Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Klassesett
hovudside

Tingingsskjema

Nynorsk
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Bokmål
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

Lett å lese
- 1.-4. klasse
- 5.-7. klasse
- 8.-10. klasse

"Vaksen-
litteratur"

Skodespel

Engelske klassesett

Fullstendig liste

Heim

 

Klassesett for 1.-4. klasse, bokmål

Her finn ein alle klassesetta på bokmål som passar for eitt eller fleire klassetrinn i spennet 1.- 4. klasse.

Først står det ei liste med forfattar, tittel og kva klasse det passar for. Klikkar ein på pila ved forfattaren (), hoppar ein ned til ein omtale av boka. For å sjå om klassesettet er ledig, kan ein så klikke på tittelen på boka. Då kjem ein inn i bokbasen, der det etter beskrivinga av boka er ei eksemplarliste som viser om bøkene er utlånte eller ikkje.

Bøker som er lette å lese er markert med .


 

Forfattar 

Tittel

Alder

Lett

Dahl, Roald Charlie og sjokoladefabrikken 3.- 6. kl.
Dahl, Roald Matilda  4.- 7. kl.
Dahl, Roald Matilda <lydopptak>
Kirkegaard, Ole Lund Gummi-Tarzan 1.- 6. kl.

Kjelsen, Reidar Gammel dame er vond å vende   1.- 4. kl.

Lagercrantz, Rose Karl Gustav og Little Ben 4.- 5. kl.

Lindgren, Astrid Ronja Røverdatter   3.- 7. kl.
Lindgren, Astrid Ronja røverdatter <lydopptak>

 

Newth, Philip Roboten er løs! 4.- 7. kl.
Nilsson-Brännström, Moni Tsatsiki og muttern  1.- 4. kl.
Nöstlinger, Christine Frans og kjærligheten  1.- 4. kl.

Sortland, Bjørn Angkormysteriet  4.- 7. kl.
Wold, Kjersti Nettopp Jensen og Tometer'n  4.- 6. kl.  

 


u D

Dahl, Roald, eng., 1916-1990, 
Charlie og sjokoladefabrikken / Roald Dahl ; til norsk ved Oddmund Ljone ; illustrert av Faith Jaques. - 3. utg.. - Oslo : Gyldendal, 1991. - 123 s. : ill.

Framhald i: Charlie og den store glassheisen. - Nokre utg. i stort format. - Originaltittel: Charlie and the Chocolate Factory
1. norske utgåve 1972
Høver for 3.-6. kl
ISBN 82-05-17266-8). - 82-05-17923-9). - 82-05-18451-8). -82-05-32789-0). - 82-478-0448-4). - 82-525-1370-0). -82-525-3194-6). - 82-525-4265-4) (ib.)) : Nkr 98.00

0014937

b D

Dahl, Roald, eng., 1916-1990
Matilda / Roald Dahl ; oversatt av Tor Edvin Dahl ; illustrert av Quentin Blake. - 2. utg.. - Oslo : Gyldendal, 1994. - 227 s. : ill.
1.norske utg.: 1989. - Boka finst òg i lydbokutg. - Originaltittel: Matilda

Matilda er eit spesielt barn, men dessverre fødd i ein tåpeleg familie. Mora er hekta på bingo og faren er ein korrupt bilseljar. Sidan foreldra ikkje bryr seg om Matilda, så går ho på biblioteket og les alle klassikarane før ho tek til i 1.klasse. Klasseforstandaren er den unge og søte frøken Honey, og denne læraren vert veldig oppteken av Matilda sine uvanlege evner. På skulen herskar det og ein fæl kvinneleg overlærar, miss Trunchbull. Dette uhyret gjer skuledagen til ein kamp på liv og død både for elevar og lærarar. Men alt endar heldigvis godt. Boka er ei sprelsk, humoristisk og eventyraktig forteljing om dumme vaksne og kloke born.
4.-7.kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-05-22504-4 (ib.) : Nkr 98.00

  0044508

b D

Dahl, Roald, eng., 1916-1990
Matilda <lydopptak> / Roald Dahl ; oversatt av Tor Edvin Dahl . - Melhus : Lydbokforl., 1997. - 4 lydkassettar (5t, 28 min) : i eske 19 x 14 x 3 cm. - 
Lese av Terje Strømdahl. - Trykt utg. 1989 
ISBN 82-421-0599-5

0044362

b K

Kirkegaard, Ole Lund, d., 1940-1979, 
Gummi-Tarzan / fortalt og tegnet av Ole Lund Kirkegaard ; oversatt av Sigvor Ljone. - 6. utg. - Oslo : Gyldendal, 2002. - 70 s. : kol. ill.

