Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 1.-4. klasse, nynorsk

Her finn ein alle klassesetta på nynorsk som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 1.- 4. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøker som er lette å lese er markert med .


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Lett

Andrews, Jan For aller siste første gong 1.- 4. kl.
Anrell, Lasse Flisa og Lynet  1.- 4. kl.
Asbjørnsen, Peter Christen Oskeladden og dei gode hjelparane 1.- 5. kl.
Asbjørnsen, Peter Christen Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak>
Belsvik, Rune Dustefjerten og den store vårdagen 1.- 5. kl.
Borg, Inga Bamse Brunbjørn  1.- 4. kl.
Bødker, Cecil Maria frå Nasaret  2.- 5. kl.
Ericson, Stig Ropande Ramn  2.- 5. kl.
Fleischman, Sid Prinsen og pryleguten  4.- 6. kl.
Giil, Berit Hellem Saramoria : og Minus og mamma og Ronny og Solo og Tordis og Michelle og Hilda Hoggtann og Mons og Nusse  1.- 3. kl.
Giil, Berit Hellem Suremaria 1.- 3. kl.
Hansen, Atle Heksa  4.- 7. kl.
Holm, Annika Stå på, Matilda Markstrøm! 2.- 5. kl.
Janosch God dag, vesle gris : forteljinga om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir 1.- 3. kl.
Janosch Tigeren og bjørnen i trafikken : historia om den gongen den vesle tigeren og den vesla bjørnen tok ein tur til byen   1.- 3. kl.
Jusayù, Miguel Angel Ikkje var det ku og ikkje var det hest 1.- 4. kl.
Kolerud, Arnfinn Berre ikkje brøyteplogen kjem-  1.- 4. kl.
Lagercrantz, Rose Modige Karl Gustav 4.- 6. kl.
Moe, Ingvar Dei må ikkje skyta Garm 1.- 4. kl.
Moe, Ingvar Garm blir borte 1.- 4. kl.
Page, Martin Det store Kappløpet   3.- 5. kl.
Parr, Maria Vaffelhjarte 2.- 4. kl.
Peterson, Hans Valdemar som hadde 7 liv : ei trafikkforteljing 1.- 4. kl.
Salazar, Mario Amigo 4.- 6. kl.
Sund, Torvald Trollkatta 1.- 4. kl.
Szabo, Petra Glasblomelandet   2.- 4. kl.
Tveit, Norvald Silje og Sivert 2.- 5. kl.
Tveit, Tore Min vesle storebror 2.- 5. kl.
Velthuijs, Max Frosken og den framande   1.- 4. kl.
Yayla, Lisa Den falske blautkaka : og andre kvardagshistorier 1.- 4. kl.
Zak, Monica Redd jungelen min 2.- 5. kl.  

 



bl A

Andrews, Jan
For aller siste første gong / Jan Andrews <tekst> og Ian Wallace <illustrasjonar> ; til norsk ved Gunvor Hals. - Oslo : Samlaget , 1989. - <32> s. : kol. ill.
Originaltittel: Very last first time

Denne biletboka frå Nord-Canada fortel om inuittsjenta Eva, som så lenge ho kan hugsa har gått saman med mor si og plukka blåskjel under isen. Boka handlar om den dagen ho for fyrste gong skal gå på havbotnen åleine. Det vert ein spennande dag med mange nye naturopplevingar og ein del dramatikk.
Ei fin og fasinerende bok med illustrasjonar som samsvarar godt med det miljøet boka skildrar.
1.- 4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3240-5 (ib) : Nkr 98.00

GENRE: Villmark
EMNE: Eskimoar - Nord-Amerika

  0000520

bl q A

Anrell, Lasse
Flisa og Lynet / tekst: Lasse Anrell ; teikningar: Mati Lepp ; omsett av Tove Bakke. - Stabekk Bokklubbens Barn, 1993. <30> s. : kol. ill.
Originaltittel: Spinkis och Blixten

Ole har byrja på eit skikkeleg fotball-lag og han gler seg til første kampen sin. Men trenaren, Lynet, seier at Ole skal vera innbytar og dermed får han ikkje prøvd seg. I tillegg får han klengjenamnet Flisa fordi han er så liten og tynn. Og det kjennest ikkje særleg greitt, men Ole vil visa at han kan. Boka er humoristisk og sparkar litt til bråkjekke trenarar som er inkonsekvente i høve til det dei forlangar av ungane og det dei står for sjølve. Dette er ei morosam og engasjerande bok om ungar som driv idrett. Både gutar og jenter vil kjenna seg att i dei treffsikre teikningane og miljøet i laget.
1.-4. kl ; 30 eks.
ISBN 82-525-2370-6 (ib.) : Nkr 109.00

EMNE: Fotball

  0022981

 

b398.209481 A

Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane / <etter Asbjørnsen og Moe ; til nynorsk ved Gudny Dalflyen ; illustrasjonar: Hans Gerhard Sørensen>. - Oslo : Samlaget, 1981. - 31 s. : ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutg.

