Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 1.-4. klasse, lett å lese

Her finn ein alle lettleste klassesett som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 1.- 4. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøkene er merka med N for nynorsk eller B for bokmål.


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Andrews, Jan For aller siste første gong 1.- 4. kl. N
Anrell, Lasse Flisa og Lynet  1.- 4. kl. N
Asbjørnsen, Peter Christen Oskeladden og dei gode hjelparane 1.- 5. kl. N
Asbjørnsen, Peter Christen Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak> N
Borg, Inga Bamse Brunbjørn  1.- 4. kl. N
Hansen, Atle Heksa  4.- 7. kl. N
Janosch God dag, vesle gris : forteljinga om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir 1.- 3. kl. N
Janosch Tigeren og bjørnen i trafikken : historia om den gongen den vesle tigeren og den vesla bjørnen tok ein tur til byen   1.- 3. kl. N
Jensen, Jørn Kasper på skulelaget 1.- 4. kl. N
Kirkegaard, Ole Lund Gummi-Tarzan 1.- 6. kl. B
Kjelsen, Reidar Gammel dame er vond å vende   1.- 4. kl. B
Lagercrantz, Rose Modige Karl Gustav 4.- 6. kl. N
Lagercrantz, Rose Karl Gustav og Little Ben 4.- 5. kl. B
Lindgren, Astrid Ronja Røverdatter   3.- 7. kl. B
Lindgren, Astrid Ronja røverdatter <lydopptak> B
Moe, Ingvar Dei må ikkje skyta Garm 1.- 4. kl. N
Moe, Ingvar Garm blir borte 1.- 4. kl. N
Nöstlinger, Christine Frans og kjærligheten  B
Salazar, Mario Amigo 4.- 6. kl. N
Sund, Torvald Trollkatta 1.- 4. kl. N
Velthuijs, Max Frosken og den framande   1.- 4. kl. N
Yayla, Lisa Den falske blautkaka : og andre kvardagshistorier

 

1.- 4. kl. N


bl A

Andrews, Jan
For aller siste første gong / Jan Andrews <tekst> og Ian Wallace <illustrasjonar> ; til norsk ved Gunvor Hals. - Oslo : Samlaget , 1989. - <32> s. : kol. ill.
Originaltittel: Very last first time

Denne biletboka frå Nord-Canada fortel om inuittsjenta Eva, som så lenge ho kan hugsa har gått saman med mor si og plukka blåskjel under isen. Boka handlar om den dagen ho for fyrste gong skal gå på havbotnen åleine. Det vert ein spennande dag med mange nye naturopplevingar og ein del dramatikk.
Ei fin og fasinerende bok med illustrasjonar som samsvarar godt med det miljøet boka skildrar.
1.- 4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3240-5 (ib) : Nkr 98.00

GENRE: Villmark
EMNE: Eskimoar - Nord-Amerika

  0000520

bl q A

Anrell, Lasse
Flisa og Lynet / tekst: Lasse Anrell ; teikningar: Mati Lepp ; omsett av Tove Bakke. - Stabekk Bokklubbens Barn, 1993. <30> s. : kol. ill.
Originaltittel: Spinkis och Blixten

Ole har byrja på eit skikkeleg fotball-lag og han gler seg til første kampen sin. Men trenaren, Lynet, seier at Ole skal vera innbytar og dermed får han ikkje prøvd seg. I tillegg får han klengjenamnet Flisa fordi han er så liten og tynn. Og det kjennest ikkje særleg greitt, men Ole vil visa at han kan. Boka er humoristisk og sparkar litt til bråkjekke trenarar som er inkonsekvente i høve til det dei forlangar av ungane og det dei står for sjølve. Dette er ei morosam og engasjerande bok om ungar som driv idrett. Både gutar og jenter vil kjenna seg att i dei treffsikre teikningane og miljøet i laget.
1.-4. kl ; 30 eks.
ISBN 82-525-2370-6 (ib.) : Nkr 109.00

EMNE: Fotball

  0022981

 

b398.209481 A

Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane / <etter Asbjørnsen og Moe ; til nynorsk ved Gudny Dalflyen ; illustrasjonar: Hans Gerhard Sørensen>. - Oslo : Samlaget, 1981. - 31 s. : ill. - (Sirius barn) (Sirius-bøkene)
Boka finst òg i lydbokutg.