Originaltittel: Gummi-Tarzan
1. norske utg.: 1978
Ole Lund Kirkegaards univers er fylt av oppfinnsame, leikande og umulege ungar. Og av alle desse er Gummi-Tarzan den mest berømte. Eigentleg heiter han Ivan Olsen. Ivan er ikkje særleg stor og heller ikkje særleg pen. Han har ingen store musklar og kan ikkje jule opp nokon. Derfor får Ivan Olsen ein masse juling sjølv. Nokon gongar får han buksevatn også. Men så ein dag møter Ivan ei vaskeekte heks, og saker og ting tar til å skje.Denne boka bør alle barn og alle vaksne lese.Boka har mykje gode og fargerike illustrasjonar i tillegg til kort tekst med stor skrift.
Høver for 1.-6. kl ; 30 eks ; bokmål
ISBN 82-05-32768-8 (ib.)

GENRE:Humor 

0100890

b K

Kjelsen, Reidar
Gammel dame er vond å vende / Reidar Kjelsen ; illustrasjoner av forfatteren. - [Oslo] : Gyldendal Tiden, 1999. - 58 s. : kol. ill.. - (Bokormen). - God, leseleg skrift. - Framhald av: Flink bisk, Pus!

I bok nummer ein slukte hunden Roffe eigaren og plageånda si, ei 110 år gamal ufyseleg dame. Men han gløymde å tygge, og den iltre dama romsterar inni han, skapar sure oppstøyt, rabiesliknande framferd og mykje promp og vond lukt. "Fridom er for kattefiller" og Roffe oppsøkjer moglege nye eigarar, men redninga vert søppeldyngetispa Kålfis. Hans fyrste romantiske oppleving ser verkeleg ut til å blomstre då den gamle dama bokstaveleg tala lar seg drite ut. Avliving på dyreklinikk er passeleg straff, meinar ho. Men endå ein gong: Den som ler sist, ler best. Tekst og illustrasjonar i boka utgjer tilsamen ein burlesk galskap som sikkert vil more ein del unge lesarar som har sans for crazyhumor, viltre påfunn og småufyselige teikningar. Språket flyt lett i ei litt leikende form med diverse ordspel. Stort skriftbilde, mange kapittel og bilete gjer den enkle historia lett å lese.
1-4 kl. 30 eks.
ISBN 82-478-0461-1 (ib) : Nkr. 149,00

Emne: Hundar

  0049195

b L

Lagercrantz, Rose, sv., 1947-, 
Karl Gustav og Little Ben / Rose Lagercrantz ; illustrert av Eva Eriksson ; oversatt av Henning Hagerup. - Oslo : Asch, 2000. - 153 s.

Framhald av: Modige Karl Gustav
Originaltittel: Metteborg och Little Ben
Denne boka føreligg dessverre ikkje på nynorsk slik som Modige Karl Gustav. Men klassesettet om Karl Gustav er så godt likt at vi har kjøpt inn dette likevel. I denne boka går Karl Gustav og vennene hans i femte klasse. Livet er herleg, og kvar dag bringar noko nytt, er livsfilosofien til Karl Gustav. Det skjer tre spesielt morosame hendingar; Karl Gustav får køyre med politiet, han får endeleg ein hundekvelp og han får seg dame. Men Benni har det trist. Mora hans blir sjuk og døyr. Faren hans dukkar heldigvis opp, bur i lag med Benni, men forsvinn av og til i lengre periodar. Dette er ein forteljing med humor, optimismen rår sjølv om kvardagen kan vere både trist og vanskeleg. Boka har stor skrift og kort tekst på kvar side. Boka er full av gode teikningar som kler historia.
Høver for 4.-5. kl. 19 eks. bokmål
ISBN 82-03-24333-9) (ib.)) : Nkr 168.00

