Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 5.-7. klasse, bokmål

Her finn ein alle klassesetta på bokmål som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 5.- 7. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøker som er lette å lese er markert med .


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Lett

Abdel-Qadir, Ghazi De talende steinene 7.- 10. kl.
Colfer, Eoin Artemis Fowl 7.- 10. kl.
Dahl, Roald Charlie og sjokoladefabrikken 3.- 6. kl.
Dahl, Roald Matilda 4.- 7. kl.
Dahl, Roald Matilda <lydopptak>
Eliassen, Ruben Phenomena. Bok 1. Profetiens utvalgte 5.- 8. kl.
Hagerup, Klaus Markus og Diana : lyset fra Sirius 6.- 10. kl.
Hauger, Torill Thorstad Den lange reisen. Del 1. Amerika, Amerika! 7.- 10. kl.
Hauger, Torill Thorstad Røvet av vikinger 6.- 10. kl.
Holmås, Stig Tordensønnen  7.- 10. kl.
Holmås, Stig Tordensønnen <lydopptak>
Kirkegaard, Ole Lund Gummi-Tarzan 1.- 6. kl.

Lagercrantz, Rose Karl Gustav og Little Ben 4.- 5. kl.

Lian, Torun Ikke naken 6.- 8. kl.
Lindgren, Astrid Ronja røverdatter  3.- 7. kl.
Lindgren, Astrid Ronja røverdatter <lydopptak>
Lorentzen, Kari Den hvite hesten 7.- 10. kl.
Newth, Philip Roboten er løs! 4.- 7. kl.
Saint-Exupéry, Antoine de Den lille prinsen  5.- 10. kl
Soltvedt, Thor Fotballfrelst! 6.- 9. kl.
Sortland, Bjørn Angkormysteriet  4.- 7. kl.
Stark, Ulf Min venn Percys magiske gymnastikksko 5.- 7. kl.
Svedelid, Olov Betongrosene og damen som forsvant 6.- 10. kl.
Svingen, Arne De tøffeste gutta 5.- 7. kl.
Svingen, Arne Tause skrik 6.- 7. kl.
Tuckermann, Anja Muscha  7.- 10. kl.
Wold, Kjersti Nettopp Jensen og Tometer'n 

 

4.- 6. kl.

ung A

Abdel-Qadir, Ghazi
De talende steinene / Ghazi Abdel-Qadir ; oversatt av Tormod Haugen. - <Oslo> : Cappelen,
1993. - 129 s.
Originaltittel: Die sprechenden Steine
Ordliste: s. 129-<130>

Krigen i midt-Austen, eller meir presist i Palestina er temaet for denne boka - ei bok som gir  oss konflikten sett gjennom 11-åringen Kamal sine auge. Kamal er palestinar og deltek i Intifadaen, dei sivile sitt opprør mot okkupasjonsmakta. Han og familien hans ynskjer at muslimar, jødar og kristne ein gang skal kunna leva fredeleg side om side, men generasjonane sitt nedarva hat lar seg vanskeleg radera ut. Dette er ein dramatisk historie, men òg svært aktuell og lærerik. Det er dette ein dagleg ser på TV - born og unge i opne demonstrasjonar mot tungt væpna soldatar.
7.-10. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-13968-6 (ib.) : Nkr 218.00

EMNE: Barn i Palestina / Krig

 0026843

ung C

Colfer, Eoin, ir., 
Artemis Fowl. Operasjon Arktis / Eoin Colfer ; oversatt av Morten Hansen. - [Oslo] : Damm, 2002. - 298 s.

Framhald av: Artemis Fowl. - Framhald i: Artemis Fowl. Evighetskoden
Andre bok i serien om Artemis Fowl, vidunderbarnet med talent for brotsverk. Nokon har smugla farleg mennesketeknologi inn i alveverda. Kristtornia Kort i alvepolitiet LEP-rekogn er sikker på at det er erkefienden hennar som står bak: 13-årige Artemis Fowl. Men stemmer det? Artemis har sine eigne problem; faren hans er kidnappa av den russiske mafiaen, og det skal eit mirakel til for å redde han. Denne gongen er det kanskje ikkje nok med ein genial plan. Denne gongen treng kanskje Artemis hjelp. Ein kan godt lese denne boka utan å ha lese den første. Bøkene om Artemis Fowl er ei blanding av spenning og fantasy.
Høver for 7.-10. kl. : 20 eks. ; bokmål
Originaltittel: The Arctic incident
ISBN 82-496-0523-3 (ib.) : Nkr 259.00