Eventyret om kongen som ville ha eit skip som gjekk like fort både på sjø og land. Den som kunne byggja det, skulle få kongsdottera og halve riket.
1.-5.kl. ; 19 eks.
ISBN 82-521-1948-4 (h.) : Nkr 52.00

EMNE: Eventyr : Noreg

  0002082

b398.209481 A

Asbjørnsen, Peter Christen
Oskeladden og dei gode hjelparane <lydopptak> / Asbjørnsen & Moe ; <musikk: Frode Fjellheim>. - Melhus : Lydbokforlaget, 1992. 2 kassettar (83 min) ; i eske 18 x 13 x 3 cm - (Lesetrening)
Lese av Hallvard Lydvo og Solveig Dahl. - 2 innlesningar av same eventyr. Kassett 1 har normal lesefart og kassett 2 har låg lesefart. - Berekna til bruk saman med lettlesutgåva av eventyret, utgitt i serien Sirius Barn, Samlaget, 1981
ISBN 82-421-0194-9 : Nkr 229.00

EMNE: Eventyr : Noreg

  0024066

 

bl q B

Borg, Inga
Bamse Brunbjørn / Av Inga Borg ; omsett av Torjan Hatteland. <Stabekk> : Bokklubbens Barn, <1986>. - <32> s. : kol. ill.
Originaltittel: Bamse Brunbjørn

Denne boka kom ut allereie i 1961, men ho er like populær i dag. Gjennom levande illustrasjonar og tekst vert me kjende med bjørnens liv, instinkt og vanar på ein underhaldande måte. Skildringa av bjørnemora med ungane Bamsen og Binna er levande fortald, me følgjer bjørnane gjennom nokre år og er med på ungane si famlande lausriving frå mora.
1.-4.kl. ; 25 eks.
ISBN 82-525-1420-0 (ib.) : Nkr 94.00

GENRE: Villmark
Emne: Bjørnar

  0002171

u H

Hansen, Atle, n., 
Heksa / Atle Hansen. - Oslo : Samlaget, 2001. - 85 s. - (Sirius. Blå)

Konrad, ti år, er ny i bygda. Kvar dag, på veg til skulen, går han forbi huset der Heksa bur. Heksa er ei eldre dame som det går mange rykte om. Dei seier at ho tok livet av sonen sin og gravla han i myra. Foreldra til Konrad trur ikkje på rykta. Ein dag blir Konrad fanga av Heksa. Det er skummelt, men vi skjønar etterkvart at ho berre er senil og trur at Konrad er den sonen som ho mista. Alt går bra til slutt. Boka er spanande og lett å lese.
Høver for 4.-7. kl. 30 eks. nynorsk. - Lettlest
ISBN 82-521-5863-3 (ib.)
Førdeb

GENRE:Skrekk 

0092378

bl J

Janosch
God dag, vesle gris : forteljinga om den gongen den vesle tigeren ikkje kom heim att meir / Janosch. - Oslo . Samlaget, 1988. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Guten Tag, kleines Schweinchen

Ei forteljing om den vesle bjørnen og den vesle tigeren den gongen den frekke vesle grisen braut inn i den trufaste vennskapen dei imellom. Den vesle tigeren let seg lokka og sviktar bjørnen totalt - ja, det går så langt at han flyttar inn hos grisen. Heldigvis endar det bra. Ei verkeleg god og varm bok om vennskap, solidaritet og det å ha omtanke for kvarandre.
1.-3. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-3092-5 (ib.) : Nkr 117.00

EMNE: Vennskap

 0002172

bl J

Janosch
Tigeren og bjørnen i trafikken : historia om den gongen den vesle tigeren og den vesla bjørnen tok ein tur til byen / Janosch ; til torsk ved Halldis Moren Vesaas. - Oslo : Samlaget, 1992. - 47 s. : kol. ill.
Originaltittel: Tiger und Bär im Strassenverkehr

Den vesle tigeren og den vesle bjørnen er kjende frå bøker og teiknefilmar på TV. I denne boka er dei på bytur. Trafikken er stor og skræmande. Det skrik frå bremsar og dei vert nesten overkøyrde. Så bjørnen tilbyr seg å læra tigeren korleis ein skal te seg i trafikken. Men bjørnen er ikkje særleg klokare enn tigeren, så det blir helst andre som må hjelpa dei til rette. Lesaren får her ei enkel innføring i trafikkreglar. Morosame og underfundige illustrasjonar strekar under den varme tonen, som finst i alle Janosch-bøkene. Språket er poetisk og godt å lesa.
1.-3. kl. ; 30 eks.
ISBN 82-521-3950-7 (ib.) : Nkr 148.00

EMNE: Trafikkopplæring

  0020423

b J

Jensen, Jørn, d., 
Kasper på skulelaget / Jørn Jensen ; illustrasjonar av Jon Ranheimsæter ; omsett av Øystein Rosse. - Nynorsk [utg.]. -  [Oslo] : Damm, 2002. - 33 s. : kol. ill. - (Fotballøve)