GENRE:Humor
EMNE: Skulen 

0090554

b L

Lindgren, Astrid
Ronja Røverdatter / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; illustrert av Ilon Wikland. - <Stabekk> : Bokklubbens Barn, 1991. - 226 s. : ill.
Boka finst på film og video. - Boka finst òg i lydbokutg. -Originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske utg: Damm, 1981

Den natta Ronja vert fødd rullar torden over fjella og Mattisborga vert delt i to. Ronja er einaste dotter til røvarhøvdingen Mattis og kona Lovis. Faren gler seg til at Ronja skal verta røvardronning. Han trur at erkefienden Borka ikkje har klart å føra slekta si vidare. Men ein dag møter Ronja Birk, ein ekte Borka-son. Mot fedrane sin vilje flyttar dei to unge ut i skogen og bur i ei bjørnehole heile våren, sommaren og hausten. Der må dei passa seg for skogens skapnader. Dei underjordiske, grådvergane og villvettene vil dei vondt, men dei klarar seg. Men kva vil skje når vinteren kjem og bjørnehola vert for kald? Denne spennande boka er dessverre ikkje omsett til nynorsk. Ho eignar seg difor godt til høgtlesing, men ho gir også stor leseglede for dei som les sjølv.
3.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-525-2250-5 (ib.) : Nkr 94.00

  0011996

b L

Lindgren, Astrid
Ronja røverdatter <lydopptak> / Astrid Lindgren ; oversatt av Jo Tenfjord ; musikk av Per Chr. Revholt. - <Oslo> : Damm, <1994>. - 4 lydkassettar ; i eske 23 x 16 x 4 cm - (Damn lyd)

Lese av Kristin Kajander. - Lotte Havnevik, fløyte ; Steinar Larsen, gitar. - originaltittel: Ronja Rövardotter
1. norske trykte utg. 1981
ISBN 82-517-8122-1

  0035363

u N

Newth, Philip, eng.-n., 1939-, 
Roboten er løs! / Philip Newth ; illustrert av forfatteren. - Oslo : Tiden, 1982. - 114 s. : ill.

Framhald i: Robot i rommet
Ei sprudlande framtidsforteljing breddfull av humor, fantastiske hendinger og ein heilsprø robot.Vi er langt inne i framtida, med rullande fortau så folk slepp å gå, for å handle varer kan du berre trykke på knapper heime på kjøkkenet. Robotar har teke over det meste av husarbeidet, og det er dei som passar barna og hjelper dei med leksene. Sam er heldig og får nettopp ein slik robot. Berre at roboten hennar er ein gamal og brukt modell som ikkje fungerer heilt som den skal, den er faktisk heilt sprø!
Høver for 4.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-10-02272-5 (ib.) : Nkr 49.00. - 82-525-0939-8)

GENRE:Fantasy 

0030008

b N

Nilsson-Brännström, Moni
Tsatsiki og muttern / Moni Nilsson-Brännström ; oversatt av Tor Fretheim ; [illustrasjoner: Pija Lindenbaum]. - Oslo : Gyldendal Tiden, 1997. - 155 s. : ill. - Frittståande framhald i: Tsatsiki og Fattern. - Orginaltittel: Tstsiki och Morsan

Møte med Tsatsiki-Tsatsiki Jonanson og alle rundt han er ellevilt og morosamt. Samen med Muttern bur han i Stockholm og er vel nøgd med å vere eit kjærleiksbarn utan ein nærverande pappa. Boka om Muttern er den fyrste og Muttern spelar i bandet sitt "Mutterns Rebellar", Tsatsiki byrjar på skulen og får verdas beste kamerat, Per Hammar. Saman finn dei på nokså mykje rart, men etter kvart byrjar Tsatsiki å sakne en far. Med masse humor, mykje varme og klokt alvor vert vi kjend med Tsatsiki og den uvanlege Muttern hans. Dette er personar som verkeleg begeistrar både store og små lesarar. Bøkene som inneheld ein uvanleg kombinasjon av menneskekunnskap og er utan moralske peikefingrar vert presentert gjennom ei handling full av sprelske påfunn. Språket er ledig og godt, eindel banneord er brukt som viktige verkemiddel i samanhengen dei står i. Teksten er sett med store og gode typar, men bøkene egner seg også svært godt til høgtlesing. Den er illustrert med enkle akvarellar i svart/kvitt og glimrande omsett av Tor Fretheim.
1-4 kl. 30 eks. bokmål
ISBN 82-478-0013-6