GENRE:Fantasy / Spenning 

0096318

u D

Dahl, Roald, eng., 1916-1990, 
Charlie og sjokoladefabrikken / Roald Dahl ; til norsk ved Oddmund Ljone ; illustrert av Faith Jaques. - 3. utg.. - Oslo : Gyldendal, 1991. - 123 s. : ill.

Framhald i: Charlie og den store glassheisen. - Nokre utg. i stort format. - Originaltittel: Charlie and the Chocolate Factory
1. norske utgåve 1972
Høver for 3.-6. kl
ISBN 82-05-17266-8). - 82-05-17923-9). - 82-05-18451-8). - 82-05-32789-0). - 82-478-0448-4). - 82-525-1370-0). - 82-525-3194-6). - 82-525-4265-4) (ib.)) : Nkr 98.00

0014937

b D

Dahl, Roald, eng., 1916-1990
Matilda / Roald Dahl ; oversatt av Tor Edvin Dahl ; illustrert av Quentin Blake. - 2. utg.. - Oslo : Gyldendal, 1994. - 227 s. : ill.
1.norske utg.: 1989. - Boka finst òg i lydbokutg. - Originaltittel: Matilda

Matilda er eit spesielt barn, men dessverre fødd i ein tåpeleg familie. Mora er hekta på bingo og faren er ein korrupt bilseljar. Sidan foreldra ikkje bryr seg om Matilda, så går ho på biblioteket og les alle klassikarane før ho tek til i 1.klasse. Klasseforstandaren er den unge og søte frøken Honey, og denne læraren vert veldig oppteken av Matilda sine uvanlege evner. På skulen herskar det og ein fæl kvinneleg overlærar, miss Trunchbull. Dette uhyret gjer skuledagen til ein kamp på liv og død både for elevar og lærarar. Men alt endar heldigvis godt. Boka er ei sprelsk, humoristisk og eventyraktig forteljing om dumme vaksne og kloke born.
4.-7.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-22504-4 (ib.) : Nkr 98.00

  0044508

b D

Dahl, Roald, eng., 1916-1990
Matilda <lydopptak> / Roald Dahl ; oversatt av Tor Edvin Dahl . - Melhus : Lydbokforl., 1997. - 4 lydkassettar (5t, 28 min) : i eske 19 x 14 x 3 cm. - 
Lese av Terje Strømdahl. - Trykt utg. 1989 
ISBN 82-421-0599-5

0044362

u E

Eliassen, Ruben, n., 
Phenomena. Bok 1. Profetiens utvalgte / Ruben Eliassen. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, cop. 2002. - 220 s. - (10:12)

Framhald i: Phenomena. Bok 2. Parados' øye
Dette er ei fantastisk historie om to alvebarn og eit land fullt av spennande og fantasifulle skapningar. Ein farleg skikkelse ved navn Tarkan har uante krefter og vil gjere alt for at profetien i Phenomena ikkje skal gå i oppfylling. Berre to barn står i vegen for planen hans om å erobre landet Aldra. Det kan altså sjå ut som ei lett oppgåve å kjempe mot to barn. Men Tarkan har aldri vore barn og veit ikkje kva krefter barn kan ha. Ruben Eliassen har klart å skape ei særeigen handling og har gitt personane i boka ei djupn som gjer romanen spesiell og vakker. Dette er ein fantastisk debut og ei bok som appelerer til alle som likar fantastisk litteratur. Boka har eit klart visuellt språk og er full av leseglede.
Høver for 5.-8. kl ; 30 eks
ISBN 82-05-30154-9 (ib.). - 82-05-32338-0) : 99 Nkr

GENRE:Fantasy 

0094251

ung H

Hagerup, Klaus, n., 1946-, 
Markus og Diana : lyset fra Sirius / Klaus Hagerup. - Oslo : Aschehoug, 1994. - 185 s.