Eventyret om kongen som ville ha eit skip som gjekk like fort både på sjø og land. Den som kunne byggja det, skulle få kongsdottera og halve riket.
1.-5.kl. ; 19 eks.
ISBN 82-521-1948-4 (h.) : Nkr 52.00

EMNE: Eventyr : Noreg

  0002082

b398.209481 A

Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak> / Asbjørnsen & Moe ; <musikk: Frode Fjellheim>. - Melhus : Lydbokforlaget, 1992. 2 kassettar (83 min) ; i eske 18 x 13 x 3 cm - (Lesetrening)
Lese av Hallvard Lydvo og Solveig Dahl. - 2 innlesningar av same eventyr. Kassett 1 har normal lesefart og kassett 2 har låg lesefart. - Berekna til bruk saman med lettlesutgåva av eventyret, utgitt i serien Sirius Barn, Samlaget, 1981
ISBN 82-421-0194-9 : Nkr 229.00

EMNE: Eventyr : Noreg

  0024066

b B

Belsvik, Rune, n., 1956-
Dustefjerten og den store vårdagen / av Rune Belsvik ; illustrert av Lisbeth Narud. - <Oslo> : Cappelen, 1996. - 98 s: ill.
Framhald av: Dustefjerten og den store marsipanfesten

Dette er femte boka om Dustefjerten og vennene hans. Vinteren er kald og lang, og våren let venta på seg - noko som slit på alle vennene som bur attmed bekken. Oktava drøymer om ein kjærast, så forelskar ho seg i ein heilt annan enn ho hadde tenkt. Dustefjerten er deprimert, han lengtar slik etter å kasta ploppesteinar i bekken, og andungen er full av merkelege tankar. Berghøna blir ein god hjelpar for Oktava og andungen utan eigentleg å gjera noko som helst. Så plutseleg ein dag er våren der, og dei samlast i Kavringreven sitt bakeri for å eta vårkringle og høyra Kavringreven lesa vårdiktet sitt, men han får det ikkje til - då er det godt andungen kan hjelpa. Språkleg er også denne boka lett å lesa med gode skrifttypar. Kapitla er korte, og dei blir innleidde av overskrifter skrivne på rim. Forteljinga har ein underfundig og lun humor som treff ulike målgrupper på fleire plan. Dei menneskelege karaktertrekka er treffande. Denne boka er illustrert med tusjteikningar som gir figurane liv og høver til teksten.
1.-5.kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-02-15849-4 (ib.) : Nkr 189.00

  0041805

bl q B

Borg, Inga
Bamse Brunbjørn / Av Inga Borg ; omsett av Torjan Hatteland. <Stabekk> : Bokklubbens Barn, <1986>. - <32> s. : kol. ill.
Originaltittel: Bamse Brunbjørn

Denne boka kom ut allereie i 1961, men ho er like populær i dag. Gjennom levande illustrasjonar og tekst vert me kjende med bjørnens liv, instinkt og vanar på ein underhaldande måte. Skildringa av bjørnemora med ungane Bamsen og Binna er levande fortald, me følgjer bjørnane gjennom nokre år og er med på ungane si famlande lausriving frå mora.
1.-4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1420-0 (ib.) : Nkr 94.00

GENRE: Villmark
Emne: Bjørnar

  0002171

bl tv220.9505 B

Bødker, Cecil
Maria frå Nasaret / Cecil Bødker og Bengt-Arne Runnerström ; til norsk ved Lars Amund Vaage. - Oslo : Samlaget, 1990. - <56> s.: kol. ill.