  0044841

b N

Nöstlinger, Christine, øst., 1937-, 
Frans og kjærligheten / Christine Nöstlinger ; tegninger av Erhard Dietl ; oversatt av Olaf Coucheron. - Oslo : Damm, 1992. - 81 s. : ill. - (Leseløve)

Framhald av: Frans blir syk i utide. - Framhald i: Frans og
julen. - Originaltittel: Liebesgeschichten vom Franz
Frans er glad i mange. Han er glad i bror sin, Josef, og vil gjerne hjelpe Josef som har forelska seg. Christine Nöstlinger fortel om kvardagslege situasjonar med humor og innsikt. Boka har stor skrift og ein del illustrasjonar.
Høver for 1.-4. kl. ; 26 eks : bokmål
ISBN 82-517-7815-8 (ib.) : Nkr 96.00

GENRE:Forelsking 

0012834

u S

Sortland, Bjørn, n., 1968-, 
Angkormysteriet / Bjørn Sortland ; illustrert av Trond Bredesen. - Oslo : Aschehoug, 2002. - 126 s. : kol. ill. - (Kunstdetektivene ; 3)

Framhald av: Luxormysteriet. - Framhald i: New York-mysteriet
Familien Bergvik er på ferie i Kambodsja.Straks dei kjem fram begynner mystiske og farlege ting å skje. Først er det nokon som kastar stein med ein trussel hengt på, på bilen deira. Så får dei ein fruktkorv levert på hotellet, full av levande og livsfarlege slangar. Deretter blir pappa forgifta, og mamma sett i fengsel, mistenkt for å ha stole kunstskattar. David,Sissel og vesle Thor må ordne opp. Men det er vanskeleg å vite kven ein kan stole på. Kven er eigentleg mosefjernarane, eller den skumle dama på hotellet med mørke solbriller? For ikkje å snakke om trøndaren utn bart? Dette er tredje boka i serien Kunstdetektivene. Boka er spennande fortalt samtidig som ho er lærerik. Teikningane er både skumle og humoristiske, akkurat som sjølve historia.
Høver for 4.-7. kl. ; 30 eks. ; bokmål
ISBN 82-03-24434-3 (ib.) : Nkr 198.00


GENRE:Krim
EMNE: Kambodsja 

0095968

u W

Wold, Kjersti, n., 
Nettopp Jensen og Tometer'n / Kjersti Wold. - [Oslo] : Cappelen, cop. 2000. - 171 s.

Frittståande framhald i: Nettopp Jensen og nummeret før døden
Nettopp Jensen er berre 133 centimeter på strømpelesten og oppkalla etter ein telefonsamtale, men elles ein ganske vanleg gut. Han er ein lovande fotballspelar, men tør ikkje gå på trening fordi han blir mobba. Foreldra til Nettopp er mykje ute og reiser, og Nettopp er misnøgd med den faste barnevakta si, den aldrande Marit Alm. Når han ved eit samantreff blir kjend med to komma null null meter lange Tometer'n, får Nettopp både personleg fotballtrenar og ny barnevakt. Tometer'n er ein fargerik fyr som blant anna er god på å omsette teikneseriar. Men når Tometer n får problem på kjærleiksfronten og går ned for full teljing, er det Nettopp sin tur til å ordne opp.
Høver for 4.-6. kl
ISBN 82-02-20414-3). - 82-02-22156-0) (ib.)

EMNE: Mobbing 

0090809


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: admin@sf.fylkesbibl.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: sofjbib@sf.fylkesbibl.no

Sist oppdatert 08.11.06 , av Anja Angelskår Mjelde