Markus Simonsen, 13 år, også kalla Marken, har ikkje store tankar om seg sjølv. Han er redd for alt og har sandfarga hår og tjukke briller. Berre på eit område er han uredd - han skaffar seg autografar frå all verdas kjendisar. Når han gir seg ut for millionær og brevvekslar med Hollywoodstjerna Diana Mortensen, byrjar problema. Marken kunne jo ikkje vite at Diana ville kome til gamlelandet for å møte han. Saman med kameraten, den tøffe, pene og skarpe Sigmund, må Marken gjennom mange prøvingar og hylande morosame episodar.Framhald i: Markus og jentene
6.-10. kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-03-24063-1 - 82-525-2522-9 (ib.) : Nkr 168.00
FØRDEB

GENRE:Humor 

0033336

ung H

Hauger, Torill Thorstad
Den lange reisen. Del 1. Amerika, Amerika! / Torill Thorstad Hauger. - Oslo : Gyldendal, 1987. - 180 s.
Framhald i: Den lange reisen. Del 2. Rødhudenes land
2. utg., 1995

Endre har vakse opp på ein husmannsplass saman med mor, far, sysken og bestefar. Husmannsplassen gir tronge kår og draumen om Amerika veks fram. Det er tida då mange nordmenn dreg over havet for å skapa ei betre tilvære. Endre vil også av stad, bli stor kar og rik, slik at han kan hjelpa dei som sit att heime. Då Lill-Ola, vennen gjennom femten år dreg med familie, bestemmer Endre seg for å reisa. Reisa skal finansierast med storbonden si gullklokke, som Endre stel. Han flyktar frå familien og slitet og kjem fyrst til Christiania. Mykje hender her og på båten før Amerika stig fram or havet. Ein god historisk roman med fine miljøskildringar.
7. - 10. kl. ; 22 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-17445-8 (ib.) : Nkr 194.00. - 82-05-23456-6)

GENRE: Historisk
EMNE: Utvandring : Noreg

  0007038

u H

Hauger, Torill Thorstad, n., 1943-, 
Røvet av vikinger / Torill [Thorstad] Hauger. - Oslo : Gyldendal, 1978. - 177 s. - (Alle vi-bøkene)(Bra bøker)
Framhald i: Flukten fra vikingene
Klassesettet er ei ny utgåve trykt 2003

På 900-talet budde Sunniva og Patric i ein fredeleg del av Irland, like ved eit kloster. Men ein dag stevner eit skremmande, drakeliknande skip inn mot kysten. Vikingane brenn ned klosteret, drep nokon av munkane og røver med seg kostbare skattar. Folk flyktar i blind redsle, men Patric og Sunniva blir teken til fange. Og så går ferda mot landet til vikingane.
6.-10. kl. ; 30 eks. bokmål
ISBN 82-05-11313-0 (ib.) : Nkr 39.00. - 82-05-16340-5). - 82-05-19046-1 (ib.). - 82-05-31609-0 Ønskereprise (ib.). - 82-525-0867-7 (ib.)

GENRE:Historisk
EMNE: Vikingtida 

0008110

ung H

Holmås, Stig
Tordensønnen / Stig Holmås. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1992. 167 s. - (Apache-serien ; 1) (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Framhald i: Apache pass
1.utg.: Gyldendal, 1985
Bibliografi: s. 167-<168>

Tordensønnen er ein av to overlevande etter eit blodbad. Den andre er Varsom, jordmora som hjelpte han inn i verda dagen i førevegen. Dette er starten på ei spennande bok, der indianarane er hovudpersonar. Dei vert framstilte som menneske, som det er mogeleg å identifisera seg med. Så dette er ikkje berre ei spenningsbok, men g ei haldningsskapande bok i høve til rasisme. Forfattaren formidlar historisk kunnskap gjennom forteljinga om apasje-indianarane.
7.-10. kl. ; 29 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-126-6 (ib.) : Nkr 210.00

GENRE: Indianar
EMNE: Indianarar i Nord-Amerika / Rasisme

  0020192

ung H

Holmås, Stig
Tordensønnen <lydopptak> / Stig Holmås. - Oslo : Hilt & Hansteen , <1992>. - 3 lydkassettar (195 min) ; i eske 23 x 17 x 4 cm - ( Bibliotekenes lydbøker) Framhald i, Apache pass. - Lese av: Kyrre Haugen Bakke
ISBN 82-7413-211-4

GENRE: Indianar

  0020195

b K

Kirkegaard, Ole Lund, d., 1940-1979, 
Gummi-Tarzan / fortalt og tegnet av Ole Lund Kirkegaard ; oversatt av Sigvor Ljone. - 6. utg. - Oslo : Gyldendal, 2002. - 70 s. : kol. ill.

