Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

 

Heim

Søk i basen

Lånevegar

Bestilling av ulike 
typar litteratur

Bestille fjernlån frå fylkesbiblioteket

Nyttige lenker

Fjernlånsvegvisaren

 

Fjernlån

Når eit folkebibliotek ikkje har den boka som ein er på utkikk etter kan biblioteket ditt låne den frå eit anna bibliotek. Dette heiter fjernlån.

Fjernlån er ei teneste som kun er tilgjengeleg for bibliotek. Privatpersonar som ynskjer å bestille fjernlån må ta kontakt med sitt eige lokale bibliotek. Ein kan altså ikkje kontakte  fylkesbiblioteket direkte.

 

Korleis gå fram ved fjernlånsbestillingar?
[Opp]
Lånevegar

Når eit bibliotek har lokalisert ein tittel ved eit eller fleire bibliotek, skal ein bruke følgjande prioriteringsrekkefølgje ved bestilling:

Når eit bibliotek får ei bestilling som ein kan sjå ikkje har følgt riktig låneveg, kan ein returnere bestillinga til lånesøkande bibliotek.

Skulebibliotek vert oppmoda om å utnytte dei lokale ressursane i folke- og fylkesbibliotek best mogleg, og å følgje lånevegane.

Les meir i fjernlånsvegvisaren.

[Opp]
Bestilling av ulike typar litteratur

Lokalhistorisk materiale
Ved bestilling av lokalhistorisk materiale skal ein fyrst sjekke om Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har materialet. Hvis ikkje skal bestillinga sendast til det fylkesbiblioteket som dekkjer det aktuelle geografiske området.

Framandspråkleg litteratur
Deichmanske bibliotek har ansvar for depot og enkelttitlar på innvandrarspråk. Bestillingar på dette materialet skal sendast direkte til Deichmanske bibliotek, Det flerspråklige bibliotek.

Emnebestillingar
Ein skal alltid senda emnebestillingar og bestillingar ein sjølv ikkje kan verifisere eller lokalisere til eige fylkesbibliotek.

Uverifiserte eller ikkje lokaliserte bestillingar
Desse skal sendast til eige fylkesbibliotek

Fjernlånsbestillingar til samlingar utanfor Norge
Bestillingar på materiale frå utanlandske samlingar skal alltid sendast til eige fylkesbibliotek.

[Opp]
Bestilling av fjernlån frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek tek imot bestillingar på materiale som er lokalisert i vår samling, og bestillingar på materiale som må skaffast frå utlandet.

Send ei fjernlånsbestilling:
Søk først i databasen vår, klikk på den tittelen de er på jakt etter, klikk så på "fjernlånsknappen". Fyll ut lånenummer, biblioteket sitt namn etc. Klikk på "Send" knappen. No er fjernlånsbestillinga sendt til fylkesbiblioteket! Ein kan og be om reservering. Når det vert sendt ei bestilling på materiale som er utlånt, vert det oppfatta som eit ynskje om reservering.

Om de ikkje finn den tittelen de leitar etter, evt. ynskjer å sende ei emnebestilling eller har andre spørsmål kring fjernlån, send då ein e-post til: fjernlan@sfj.no Skriv så eksakt som mogleg kva de er ute etter.

Telefon til fjernlånet: 57 72 18 84, Faks til fjernlånet: 57 72 18 93
Postadresse: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800 Førde

[Opp]
Nyttige lenker

 

[Opp]
 

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Førdehuset, 6800  FØRDE. 
Tlf. 57 72 18 80, faks: 57 72 18 93, e-post: post.fylkesbiblioteket@sfj.no
Fjernlån:  tlf. 57 72 18 84, faks: 57 72 18 93, epost: fjernlan@sfj.no

Sist oppdatert 15.01.07 , av Anja