Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Heim

Fjernlån hovudside

Fjernlån - bøker

Fjernlån - tidsskrift

 

 

Fjernlånsvegvisar

Fylkesbiblioteket har laga ein fjernlånsvegvisar som ein hjelp i fjernlånsarbeidet. Det er viktig at alle overheld fjernlånsreglane. Hugs at bestillingar som ikkje følgjer retningslinene kan sendast tilbake til det lånesøkjande biblioteket.
Nøl ikkje med å ta kontakt med fylkesbiblioteket om de treng hjelp.

Fjernlån - bøker

Lånevegar som skal brukast, prioritert rekkefølgje:

1. Fylkesbiblioteket eller folkebibliotek i eige fylke

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Bestill fjernlån direkte via "fjernlånsknappen".
Du kan òg be om reserveringar om materialet ikkje finst her.

2. NBR Depotbiblioteket

BIBSYS - NBR Depotbiblioteket

Om materialet finst i NBR Depotbiblioteket, så  send bestillinga dit. (NB! Blir stengt for fjernlån frå 01.10.02 og fram til sommaren 2003, pga ombygging ved depotbiblioteket)

BIBSYS - NBR Gjenbrukssamling

Depotbiblioteket har òg ei gjenbrukssamling for dei som ynskjer å supplere sine eigne samlingar. Bøker i gjenbrukssamlinga tilbyr ein gratis til biblioteka. (NB! Gjenbruksbasen er stengt frå 01.07.02 pga ombygging ved Depotbiblioteket)

3. Fylkesbibliotek etter emnefordelingsplanen

 

Bruk emnefordelingsplanen for å sjekke kva for eit fylkesbibliotek som har ansvar for det aktuelle emnet.

Ein kan søke i Samkatalogen eller søke direkte i det aktuelle fylkesbibliotek sin base.

4. Anna fylkesbibliotek/Deichmanske bibliotek

Ved negativt svar sjekk eit anna fylkesbibliotek/Deichmanske bibliotek

5. Folkebibliotek som er med i Samkatalogen

Søk i Sambok

Om heller ingen andre fylkesbibliotek har materialet kan ein prøve andre folkebibliotek som er med i Samkatalogen

6. Fag- og forskningsbibliotek

BIBSYS

Når ein har prøvd alle innan folkebiblioteksektoren kan ein prøve fag- og forskningsbibliotek.

7. Utanlandske bibliotek

  • Libris: svensk forsknings- og spesialbibliotek

  • DanBib:danske forskings-, folke- og skulebibliotek NB! Betalingsteneste

  • Bibliotek.dk søk i felles base over samlingane til offentlege danske forskings- og folkebibliotek. 

  • Library of Congress

  • GABRIEL: Oversyn over onlinetenester frå nasjonalbibliotek i Europa

  • LibWeb: Oversyn over bibliotek med kataloger søkbare via Internett

 

Finn ein ikkje materialet via norske bibliotek, send ei bestilling til fylkesbiblioteket, men prøv fyrst å verifisere dokumentet best mogleg.
Hugs at alle bestillingar til utanlandske bibliotek skal sendast til eige fylkesbibliotek!

[Opp]

 

Fjernlån av tidsskrift

NORART
NB! Abonnementsteneste

Finn ut kva for eit tidsskrift artikkelen står i

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Bestill kopi av artiklar direkte i basen via "fjernlånsknappen". Hugs å oppgi artikkelforfattar, tittel, årstal og sidetal.

SAMPER

Om ikkje fylkesbiblioteket har tidsskriftet finn ut kva for bibliotek som eig det og send bestilling. Bruk folkebibliotek før fagbibliotek

[Opp]

 


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: post.fylkesbiblioteket@sfj.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: fjernlan@sfj.no

Sist oppdatert 02.02.04 , av Anja