Originaltittel: Gummi-Tarzan
1. norske utg.: 1978
Ole Lund Kirkegaards univers er fylt av oppfinnsame, leikande og umulege ungar. Og av alle desse er Gummi-Tarzan den mest berømte. Eigentleg heiter han Ivan Olsen. Ivan er ikkje særleg stor og heller ikkje særleg pen. Han har ingen store musklar og kan ikkje jule opp nokon. Derfor får Ivan Olsen ein masse juling sjølv. Nokon gongar får han buksevatn også. Men så ein dag møter Ivan ei vaskeekte heks, og saker og ting tar til å skje.Denne boka bør alle barn og alle vaksne lese.Boka har mykje gode og fargerike illustrasjonar i tillegg til kort tekst med stor skrift.
Høver for 1.-6. kl ; 30 eks ; bokmål
ISBN 82-05-32768-8 (ib.)

GENRE:Humor 

0100890

b L

Lagercrantz, Rose, sv., 1947-, 
Karl Gustav og Little Ben / Rose Lagercrantz ; illustrert av Eva Eriksson ; oversatt av Henning Hagerup. - Oslo : Asch, 2000. - 153 s.

Framhald av: Modige Karl Gustav
Originaltittel: Metteborg och Little Ben
Denne boka føreligg dessverre ikkje på nynorsk slik som Modige Karl Gustav. Men klassesettet om Karl Gustav er så godt likt at vi har kjøpt inn dette likevel. I denne boka går Karl Gustav og vennene hans i femte klasse. Livet er herleg, og kvar dag bringar noko nytt, er livsfilosofien til Karl Gustav. Det skjer tre spesielt morosame hendingar; Karl Gustav får køyre med politiet, han får endeleg ein hundekvelp og han får seg dame. Men Benni har det trist. Mora hans blir sjuk og døyr. Faren hans dukkar heldigvis opp, bur i lag med Benni, men forsvinn av og til i lengre periodar. Dette er ein forteljing med humor, optimismen rår sjølv om kvardagen kan vere både trist og vanskeleg. Boka har stor skrift og kort tekst på kvar side. Boka er full av gode teikningar som kler historia.
Høver for 4.-5. kl. 19 eks. bokmål
ISBN 82-03-24333-9) (ib.)) : Nkr 168.00

GENRE:Humor
EMNE: Skulen 

0090554

u L

Lian, Torun, n., forf., 1956-, 
Ikke naken : en bok om kjærlighet og andre naturkatastrofer / Torun Lian. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 174 s.

1. utg.: 2000 med tittel: Ikke naken ikke kledt
Selma likar ikkje at venninnene hennar er begynt å interessere seg for gutar. Sjølv meinar ho at livet bør vere som det har vore, med vennskapet mellom jentene som det viktigaste. Selma reagerar med uro og sinne på gutane sine pubertale tilnærmingar. Men når Selma treffer den nye hjelpeguten på garden, skjer det ting ho ikke har kontroll over. Rare ting som likevel kjennest fint. Boka er filma i 2004.
Høver for 6.-8. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24643-5 (h.) : Nkr 99.00

GENRE:Forelsking 

0103206

b L

Lindgren, Astrid
Ronja Røverdatter / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; illustrert av Ilon Wikland. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1991. - 226 s. : ill.
Boka finst på film og video. - Boka finst òg i lydbokutg. -Originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske utg: Damm, 1981