Det er den gamle og evig nye juleforteljinga Cecil Bødker skriv om her, og vinkla på ein annan måte enn ein er vane med. Forfattaren fortel om det som hende sett med Marias auge. Daglegliv og menneskelege reaksjonar på bodskapen omkring Jesu fødsel er skildra på ein ekte og nær måte. Teiknaren har sett seg godt inn i korleis alt såg ut i Jødeland på den tida, så biletboka gir både oppleving og kunnskap.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3580-3 (ib.) : Nkr 138.00

Emne: Bibelforteljingar

  0006748

b E

Ericson, Stig
Ropande Ramn / Stig Ericson, Tord Nygren ; omsett til nynorsk av Inger Anthun Bruket. - Stabekk : Bokklubbens Barn, 1991. - <30> s.: kol.ill.

Dette er ei illustrert barnebok med ein del tekst om indianarguten, Ropande Ramn. Han veks opp i Svarte Ørns leir, han lærer å tyda naturens teikn, å lytta til dei gamle sine songar og segner og å passa seg for dei kvite sine kuler. Ropande Ramn hadde sett kvite menneske og han var redd dei utan å kunna innrømma det. Møtet med dei kvite vert annleis enn han trudde, for dei kan også smila og vera vennlege. Ei svært fin bok utan stor dramatikk, som ein kjenner frå tradisjonelle indianarbøker.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-2223-8 (ib.) : Nkr 125.00

GENRE: Indianar

  0008672

u F

Fleischman, Sid
Prinsen og pryleguten / Sid Fleischman ; illustrert av Peter Sis ; til norsk ved Ingvar Moe. - Oslo : Samlaget, 1988. - 93 s. : ill.
Originaltittel: The whipping boy

Denne forteljinga tek oss med til England i gamle dagar, til den tid hoffet heldt seg med ein særskild prylegut som fekk juling kvar gong prinsen var uskikkeleg. Pryleguten er son av ein rottefangar, og på slottet lærer han å lesa og skriva, noko Prins Ramp har lite til overs for. Han kjedar seg og er mest oppteken av at pryleguten skal få juling. Prinsen er lei av livet på slottet og han vil rømma, til det treng han hjelp av pryleguten. Dette er ei spennande, morosam og gripande bok om korleis forholdet mellom desse to gutane utviklar seg.
4. - 6.kl. ; 28 eks.
ISBN 82-521-3163-8 (ib.) : Nkr 113.00

GENRE: Spenning / Historisk

  0002126

b G

Giil, Berit Hellem, n., 
Saramoria : og Minus og mamma og Ronny og Solo og Tordis og Michelle og Hilda Hoggtann og Mons og Nusse / Berit Hellem Giil. - Bergen : Eide, 1997. - 114 s. : ill.

Framhald i: Suremaria
Sara Marie, betre kjend som Saramoria, er 7 år og går på skulen. Bestevennen hennar heiter Minus. Ho bor sammen med mamma i ei bygd. Far hennar er rockemusikar og
industriarbeider, er skalla og har ring i nasa. Saramoria er veldig glad i han. Det som er forskjellen mellom Saramoria og Minus, er at Minus ikkje har nokon far, for det har mor hans sagt. Kan Ronny, far til Saramoria, vere pappa for Minus óg?
Høver for 1.-3. kl
ISBN 82-514-0528-9 (ib.) : Nkr 183.00

EMNE: Høyanger / Sogn og Fjordane 

0045326

b G

Giil, Berit Hellem, n., 
Suremaria / Berit Hellem Giil ; illustrert av Bård Valberg. - Bergen : Eide, cop. 2000. - 125 s. : ill.

Framhald av: Saramoria. - Framhald i: Storemaria
Andre bok om Saramoria, eller Sara Marie som ho eigentleg heiter. Ho bur saman med mamma, har ein pappa som er rockemusikar og ein bestekamerat som heiter Minus. Mamma og pappa er ikkje i lag lenger; no er pappa kjærast med mammaen til Minus. Ein dag når Saramoria kjem heim etter overnattingsbesøk hos Minus, står det ein framand tannbørste på badet. Saramoria må forhalde seg til ein ny pappa som ho
ikkje vil ha
Høver for 1.-3. kl
ISBN 82-514-0607-2) (ib.)