Framhald av: Kasper på fotballeir. - Framhald i: Kasper på innebanen
Nymo skule sitt gutelag har berre to kampar igjen før dei kan vere byens beste skulelag. Kasper og Kim er dei einaste som spelar klubbfotball på fritida. Dei prøver å få klassekameratane til å tenke strategi og spele meir saman som eit lag. Men ikkje alle er nøgd med at dei to skal bestemme alt. Gnisningane som oppstår skaper visse problemer på vegen mot den store pokalen...Bakerst i boka får vi ein liten "Fakta om fotball"-del, med mest om frispark-reglar denne gongen.
Høver for 1.-4. kl ; 30 eks.. - Lettlest
Originaltittel: Kasper på skolens hold
ISBN 82-496-0490-3 (ib.) : Nkr 84.00

EMNE: Fotball 

0095924

b K

Kirkegaard, Ole Lund, d., 1940-1979, 
Gummi-Tarzan / fortalt og tegnet av Ole Lund Kirkegaard ; oversatt av Sigvor Ljone. - 6. utg. - Oslo : Gyldendal, 2002. - 70 s. : kol. ill.

Originaltittel: Gummi-Tarzan
1. norske utg.: 1978
Ole Lund Kirkegaards univers er fylt av oppfinnsame, leikande og umulege ungar. Og av alle desse er Gummi-Tarzan den mest berømte. Eigentleg heiter han Ivan Olsen. Ivan er ikkje særleg stor og heller ikkje særleg pen. Han har ingen store musklar og kan ikkje jule opp nokon. Derfor får Ivan Olsen ein masse juling sjølv. Nokon gongar får han buksevatn også. Men så ein dag møter Ivan ei vaskeekte heks, og saker og ting tar til å skje.Denne boka bør alle barn og alle vaksne lese.Boka har mykje gode og fargerike illustrasjonar i tillegg til kort tekst med stor skrift.
Høver for 1.-6. kl ; 30 eks ; bokmål
ISBN 82-05-32768-8 (ib.)

GENRE:Humor 

0100890

b K

Kjelsen, Reidar
Gammel dame er vond å vende / Reidar Kjelsen ; illustrasjoner av forfatteren. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, 1999. - 58 s. : kol. ill.. - (Bokormen). - God, leseleg skrift. - Framhald av: Flink bisk, Pus!

I bok nummer ein slukte hunden Roffe eigaren og plageånda si, ei 110 år gamal ufyseleg dame. Men han gløymde å tygge, og den iltre dama romsterar inni han, skapar sure oppstøyt, rabiesliknande framferd og mykje promp og vond lukt. "Fridom er for kattefiller" og Roffe oppsøkjer moglege nye eigarar, men redninga vert søppeldyngetispa Kålfis. Hans fyrste romantiske oppleving ser verkeleg ut til å blomstre då den gamle dama bokstaveleg tala lar seg drite ut. Avliving på dyreklinikk er passeleg straff, meinar ho. Men endå ein gong: Den som ler sist, ler best. Tekst og illustrasjonar i boka utgjer tilsamen ein burlesk galskap som sikkert vil more ein del unge lesarar som har sans for crazyhumor, viltre påfunn og småufyselige teikningar. Språket flyt lett i ei litt leikende form med diverse ordspel. Stort skriftbilde, mange kapittel og bilete gjer den enkle historia lett å lese.
1-4 kl. 30 eks.
ISBN 82-478-0461-1 (ib) : Nkr. 149,00

Emne: Hundar

  0049195

b L

Lagercrantz, Rose
Modige Karl Gustav / Rose Lagercrantz ; teikningar av Eva Eriksen <i.e. Eriksson> ; omsett av Kari Wærum. - <Nynorsk utg.>. - Oslo : Bokklubbens barn, 1994. - 177 s. : ill.

Originaltittel: Modige Metteborg -även kallad Erik 
Karl Gustav går no i fjerde klasse. Saman med Benni (tidlegare kalla Bing Bång) og Puta har han danna bandet The Monster Mixers. Fjerde klasse tek til med ny lærar, frøken Flod, som innfører nye reglar og vanar, og dette fører med seg visse startvanskar i forholdet mellom henne og Karl Gustav. Dette er ei forteljing med mykje humor og mange morosame episodar. Boka vil både språkleg og innhaldsmessig gje oppleving og identifikasjon for lesarane. Eva Eriksson sine sjarmerande teikningar utfyller forteljinga godt.
4.-6. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-525-2755-8 (ib.) : Nkr 123.00

GENRE: Humor
EMNE: Skulen

  0038210

b L

Lagercrantz, Rose, sv., 1947-, 
Karl Gustav og Little Ben / Rose Lagercrantz ; illustrert av Eva Eriksson ; oversatt av Henning Hagerup. - Oslo : Asch, 2000. - 153 s.