Den natta Ronja vert fødd rullar torden over fjella og Mattisborga vert delt i to. Ronja er einaste dotter til røvarhøvdingen Mattis og kona Lovis. Faren gler seg til at Ronja skal verta røvardronning. Han trur at erkefienden Borka ikkje har klart å føra slekta si vidare. Men ein dag møter Ronja Birk, ein ekte Borka-son. Mot fedrane sin vilje flyttar dei to unge ut i skogen og bur i ei bjørnehole heile våren, sommaren og hausten. Der må dei passa seg for skogens skapnader. Dei underjordiske, grådvergane og villvettene vil dei vondt, men dei klarar seg. Men kva vil skje når vinteren kjem og bjørnehola vert for kald? Denne spennande boka er dessverre ikkje omsett til nynorsk. Ho eignar seg difor godt til høgtlesing, men ho gir også stor leseglede for dei som les sjølv.
3.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-525-2250-5 (ib.) : Nkr 94.00

  0011996

b L

Lindgren, Astrid
Ronja røverdatter <lydopptak> / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; musikk av Per Chr. Revholt. - <Oslo> : Damm, <1994>. - 4 lydkassettar ; i eske 23 x 16 x 4 cm - (Damn lyd)

Lese av Kristin Kajander. - Lotte Havnevik, fløyte ; Steinar Larsen, gitar. - originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske trykte utg. 1981
ISBN 82-517-8122-1

  0035363

ung L

Lorentzen, Kari
Den hvite hesten / Karin Lorentzen. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 143 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Framhald i: Zorbas sønn
1. utg.: Aschehoug, 1987
Ordliste: s. <147>

Etter skilsmissa flyttar Silje med faren til familien hans på slektsgarden Ekely. Om somrane bur ho hos mora og den nye familien hennar. Ho aksepterer det todelte tilværet sitt. Silje trivst i hestemiljøet på Ekely og ho sparar til hest. Så kjem hesten hennar, Zorba, til gards, ei stri hoppe som blir ei stor utfordring for Silje. Ho opplever mange harde tak før ho endeleg meistrar hesten. Det sentrale temaet i boka er den spennande skildringa av jenta og hesten. Dette er ei bok om forholdet dyr/menneske.
7.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-133-9 (ib.) : Nkr 185.00

EMNE: Hestar

  0011259

u N

Newth, Philip, eng.-n., 1939-, 
Roboten er løs! / Philip Newth ; illustrert av forfatteren. - Oslo : Tiden, 1982. - 114 s. : ill.

Framhald i: Robot i rommet
Ei sprudlande framtidsforteljing breddfull av humor, fantastiske hendinger og ein heilsprø robot.Vi er langt inne i framtida, med rullande fortau så folk slepp å gå, for å handle varer kan du berre trykke på knapper heime på kjøkkenet. Robotar har teke over det meste av husarbeidet, og det er dei som passar barna og hjelper dei med leksene. Sam er heldig og får nettopp ein slik robot. Berre at roboten hennar er ein gamal og brukt modell som ikkje fungerer heilt som den skal, den er faktisk heilt sprø!
Høver for 4.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-10-02272-5 (ib.) : Nkr 49.00. - 82-525-0939-8)

GENRE:Fantasy 

0030008

u S

Saint-Exupéry, Antoine de, fr., 1900-1944, 
Den lille prinsen / Antoine de Saint-Exupéry, med tegninger av forfatteren ; oversatt av Inger Hagerup. - Oslo : Aschehoug, 2004. - 97 s. : ill. (noen kol)

Originaltittel: Le petit prince
1. norske utgåve i 1962
Den vesle prinsen dukker opp i Sahara kor Saint-Exupéry har nødlanda med flyet sitt. Han fortel om planeten han kjem frå, at han har lagt ut på en reise til andre planetar for å finne
ein ven. Han har gjesta kongen utan undersåttar, den forfengelege mannen, drankaren, forretningsmannen, lyktetennaren og geografen. På Jorden snakka han med blomster,
mennesker og dyr. Til slutt forsvinn den vesle prinsen, og Saint-Exupery forstår betre kva som er viktig og hva som er meiningslaust i livet. Boka er ein høgt elska klassikar med
mykje filosofi som høver for både gamal og ung.. 
- Høver for 5. kl. og oppover ; 30 eks.
ISBN 82-03-24716-4 (ib.)

0105176

ung S

Soltvedt, Thor, n., 1955-, 
Fotballfrelst! / Thor Soltvedt. - Bergen : Eide, cop. 1999. - 169 s.

