:Spenning 

0088754

u S

Sortland, Bjørn, n., 1968-, 
12 ting som må gjerast rett før verda går under : roman / Bjørn Sortland. - Oslo : Aschehoug, 2001. - 151 s.

Therese, 13 år, er på leiting etter meininga med livet og ein kjærast. Ho lagar seg ei liste over 12 ting ho vil gjere før verda går under, og prøver å få Jan som ho er forelska i, med på å gjere dei 12 tinga. Boka er velskriven med eit vart og medrivande språk. Kjensler og uro vert truvedig skildra utan at boka vert banal. Sortland fekk Brageprisen for denne boka i 2001.
Nynorsk tekst
Høver for 5.-7. kl. 30 eks. nynorsk
ISBN 82-03-24426-2 (ib.) : Nkr. 185.00
FØRDEB

0092946

u S

Sund, Torvald
Vettskremt / Torvald Sund ; illustrert av Olav Hagen. - Oslo : Aschehoug, 1990. - 60 s. : ill. - (Lesehesten)
Boka finst òg i lydbokutg.. - Framhald av: Slang. - Framhald i: Skrømt

Hovudpersonane i denne boka, to kameratar i 4.klasse, er opptekne av å vera modigare enn gutane på ungdomsskulen. Dei klatrar opp på ein kjempe høg kornsilo og det har ingen gjort før dei. Men dette vert ei tøff oppleving for gutane, dei er forferdeleg redde, utan å villa innrømma det. Å verta heltar på falske premissar smakar ikkje særleg godt. Olav Hagen sine illustrasjonar i svart/kvitt gir eit godt bilete av stemninga i boka, som er lettlesen og engasjerande.
5.-7. kl. ; 24 eks.
ISBN 82-03-16436-6 (ib.) : Nkr 89.00

EMNE: Kjensler

  0006480

u S

Sund, Torvald
Vettskremt <lydopptak> / Torvald Sund. - Melhus : Lydbokforl., 1992. - 1 lydkassettar (ca 38 min) ; i eske 19 x 14 x 3 cm
Lese av forfattaren
Trykt utgåve: Aschehoug, 1990
Framhald av: Slang. - Framhald i: Skrømt
ISBN 82-421-0240-6 : Nkr 120.00

GENRE: Kjensler                                              

00020743

u T

Tusvik, Marit
Katrine / Marit Tusvik ; illustrert av Ingun Bøhn. - Nynorsk utgåve. Oslo : Samlaget, 1987. 62 s. ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Framhald i: Kvalross i bikini.

Boka handlar om vennskap og forelsking. Katrine er 12 år, ho har ei god bestevenninna og ho er forelska i Tom. Dei er saman og det er ei spennande tid med mørke og lange vinterkveldar. Det å vera i lag med ein gut for aller fyrste gong er ikkje heilt enkelt, fordi ho då ikkje får tid til venninna og andre ting ho har lyst å gjera. Etter ei tid vert det faktisk ganske hemmande på andre aktivitetar, og Katrine skjønar at ho må slå opp med Tom. Katrine er ei jente som også trivst på skulen, med det seier hi ikkje høgt for alle dei andre meiner at skulen er kjedeleg.
6.-8. kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3071-2 (h.) : Nkr 65.00

EMNE: Kjensler / Vennskap

  0002090

u T

Tveit, Norvald
Silje og Sivert / Norvald Tveit. - Oslo : Solum, 1988. - 103 s.
Framhald av: Silje

Det er forfattaren som fortel historia om Silje og Sivert, som bur i Pollvik, ei lita fjordbygd på Vestlandet. Silje er nettopp flytta dit saman med mora og oldefaren, Gamlebasen. Tveit skildrar livet i bygda nokre vår- og sommarmånader. Ei kvardagsleg forteljing om ungane sine aktivitetar ispedd enkelte dramatiske hendingar. Naboen, Ludvik , fyller 60 år den sommaren er både gniten og utriveleg, og han synest nok at ungane har altfor frie taumar. Men dei veit korleis dei skal sjarmera den gamle kallen.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-560-0547-5 (ib.) : Nkr 156.00

GENRE: Bygd
EMNE: Vennskap

  0000099

b T

Tveit, Tore
Min vesle storebror / Tore Tveit ; illustrert av Sissel Gjersum . - Oslo : Aschehoug, 1988. - 61 s. : ill. - (Aschehougs illustrerte barnebøker)

Dette er ei varm og fin forteljing om det å vera veslebroren til ein som er annleis. Veslebroren, som fortel, er 10 år og storebroren er 13 år og mongoloid. Veslebroren er veldig glad i bror sin, men det kan også opplevast problematisk å ha ein slik bror, og det kjem ofte av manglande kunnskap og rare haldningar hos folk flest. Men det kan også kjennast godt å ha ein bror som alltid vil vera liten inni seg og avhengig av andre.
2.-5. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-03-15999-0 (ib.) : Nkr 135.00

EMNE: Psykisk utviklingshemma

  0002061

u V


Vatle, Sylvelin, n., 1957-, 
Tim Brentloffs eventyr / Sylvelin Vatle. - [Oslo] : Cappelen, cop. 2003. - 183 s.

Dette er den forskrekkelege historia om Tim Brentloffs reise til Nivlheim. Om hans møte med mystiske hjelparar og lumske fiendar - og om korleis han kom til å krysse Gjallabrua.
Høver for 6.-8. kl. ; 10 eks.
ISBN 82-02-22482-9 (ib.) : Nkr 199.00

GENRE:Fantasy
EMNE: Norrøn mytologi 

0098308

bl q Z

Zak, Monica
Redd jungelen min / fortalt av Monica Zak ; illustrert av Bengt-Arne Runnerström ; til norsk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, 1988. - 32 s. : kol. ill.
Originaltittel: Rädda min djungel

Denne boka er bygd på ei sann historie om guten Omar som ville redda regnskogen i landet sitt, Mexico. Han bur i Mexico City, ein by med 20 mill. menneske og mykje forureining. Omar forstod at raseringa av regnskogen er eit trugsmål mot livet på jorda og han starta ein protestmarsj saman med far sin. I kampen for å redda jungelen er det viktig å få fleire med seg, slik at dei saman kan kjempa vidare for denne viktige saka.
2.-5. kl. ; 24 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-3204-9 (ib.) : Nkr 108.00

EMNE: Barn i Mexico / Regnskogar

  0002079

u Ø

Örtengren, Lisa
Ulv og eg / Lisa Örtengren ; omsett til nynorsk av Ingvar Moe ; <handskriven tekst: Leif Bakke>. - <Nynorsk utg.>. <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1990. - 119 s. : ill.
Originaltittel: Min illrøda kompis
1. norske utg.: Oslo : Cappelen, 1989

Handlinga i denne boka er lagt til 50-åra. Anna, 11 år, reagerer på tidas ideal om å vera snill, lydig og stille. Så ein dag dukkar Ulv opp, ein eldraud ulv med nyslipte tenner, passeleg snill og veloppdregen, men med humoristiske ytringar og frekke påfunn. Han fortel at han tilhøyrer Anna og alltid har gjort det. Og han er Annas moralske støtte, med snuten hans i ryggen vågar ho å seia kva ho meiner og føler når det er noko som plagar henne eller når dei vaksne er altfor dumme. Ei bok med mykje humor, fantasi og varme. Boka har morosame illustrasjonar, som kler teksten.
5.-7. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2199-1 (ib.) : Nkr 94.00

GENRE: Humor

  00055


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 25.10.06 , av Anja Angelskår Mjelde