EMNE: Høyanger / Sogn og Fjordane

0090807

u H

Hansen, Atle, n., 
Heksa / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2001. - 85 s. - (Sirius. Blå)

Konrad, ti år, er ny i bygda. Kvar dag, på veg til skulen, går han forbi huset der Heksa bur. Heksa er ei eldre dame som det går mange rykte om. Dei seier at ho tok livet av sonen sin og gravla han i myra. Foreldra til Konrad trur ikkje på rykta. Ein dag blir Konrad fanga av Heksa. Det er skummelt, men vi skjønar etterkvart at ho berre er senil og trur at Konrad er den sonen som ho mista. Alt går bra til slutt. Boka er spanande og lett å lese.
Høver for 4.-7. kl. 30 eks. nynorsk. - Lettlest
ISBN 82-521-5863-3 (ib.)
Førdeb

GENRE:Skrekk 

0092378

b H

Holm, Annika
Stå på, Matilda Markstrøm! / Annika Holm ; illustrert av Stina Eidem ; omsett av Kari Wærum. - <Oslo> : Bokklubbens barn, 1994. - 162 s. : ill.
Biblioteket har òg bokmålsutgåve. - Originaltittel: Mod, Matilda Markstrøm!

Matilda er redd for gutane i klassen. Så redd at ho går omvegar og av og til kjem ho for seint til timane. Ho er redd i friminutta òg, for dei vaksne som skal passa på, legg ikkje merke til noko unormalt. Men Matilda er ikkje åleine om å vera redd. Det er berre fem jenter i klassen og alle er prisgjevne den bråkete og ville gutegjengen. Frøken verken forstår eller ser korleis jentene har det, og ikkje torer dei å seia ifrå heller, for det er å sladra. Men så får dei vikaren Susanne, og ho både ser og forstår. Tinga er kanskje sett litt på spissen for å få fram bodskapen her. Men boka er bygd opp på ein slik måte at lesaren kjem fort inn i handlinga og blir engasjert. Språket er knapt og godt, og teksten er lett å lesa.
2.-5. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2493-1 (ib.) : Nkr 112.00

EMNE: Mobbing

  0033063

bl J

Janosch
God dag, vesle gris : forteljinga om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir / Janosch. - Oslo . Samlaget, 1988. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Guten Tag, kleines Schweinchen

Ei forteljing om den vesle bjørnen og den vesle tigeren den gongen den frekke vesle grisen braut inn i den trufaste vennskapen dei imellom. Den vesle tigeren let seg lokka og sviktar bjørnen totalt - ja, det går så langt at han flyttar inn hos grisen. Heldigvis endar det bra. Ei verkeleg god og varm bok om vennskap, solidaritet og det å ha omtanke for kvarandre.
1.-3. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-3092-5 (ib.) : Nkr 117.00

EMNE: Vennskap

 0002172

bl J

Janosch
Tigeren og bjørnen i trafikken : historia om den gongen den vesle tigeren og den vesla bjørnen tok ein tur til byen / Janosch ; til torsk ved Halldis Moren Vesaas. - Oslo : Samlaget, 1992. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Tiger und Bär im Strassenverkehr

Den vesle tigeren og den vesle bjørnen er kjende frå bøker og teiknefilmar på TV. I denne boka er dei på bytur. Trafikken er stor og skræmande. Det skrik frå bremsar og dei vert nesten overkøyrde. Så bjørnen tilbyr seg å læra tigeren korleis ein skal te seg i trafikken. Men bjørnen er ikkje særleg klokare enn tigeren, så det blir helst andre som må hjelpa dei til rette. Lesaren får her ei enkel innføring i trafikkreglar. Morosame og underfundige illustrasjonar strekar under den varme tonen, som finst i alle Janosch-bøkene. Språket er poetisk og godt å lesa.
1.-3. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3950-7 (ib.) : Nkr 148.00

EMNE: Trafikkopplæring

  0020423

bl J

Jusayù, Miguel Angel
Ikkje var det ku og ikkje var det hest / tekst: Miguel Angel Jusayù ; teikningar: Monika Doppert ; frå spansk ved Asta Magni Lykkjen. - Oslo : Samlaget, 1987. - 48 s. : kol. ill.
Originaltittel: Ni era vaca ni era caballo

Guajiro indianaren Jusayù fortel frå barndommen sin som gjetargut, og om det første møtet med den kvite verda. Tittelen på boka seier noko om undringa hans første gongen han såg ein lastebil. Boka gir eit spennande og grundig innblikk i kultur og daglegliv i eit fjernt land, eit grenseland mellom Venezuela og Colombia. Ei spennande bok frå ein framand kultur.
1.-4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3019-4 (ib.) : Nkr 142.00

GENRE: Indianar

  0002173

u K

Kolerud, Arnfinn
Berre ikkje brøyteplogen kjem- / Arnfinn Kolerud ; illustrert av Arne Roar Lund. - Oslo : Samlaget, 1996. - 60 s. : ill.