Framhald av: Modige Karl Gustav
Originaltittel: Metteborg och Little Ben
Denne boka føreligg dessverre ikkje på nynorsk slik som Modige Karl Gustav. Men klassesettet om Karl Gustav er så godt likt at vi har kjøpt inn dette likevel. I denne boka går Karl Gustav og vennene hans i femte klasse. Livet er herleg, og kvar dag bringar noko nytt, er livsfilosofien til Karl Gustav. Det skjer tre spesielt morosame hendingar; Karl Gustav får køyre med politiet, han får endeleg ein hundekvelp og han får seg dame. Men Benni har det trist. Mora hans blir sjuk og døyr. Faren hans dukkar heldigvis opp, bur i lag med Benni, men forsvinn av og til i lengre periodar. Dette er ein forteljing med humor, optimismen rår sjølv om kvardagen kan vere både trist og vanskeleg. Boka har stor skrift og kort tekst på kvar side. Boka er full av gode teikningar som kler historia.
Høver for 4.-5. kl. 19 eks. bokmål
ISBN 82-03-24333-9) (ib.)) : Nkr 168.00

GENRE:Humor
EMNE: Skulen 

0090554

b L

Lindgren, Astrid
Ronja Røverdatter / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; illustrert av Ilon Wikland. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1991. - 226 s. : ill.
Boka finst på film og video. - Boka finst òg i lydbokutg. -Originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske utg: Damm, 1981

Den natta Ronja vert fødd rullar torden over fjella og Mattisborga vert delt i to. Ronja er einaste dotter til røvarhøvdingen Mattis og kona Lovis. Faren gler seg til at Ronja skal verta røvardronning. Han trur at erkefienden Borka ikkje har klart å føra slekta si vidare. Men ein dag møter Ronja Birk, ein ekte Borka-son. Mot fedrane sin vilje flyttar dei to unge ut i skogen og bur i ei bjørnehole heile våren, sommaren og hausten. Der må dei passa seg for skogens skapnader. Dei underjordiske, grådvergane og villvettene vil dei vondt, men dei klarar seg. Men kva vil skje når vinteren kjem og bjørnehola vert for kald? Denne spennande boka er dessverre ikkje omsett til nynorsk. Ho eignar seg difor godt til høgtlesing, men ho gir også stor leseglede for dei som les sjølv.
3.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-525-2250-5 (ib.) : Nkr 94.00

  0011996

b L

Lindgren, Astrid
Ronja røverdatter <lydopptak> / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; musikk av Per Chr. Revholt. - <Oslo> : Damm, <1994>. - 4 lydkassettar ; i eske 23 x 16 x 4 cm - (Damn lyd)

Lese av Kristin Kajander. - Lotte Havnevik, fløyte ; Steinar Larsen, gitar. - originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske trykte utg. 1981
ISBN 82-517-8122-1

  0035363

b M

Moe, Ingvar, n., 1936-1993, 
Dei må ikkje skyta Garm / Ingvar Moe ; Illustrert av Ingegerd Tveit. - Oslo : Samlaget, 1979. - 67 s. : ill.

Framhald i: Garm blir borte
Bjørn-Erik har fått ein hund til fødselsdagen sin. Men har Garm tatt hønene til Hansen? Kan dei berge livet til Garm? Boka er lettlesen og spanande. Les også neste bok: Garm blir borte
1.-4.kl. 15 eks. nynorsk
ISBN 82-521-0967-5) (ib.)) : Nkr 39.00

EMNE: Hundar 

0023153

b M

Moe, Ingvar
Garm blir borte / Ingvar Moe ; illustrert av Ingegerd Tveit. - Oslo : Samlaget, 1981. - 72 s. : ill.
Framhald av: Dei må ikkje skyta Garm

Ei spennande kvardagsforteljing om Bjørn Erik og hunden hans, Garm. Bjørn Erik er svært glad i hunden sin, og han har det vondt når Garm ein dag vert borte. Kva har hendt? Naboen, Hansen, har ein gong truga med å skyta Garm, så Bjørn Erik stolar ikkje på den sinte naboen. Men han må finna hunden sin, som han trur er innestengd i hytta til naboen. Bjørn Erik er både redd og modig, og han vågar mykje for å finna Garm og verta kjend med Hansen.
1.-4. kl. ; 29 eks.
ISBN 82-521-1868-2 (ib.) : Nkr 117.00