Ei bok for dei fotballfrelste, lett å lese med mykje dialog og humor. Tobben, 14 år, er forteljar. Tobben spelar på fotballaget Farten i Bergen. Faren hans er trenar. Farten reiser til Norway Cup. Der opplever dei forelsking og mykje forviklingar. Norway Cup-miljøet er humoristisk og truverdig skildra med eit ungdommeleg språk.
6. - 9. kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-514-0581-5) (ib.)

EMNE: Fotball 

0087917

u S

Sortland, Bjørn, n., 1968-, 
Angkormysteriet / Bjørn Sortland ; illustrert av Trond Bredesen. - Oslo : Aschehoug, 2002. - 126 s. : kol. ill. - ( Kunstdetektivene ; 3)

Framhald av: Luxormysteriet. - Framhald i: New York-mysteriet
Familien Bergvik er på ferie i Kambodsja.Straks dei kjem fram begynner mystiske og farlege ting å skje. Først er det nokon som kastar stein med ein trussel hengt på, på bilen deira. Så får dei ein fruktkorv levert på hotellet, full av levande og livsfarlege slangar. Deretter blir pappa forgifta, og mamma sett i fengsel, mistenkt for å ha stole kunstskattar. David,Sissel og vesle Thor må ordne opp. Men det er vanskeleg å vite kven ein kan stole på. Kven er eigentleg mosefjernarane, eller den skumle dama på hotellet med mørke solbriller? For ikkje å snakke om trøndaren utan bart? Dette er tredje boka i serien Kunstdetektivene. Boka er spennande fortalt samtidig som ho er lærerik. Teikningane er både skumle og humoristiske, akkurat som sjølve historia.
Høver for 4.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24434-3 (ib.) : Nkr 198.00

GENRE:Krim
EMNE: Kambodsja 

0095968

u S

Stark, Ulf
Min venn Percys magiske gymnastikksko / Ulf Stark ; illustrert av Olof Landström ; oversatt av Ulf Rogde. - <Oslo> : Gyldendal : Bokklubbens barn, 1992. - 97 s. : ill
Originaltittel: Min vän Percys magiska gymnastikskor

Percy er ny i klassen til Ulf. Han liknar ikkje på nokon av kameratane. Percy er flink til å slåst, kjempeflink til å boksa og å spytta. Han gjer dei ulovlege tinga og klarar dei farlege tinga. Han kan springa framfor bilar og balansera på bom utan å falla ned. Ulf derimot er varsam og redd. Den store løyndomen med kunstane ligg i skorne til Percy, eit par fullstendig utgåtte og illeluktande gymsko. Ulf ynskjer å kjøpa skorne med den magiske krafta, slik at han kan verta stor og sterk. I muntre episodar møter me Ulf og Percy og dei andre kameratane, alt i ein småfrekk stil. Men forteljinga har ein varm undertone, alt i ein småfrekk stil. Dette er ein historie fritt etter Ulf Stark sin eigen barndom på femtitalet. Boka er illustrert i ein munter strek.
5.-7. kl. ; 25 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-20710-0 (ib.) : Nkr 98.00. - 82-525-2325-0)

GENRE. Humor

  0018904

u S

Svedelid, Olov
Betongrosene og damen som forsvant / Olov Svedelid ; oversatt av Johan Fredrik Grøgaard. - Oslo : Hilt & Hansteen, 1991. - 210 s. - (Salto-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutgåve. - Originaltittel: Betong-Rosorna och damen som försvann
1. norske utg.: Tiden, 1986

Tord og vennen hans i klubben "Betongrosene" er igjen fullt engasjerte med å løysa mysterium i nærmiljøet. Ei eldre dame har slutta å vatna blomane sine, postkassa er full og alt er stille i leilegheita hennar. Politiet vert kopla inn, men "Betongrosene" driv etterforsking på eiga hand. Forfattaren er oppteken av mange aktuelle samfunnsproblem og dei kritiske synspunkta hans kjem til uttrykk både på ein direkte og indirekte måte, men det heile er kanskje litt overflatisk behandla. Boka har fått eit friskt, humoristisk språk og handlinga er spennande.
6.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-7413-160-6 (ib.) : Nkr 185.00