Odd er ute for å selja lodd for fotballgrupppa. Det er langt mellom husa, og han selde året før mykje mindre enn dei andre på laget. Skal han unngå reservebenken må han auka salet. Ute snør det tett, og då refleksen surrar seg fast i lomma, kjem redsla for snøplogen som kan koma kvar augneblink. Då er det godt å få eit lite pusterom i husa langs den mørke vegen der han treffer mange rare folk. Eitt hus gruar Odd seg likevel for å gå inn i. Denne vesle kvardagsforteljinga er lagt noko attende i tid, for loddboka, tikronesetlane og fjuefemøringane er framleis i bruk. Språket flyt lett og ledig med innslag av direkte tale, og teksten er sett med gode teksttypar. Boka er illustrert i gråblå tonar og bileta kler teksten godt, spesielt med tanke på det tette snøvêret Odd slit seg gjennom.
1.-4.kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4871-9 (ib.) : Nkr 147.00

  0042887

b L

Lagercrantz, Rose
Modige Karl Gustav / Rose Lagercrantz ; teikningar av Eva Eriksen <i.e. Eriksson> ; omsett av Kari Wærum. - <Nynorsk utg.>. - Oslo : Bokklubbens barn, 1994. - 177 s. : ill.

Originaltittel: Modige Metteborg -även kallad Erik 
Karl Gustav går no i fjerde klasse. Saman med Benni (tidlegare kalla Bing Bång) og Puta har han danna bandet The Monster Mixers. Fjerde klasse tek til med ny lærar, frøken Flod, som innfører nye reglar og vanar, og dette fører med seg visse startvanskar i forholdet mellom henne og Karl Gustav. Dette er ei forteljing med mykje humor og mange morosame episodar. Boka vil både språkleg og innhaldsmessig gje oppleving og identifikasjon for lesarane. Eva Eriksson sine sjarmerande teikningar utfyller forteljinga godt.
4.-6. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2755-8 (ib.) : Nkr 123.00

GENRE: Humor
EMNE: Skulen

  0038210

b M

Moe, Ingvar, n., 1936-1993, 
Dei må ikkje skyta Garm / Ingvar Moe ; Illustrert av Ingegerd Tveit. - Oslo : Samlaget, 1979. - 67 s. : ill.

Framhald i: Garm blir borte
Bjørn-Erik har fått ein hund til fødselsdagen sin. Men har Garm tatt hønene til Hansen? Kan dei berge livet til Garm? Boka er lettlesen og spanande. Les også neste bok: Garm blir borte
1.-4.kl. 15 eks. nynorsk
ISBN 82-521-0967-5) (ib.)) : Nkr 39.00

EMNE: Hundar 

0023153

b M

Moe, Ingvar
Garm blir borte / Ingvar Moe ; illustrert av Ingegerd Tveit. - Oslo : Samlaget, 1981. - 72 s. : ill.
Framhald av: Dei må ikkje skyta Garm

Ei spennande kvardagsforteljing om Bjørn Erik og hunden hans, Garm. Bjørn Erik er svært glad i hunden sin, og han har det vondt når Garm ein dag vert borte. Kva har hendt? Naboen, Hansen, har ein gong truga med å skyta Garm, så Bjørn Erik stolar ikkje på den sinte naboen. Men han må finna hunden sin, som han trur er innestengd i hytta til naboen. Bjørn Erik er både redd og modig, og han vågar mykje for å finna Garm og verta kjend med Hansen.
1.-4. kl. ; 29 eks.
ISBN 82-521-1868-2 (ib.) : Nkr 117.00

EMNE: Hundar

  0002169

b P

Page, Martin
Det store Kappløpet / Michael Page ; Robert Ingpen ; omsett av Øystein Rosse. - <Stabekk> : Bokklubbens barn, 1987. - 55 s. : ill. kol.
Originaltittel: The great bullocky race

Ei biletbok frå Australia der handlinga er lagt til eit jordbruksmiljø for om lag 100 år sidan. To oksedrivarar med kvar sitt oksespann konkurrerer med kvarandre. Dei skal føra ull frå farmane inni landet til ein hamneby. Den som kjem fyrst fram får selt ulla. Oksedrivarane er store skrytepavar, men heldigvis har dei meir fornuftige ungar, som vert venner og sola ordnar opp i vanskelege situasjonar.
3.-5.kl. ; 20 eks.; Nynorsk
ISBN 82-525-1462-6 (ib.) : Nkr 79.00

EMNE: Australia

  0002120

b P

Parr, Maria, n., 1981-, 
Vaffelhjarte : Lena og eg i Knert-Mathilde / Maria Parr ; illustrert av Bo Gaustad. - Oslo : Samlaget, 2005. - 195 s. : ill.

Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje like sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år, der dei leiker andre verdenskrig, opptrer som gatemusikantar, går på sauesanking og lagar Noas sjark. Men ein dag blir idyllen brått brote. Boka er lett å lese, har korte kapittel, store bokstavar og mykje illustrasjonar. Ho vart nominert til Brageprisen. Ei perle av ei bok.
Høver for 2.-4. klasse ; 30 eks.
ISBN 82-521-6659-8 (ib.) : Nkr 199.00

EMNE: Vennskap 

0110541

b q P

Peterson, Hans
Valdemar som hadde 7 liv : ei trafikkforteljing / tekst: Hans Peterson ; teikningar: Tord Nygren ; <omsatt av Ingebrigt Davik>. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1988. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Valdemar som hade 7 liv

Trafikkopplæring for born er det få bøker om, men denne handlar om Valdemar som vil oppleva noko spennande, og det gjer han i trafikken. Valdemar har tenkt seg til den store skogen, der det bur troll, hekser, drakar og gode feer. På turen møter han verkelege troll i form av bilar, trafikkljos og eksos. Det er ikkje like lett alltid å skilja mellom fantasi og verkeleghet. Boka inneheld fleire sider med faktakunnskap om borns trafikkforståing.
1.-4. kl. ; 19 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-1516-9 (ib) : Nkr 99.00

EMNE: Trafikkopplæring

  0002127

b S

Salazar, Mario
Amigo / Mario Salazar ; illustrert av Andrzej Ploski ; <nynorsk utgåve ved Inger-Lise Breivik>. - Oslo : Samlaget, 1983. - 32 s. : ill. - (Sirius-bøkene. Sirius barn)

Forteljinga i denne boka er frå Chile og ho er skriven av ein eksilchilenar. Det er ei dramatisk historie om ein mann som har vore med i ein streik og av den grunn vert forfølgd av politiet. Han får hjelp av bror sin til å flykta. Med på turen opp i Andesfjella har dei ein stor namnlaus hund, som gjer seg fortent til namnet "Amigoll" - det spanske ordet for venn.
4.-6. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2336-8 (h.) : Nkr 52.00

EMNE: Chile

  0002084

b S

Sund, Torvald
Trollkatta / Torvald Sund ; illustrert av Olav Hagen. - Nynorsk utg. - Oslo : Samlaget, 1993. - 48 s. : ill. - (Sirius barn)

Trollkatta handlar om ein liten gut og katten hans, som på mange måtar er ein svært spesiell katt. I alle høve kjem han ut for mange artige hendingar. Forholdet mellom guten og katten er nært og ekte, ja katten er ein stor personlegdom og venn. Dette er ei morosam forteljing med lett karikerte teikningar i svart/kvitt. 
1.-4. kl. ; 25 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4217-6 (ib.) : Nkr 108.00

GENRE: Humor
EMNE: Kattar

  0027761

bl q S

Szabo, Petra
Glasblomelandet / Petra Szabo ; til norsk ved Johannes Farestveit. - <Larvik> : Norsk Barneblad, 1987. - <28> s. : kol. ill.
Originaltittel: Glasblommornas land

Dette er ein fabel om korleis grunnlaus mistru kan skapa vondt blod og fiendskap. Glasblomefolket lever i gjennomskinlege hus. Dei er opne og ærlege mot kvarandre, og lever eit lukkeleg liv. Heilt til det ein dag dukkar opp ein trollmann. Han sel svartmåling, som han narrar glasblomefolket til å nåla husa sine med. I byte vil han ha glasblomar - symbolet på håpet og fridommen. Samfunnet vert mørkt og lukka, og det må ei modig jente til før trollmannen vert stoppa.
2.-4. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-7095-121-8 (ib.) : Nkr 84.00

GENRE: Eventyr
EMNE: Krig og fred

  0002128

u T

Tveit, Norvald
Silje og Sivert / Norvald Tveit. - Oslo : Solum, 1988. - 103 s.
Framhald av: Silje

