|
Heim
Lese-
stimulering
Forfattar-
besøk
|
Sogn og Fjordane
fylkesbibliotek |
Folkeakademiet
Sogn og Fjordane |
Norsk forfattersentrum
Vestlandet |
Til grunnskulane i Sogn og Fjordane
Tilbod om forfattarbesøk
Pris pr skuletime kr. 1800,- pr. klasse
Vi tilbyr også skuleåret 2005/06 forfattarbesøk til skulane i fylket. Vi har avtale med fire spennande forfattarar om å turnear i
fylket i vekene 42 og 43.
Sylvelin Vatle
Kan ta 4. til 8. klasse
Vatle kjem frå Osterøy, skriv på nynorsk og er ein god formidlar av bøkene sine. Ho har to bøker for barn og ungdom i tillegg til ei julebok. I 2003 kom Vatle med boka ”Tim Brentloffs eventyr.” Boka er ei fantasybok som handlar om norrøn mytologi, dragar, knokkelporter og mordar-spøkelser. Boka er både spennande og lærerik.
Reidar Kjelsen
Kan ta alle klassetrinn
”Berømt” for sine lettles-bøker om monster. Mannen elskar monster. Han var først illustratør før han begynte å skrive bøker. Han har også laga ei fabulerande biletbok om Gud for ungdom, ”En travel herre”. Boka er utruleg nok godt likt av ungdommen sjølv om det ei biletbok. Kjelsen gjøglar og teiknar i timane. Han er frå Molde og skriv bokmål.
Ragnfrid Trohaug
Høver for 8. til 10. klasse
Ragnfrid kjem frå Bodø, skriv nynorsk og er ein dyktig formidlar. Ho er flink å snakke med ungdom, har bl.a. jobba med skriving på litteraturleir for ungdom. Ragnfrid har skrive to og 1/3 ungdomsbøker, om anorexi, kjærleik og mykje anna. I år kjem ho med eit høyrespel ”Dobbeltgjengeren”.
Bjørn Ingvaldsen
Høver for 5. til 10. klasse
Han kjem frå Odda, skriv bokmål og bur i Stavangar. Dei morosame og sprø bøkene hans
reknast som ”dødskuuule” blant lesarane. Ei av bøkene hans fortel bl.a. om kva grufullt ein kan gjere med eit gamalt juletre for eksempel. Det verste er at det har skjedd, i Odda ein gong før krigen. Ingvaldsen vil garantert tenne leselysta. Han er ein flink formidlar.
Praktisk informasjon
Vi vil prøve så langt vi klarar å oppfylle ynskje om forfattar, men må også ta økonomiske
omsyn. Skriv opp eit alternativ ynskje. Vi legg opp til at forfattarane har berre enkelttimar
(45 min.). Dersom ein vil ha dobbelttime, må ein betale dobbel pris. Tal på elevar som har
forfattarbesøket skal ikkje vere meir enn 30, elles skal forfattaren ha litt høgare betaling. Ofte
er det også uheldig med for store grupper. For store grupper kan hindre kommunikasjonen
mellom forfattar og elev, skape avstand.
Den kulturelle skulesekken
Kommunane mottek midlar frå staten til ein lokal skulesekk. Vi håper at kommunane
har med lesestimulering i planane sine for den lokale skulesekken. Fylkesbiblioteket
samarbeider med Folkeakademiet og Norsk Forfattarsentrum om å komme med tilbod om
forfattarbesøk til skulane i fylket for å medverke til auka lesestimulering. Vi ser at det
ofte vert for tungt for kvar kommune å arrangere turne med forfattar sjølv.
Samarbeid med folkebiblioteket
I nokre kommunar kan det vere ein god ide å samarbeide med biblioteket om forfattarbesøket. Kanskje forfattarbesøket kan vere ein del av ein tur til biblioteket kor klassen blir kjent med
biblioteket og kva tilbod biblioteket har.
Påmelding/tinging
Ver nøyaktig når du fyller ut tingingsskjemaet. Vi må få vite kor mange enkelttimar
skulen tingar (kr. 1800, pr. time). Vi må også vite kva klassetrinn som skal ha forfattar.
Fådelte skular kan ha fleire klassetrinn saman, f.eks. 5. til 7. klasse, men ha ikkje for store
sprang i alderssamansetninga.
Her
finn du tingingsskjema
Svarfrist 22. juni 2005
Kontakt:
Anne Sagen
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Førdehuset, 6800 Førde
57 72 18 90
anne.sagen@sf-f.kommune.no
|