Forfattarturnear

i regi av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek skuleåret 2006/07

Arrangert i samarbeid med Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Norsk forfattersentrum Vestlandet


Komande skuleår har vi glede av å kunne tilby fire gode og populære forfattarar; Grete Haagenrud, Atle Hansen, Maria Parr og Lars Mæhle. Alle forfattarane bortsett frå Grethe Haagenrud skriv nynorsk. Til saman dekker dei alle trinna frå 1. til 10. klasse. I år fordelar vi turneane på haust og vår. Vi håper at alle skular skal 
kunne finne ein forfattar i tilbodet vårt som dei kan ha glede av.


Haust 2006

Grete Haagenrud 

Enkelttimar i 1. til 5. klasse 

Veke 36

Grete Haagenrud er ein av dei verkeleg gode forteljarane vi har for barn i dag. Mange kjenner til Haagenrud frå serien om Sofie og Kathrine. Forfattaren las sjølv opp serien i barnetimen på NRK. I serien om Sofie og Kathrine fortel ho både med humor og alvor korleis det var å vekse opp i ein liten by i Finnmark under 2. verdskrigen. Mykje av det ho fortel er sjølvopplevd. Haagenrud blei fødd i 1938 og vaks opp i Vadsø. I dag bur ho på Røros.

I januar i år blei Haagenrud tildelt Prøysen Teskjekjerring-prisen. Frå før har ho fått Brageprisen i 1995 og Kulturdepartementets debutantpris. På Internett har ho ein innhaldsrik side om forfattarskapen sin: http://skrift.no/haagenrud/

 

Atle Hansen Enkelttimar i 4. til 7. klasse

Veke 39

Dei første bøkene Atle Hansen skreiv var bøker om sjørøvarar. Det kom tre bøker om Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill; bøker fylt med fart og spenning, kjærleik og heltar. Dei siste åra har han konsentrert seg om enda skumlare tema i barnebøkene sine, hekser og mystiske hendingar.

Atle er også musikar og tek gjerne med seg gitaren når han kjem på besøk i klassen. Han kjem frå Moster i Sunnhordland.

 

Vår 2007

Maria Parr Enkelttimar i 1. til 5. klasse

Veke 12

Mange har sikkert høyrd om den unge debutanten frå Vann­ylven som blei Brageprisnominert i haust med boka ”Vaffel­hjarte”. Boka er ei frisk, morosam og alvorleg bok om to vener som veks opp i ei lita bygd ved havet. Lena, ein av hovud­personane i boka, blir gjerne samanlikna med Emil og Pippi, men samtidig er ho seg sjølv. Vi trur at boka til Parr vil bli elska av mange barn og lærarar. I år vil ”alle” ha Maria Parr på forfattarbesøk, vi har vore så heldig å få tak i henne.

 

Lars Mæhle Enkelttimar i 1. til 10. klasse

Veke 12

Lars Mæhles debutroman “Keeperen til Tunisia” frå 2002 vart kåra til beste barne- og ungdomsbok av nettstaden Poeten.no. Han har sidan debuten kome med fleire bøker for barn og unge. Frå ei omtale på poeten.no av boka “Harry og Ivar finn opp krutet”: ”Lars Mæhle har her levert ei godt fortalt historie, med mykje fantasi og kreativitet. I tillegg har han greidd å gjere den tilgjengeleg for ei brei aldersgruppe. Her er ei historie som kan gjentas mange gonger, i ulike former, og ein kan stadig oppdage nye sider.” 
Lars Mæhle er frå Sunndalsøra. Han har hovudfag i litteratur og arbeider som forlagsredaktør. 



For- og etterarbeid
For at forfattarbesøket skal få meir å seie for elevane enn berre ei kort oppleving, er det ofte lurt å førebu elevane godt på det som skal skje. Kanskje bør klassen lese ei bok av forfattaren på førehand, eller kanskje det beste er å leite fram stoff om han/ho på biblioteket eller internett. Fylkesbiblioteket informerer om kva forfattaren kan tenkje seg av førebuingar. Ta gjerne kontakt med forfattaren før timen for å avtale opplegget, vi kan hjelpe med epost-adresser eller telefonnummer.


Meir opplysningar på KSYS (www.ksys.no)
Fylkesbiblioteket tek i løpet av våren i bruk KSYS, som også Den kulturelle skulesekken i fylket nyttar, for å informere og administrere turnear, samt å halde kontakt med skulane. Her vil vi legge ut stoff om forfattarane, turneane etterkvart som dei er klare og tips til for- og etterarbeid.


Pris
kr. 1800,- pr enkelttime
kr. 2300,- pr enkelttime dersom skulen tingar berre ein time.
Vi må setje ein høgare timepris når ein skule tingar berre ein enkelttime med ein forfattar. Med avstandane vi har i fylket vårt kan det verte uforholdsmessig dyrt å sende ein forfattar til ein skule for berre ein time. Avtal med andre skular i nærleiken om tinge forfattarbesøk frå oss, det blir billigare for alle.


Tinging av forfattarbesøk
Tinging av besøk kan ein gjere her.
Når turneane er klare sender vi ut informasjon til alle som har tinga om når dei får besøk. Vi må då få stadfesting frå alle på at dei har motteke turneplanen.
Frist for tinging er 30. juni 2006



Kontaktperson: Anne Sagen
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde, 
tlf: 57 72 18 90 (direkte), e-post: anne.sagen@sf-f.kommune.no