Det er forfattaren som fortel historia om Silje og Sivert, som bur i Pollvik, ei lita fjordbygd på Vestlandet. Silje er nettopp flytta dit saman med mora og oldefaren, Gamlebasen. Tveit skildrar livet i bygda nokre vår- og sommarmånader. Ei kvardagsleg forteljing om ungane sine aktivitetar ispedd enkelte dramatiske hendingar. Naboen, Ludvik , fyller 60 år den sommaren er både gniten og utriveleg, og han synest nok at ungane har altfor frie taumar. Men dei veit korleis dei skal sjarmera den gamle kallen.
2.-5.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-560-0547-5 (ib.) : Nkr 156.00

GENRE: Bygd
EMNE: Vennskap

  0000099

b T

Tveit, Tore
Min vesle storebror / Tore Tveit ; illustrert av Sissel Gjersum . - Oslo : Aschehoug, 1988. - 61 s. : ill. - (Aschehougs illustrerte barnebøker)

Dette er ei varm og fin forteljing om det å vera veslebroren til ein som er annleis. Veslebroren, som fortel, er 10 år og storebroren er 13 år og mongoloid. Veslebroren er veldig glad i bror sin, men det kan også opplevast problematisk å ha ein slik bror, og det kjem ofte av manglande kunnskap og rare haldningar hos folk flest. Men det kan også kjennast godt å ha ein bror som alltid vil vera liten inni seg og avhengig av andre.
2.-5. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-03-15999-0 (ib.) : Nkr 135.00

EMNE: Psykisk utviklingshemma

  0002061

bl V

Velthuijs, Max
Frosken og den framande / Max Velthuijs ; til norsk ved Halldis Moren Vesaas. - Oslo : Samlaget, 1994. - <25> s. : kol. ill.
Originaltittel: Frog and the stranger

I denne historia om den grøne frosken, kjem det ein framand og slår seg ned i skogkanten. Grisen og anda likar det ikkje, og fordi det er ei rotte trur dei at den framande både er skiten og ein tjuv. Frosken ønskjer å sjå nærare på karen og det syner seg at rotta beint fram er arbeidsam og hjelpsam. Alle vennene til frosken tek til å lika den framande. Etter ei tid pakkar han likevel saman teltet sitt og dreg vidare og det blir eit tomrom etter han. Temaet er framandfrykt. Dei klare og enkle illustrasjonane kler innhaldet.
1.-4. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4270-2 (ib.) : Nkr 152.00

  0031272

b Y

Yayla, Lisa
Den falske blautkaka : og andre kvardagshistorier / Lisa Yayla ; illustrert av forfattaren. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1990. - 48 s. : ill. - (Sirius barn)

Innhald: Kjelen som sladra ; Klokka som hadde funne si tid Gull verd ; Døra som klaga ; Den falske blautkaka ; Ein fin pappa ; Den rette gåva ; Den fine flaska og den grøne krukka Det vanskelege puslespelet ; Bakepulveret som skapte ein orkan. Ei samling korte forteljingar med dei huslege tinga rundt oss som hovudaktørar - tinga viser menneskelege eigenskapar på godt og vondt. Fablane er både alvorlege og muntre, men med eit moralsk sluttpoeng. Boka er forfriskande original og lettlesen. Dei sjarmerande strekteikningane i teikneseriestil samsvarar godt med teksten.
1.-4. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3614-1 (ib.) : Nkr 98.00

GENRE: Fabel

  0007833

bl q Z

Zak, Monica
Redd jungelen min / fortalt av Monica Zak ; illustrert av Bengt-Arne Runnerström ; til norsk ved Øystein Rosse. - Oslo : Samlaget, 1988. - 32 s. : kol. ill.
Originaltittel: Rädda min djungel

Denne boka er bygd på ei sann historie om guten Omar som ville redda regnskogen i landet sitt, Mexico. Han bur i Mexico City, ein by med 20 mill. menneske og mykje forureining. Omar forstod at raseringa av regnskogen er eit trugsmål mot livet på jorda og han starta ein protestmarsj saman med far sin. I kampen for å redda jungelen er det viktig å få fleire med seg, slik at dei saman kan kjempa vidare for denne viktige saka.
2.-5. kl. ; 24 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-3204-9 (ib.) : Nkr 108.00

EMNE: Barn i Mexico / Regnskogar

  0002079


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 19.09.06 , av Anja Angelskår Mjelde