Bibliotekprisen NBF Sogn og Fjordane
- invitasjon til å kome med forslag
I år vil ein for første gang dele ut Bibliotekprisen NBF Sogn og Fjordane.
Prisen kan gå til eit bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og Fjordane, og vert vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller arbeid for å fremje og synleggjere biblioteka og biblioteka si rolle i samfunnet.
Vi inviterer med dette medlemmer i NBF Sogn og Fjordane - både personlege medlemmer og institusjonsmedlemer - til å komme med forslag på kandidatar.
Kriteria for tildeling av prisen er at arbeidet representerer spanande, utradisjonelle, framtidsretta og/eller offensive tiltak som er gjort innan kultur-, kunnskaps- eller informasjonsformidling, marknadsføring, lesestimulering, tilrettelegging av tenesta for ulike brukargrupper eller god teneste og service.
Også personar utanfor bibliotekmiljøet, som har gjort ein innsats for biblioteket, kan få prisen.
I juryen sit Siri Ingvaldsen og Torill Berge (vald av årsmøtet i NBF S&Fj), samt Anja Angelskår Mjelde (oppnemd av
fylkesbiblioteket).
Grunngjevne forslag sendast til juryen, v/Anja Angelskår Mjelde, innan 15. juni 2006.
Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort. Juryen avgjer om kandidatane er godt nok kvalifiserte til at det blir tildeling.
Tildeling vil skje i samband med NBF Sogn og Fjordanes årsmøte i september 2006.
Anja Angelskår Mjelde
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Førdehuset, 6800 Førde
anja.angelskar.mjelde@sf-f.kommune.no |