EMNE: Hundar

  0002169

b N

Nöstlinger, Christine, øst., 1937-, 
Frans og kjærligheten / Christine Nöstlinger ; tegninger av Erhard Dietl ; oversatt av Olaf Coucheron. - Oslo : Damm, 1992. - 81 s. : ill. - (Leseløve)

Framhald av: Frans blir syk i utide. - Framhald i: Frans og
julen. - Originaltittel: Liebesgeschichten vom Franz
Frans er glad i mange. Han er glad i bror sin, Josef, og vil gjerne hjelpe Josef som har forelska seg. Christine Nöstlinger fortel om kvardagslege situasjonar med humor og innsikt. Boka har stor skrift og ein del illustrasjonar.
Høver for 1.-4. kl. ; 26 eks : bokmål
ISBN 82-517-7815-8 (ib.) : Nkr 96.00

GENRE:Forelsking 

0012834

b S

Salazar, Mario
Amigo / Mario Salazar ; illustrert av Andrzej Ploski ; <nynorsk utgåve ved Inger-Lise Breivik>. - Oslo : Samlaget, 1983. - 32 s. : ill. - (Sirius-bøkene. Sirius barn)

Forteljinga i denne boka er frå Chile og ho er skriven av ein eksilchilenar. Det er ei dramatisk historie om ein mann som har vore med i ein streik og av den grunn vert forfølgd av politiet. Han får hjelp av bror sin til å flykta. Med på turen opp i Andesfjella har dei ein stor namnlaus hund, som gjer seg fortent til namnet "Amigoll" - det spanske ordet for venn.
4.-6. kl. ; 20 eks.
ISBN 82-521-2336-8 (h.) : Nkr 52.00

EMNE: Chile

  0002084

b S

Sund, Torvald
Trollkatta / Torvald Sund ; illustrert av Olav Hagen. - Nynorsk utg. - Oslo : Samlaget, 1993. - 48 s. : ill. - (Sirius barn)

Trollkatta handlar om ein liten gut og katten hans, som på mange måtar er ein svært spesiell katt. I alle høve kjem han ut for mange artige hendingar. Forholdet mellom guten og katten er nært og ekte, ja katten er ein stor personlegdom og venn. Dette er ei morosam forteljing med lett karikerte teikningar i svart/kvitt. 
1.-4. kl. ; 25 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4217-6 (ib.) : Nkr 108.00

GENRE: Humor
EMNE: Kattar

  0027761

bl V

Velthuijs, Max
Frosken og den framande / Max Velthuijs ; til norsk ved Halldis Moren Vesaas. - Oslo : Samlaget, 1994. - <25> s. : kol. ill.
Originaltittel: Frog and the stranger

I denne historia om den grøne frosken, kjem det ein framand og slår seg ned i skogkanten. Grisen og anda likar det ikkje, og fordi det er ei rotte trur dei at den framande både er skiten og ein tjuv. Frosken ønskjer å sjå nærare på karen og det syner seg at rotta beint fram er arbeidsam og hjelpsam. Alle vennene til frosken tek til å lika den framande. Etter ei tid pakkar han likevel saman teltet sitt og dreg vidare og det blir eit tomrom etter han. Temaet er framandfrykt. Dei klare og enkle illustrasjonane kler innhaldet.
1.-4. kl. ; 30 eks. ; nynorsk
ISBN 82-521-4270-2 (ib.) : Nkr 152.00

  0031272

b Y

Yayla, Lisa
Den falske blautkaka : og andre kvardagshistorier / Lisa Yayla ; illustrert av forfattaren. - Nynorsk utg.. - Oslo : Samlaget, 1990. - 48 s. : ill. - (Sirius barn)

Innhald: Kjelen som sladra ; Klokka som hadde funne si tid Gull verd ; Døra som klaga ; Den falske blautkaka ; Ein fin pappa ; Den rette gåva ; Den fine flaska og den grøne krukka Det vanskelege puslespelet ; Bakepulveret som skapte ein orkan. Ei samling korte forteljingar med dei huslege tinga rundt oss som hovudaktørar - tinga viser menneskelege eigenskapar på godt og vondt. Fablane er både alvorlege og muntre, men med eit moralsk sluttpoeng. Boka er forfriskande original og lettlesen. Dei sjarmerande strekteikningane i teikneseriestil samsvarar godt med teksten.
1.-4. kl. ; 25 eks.
ISBN 82-521-3614-1 (ib.) : Nkr 98.00

GENRE: Fabel

  0007833


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 19.09.06 , av Anja Angelskår Mjelde