GENRE: Spenning

  0011275

u S

Svingen, Arne, n., 1967-, 
De tøffeste gutta / Arne Svingen. - [Oslo] : Gyldendal, 2003. - 191 s. - (10:12)

Modulf blir mobba. Sånn har det alltid vore, og det er eigentleg både greit og riktig. Nokon må jo ta støyten. Og Modulf føler at han er sterk nok. Det er akkurat som om han og mobbarane har ei slags pakt: Ta meg, men la dei andre vere i fred. Dette er med andre ord ei reinspikka martyrhistorie, eller det kunne ha vore det. Men ein dag kjem det ei ny jente i klassen, ei jente som ikkje er som dei andre, ei jente som stiller spørsmål som gjer at både mobbeofferet og dei fæle mobberane mistar balansen.
Høver for 5.-7. kl ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-31281-8 (ib.) : Nkr 199.00. - 82-525-4750-8)

EMNE: Mobbing 

0098307

u S

Svingen, Arne, n., 1967-, 
Tause skrik / Arne Svingen. - 3. utg. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, 2003. - 181 s. - (10:12 Ønskereprise)

1. utg. 2001
Tause skrik er ein skikkeleg grøssar. For kva anna kan ein kalle ei historie om barn som berre forsvinn, utan at nokon skjønner noko som helst, og dei som kunne skjønne noko av det - i det minste prøve å foreta seg noko - dei gjer det ikkje. Og vil kanskje ikkje heller ...
Høver for 6.-7. kl ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-32581-2) (ib.)

GENRE:Skrekk / Skrekk / Spenning 

0099328

ung T

Tuckermann, Anja
Muscha / Anja Tuckermann ; oversatt av Kari Bolstad. - Oslo Cappelen, 1996. - 171 s.
Originaltittel: Muscha

Josef har mørkt krølla hår og er mørkare i huda enn alle andre. Han vert mobba av klassekameratane, dei gir han juling og vender ryggen til han. Og læraren straffar han med spanskrøyr for ting han ikkje har gjort. Josef får heller ikkje vera med i Hitlerjugend som dei andre. Josef forstår ikkje. På skulen seier dei at han tilhøyrer ein annan rase og at han er mindreverdig. Kvifor? Josef spør foreldra sine, men dei seier berre at han ikkje skal bry seg om det andre gjer og seier. Ein dag vert Josef bortført og han veit ikkje kvifor. Forteljinga om Josef startar i 1938 og endar i 1946. Då er nazi-Tyskland overvunne og det er fred igjen. Muscha fortel ei sann historie om korleis det var å leva under Hitler. Historia er levande fortalt, den kan til tider gjera vondt å lesa, men det er ein historie som gjer noko med deg som lesar.
7.-10.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-02-15797-8 (ib.) : Nkr 249.00. - 82-525-3258~6 (ib.) Nkr 155.00

EMNE: Mobbing / Nazisme / Rasisme

  0083414

u W

Wold, Kjersti, n., 
Nettopp Jensen og Tometer'n / Kjersti Wold. - [Oslo] : Cappelen, cop. 2000. - 171 s.

Frittståande framhald i: Nettopp Jensen og nummeret før døden
Nettopp Jensen er berre 133 centimeter på strømpelesten og oppkalla etter ein telefonsamtale, men elles ein ganske vanleg gut. Han er ein lovande fotballspelar, men tør ikkje gå på trening fordi han blir mobba. Foreldra til Nettopp er mykje ute og reiser, og Nettopp er misnøgd med den faste barnevakta si, den aldrande Marit Alm. Når han ved eit samantreff blir kjend med to komma null null meter lange Tometer'n, får Nettopp både personleg fotballtrenar og ny barnevakt. Tometer'n er ein fargerik fyr som blant anna er god på å omsette teikneseriar. Men når Tometer n får problem på kjærleiksfronten og går ned for full teljing, er det Nettopp sin tur til å ordne opp.
Høver for 4.-6. kl
ISBN 82-02-20414-3). - 82-02-22156-0) (ib.)

EMNE: Mobbing 

0090809


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 19.09.06 , av Anja Angelskår Mjelde