|
Heim
Bokbuss
og bokbåt
Bokbussen
Bussrute
|
Utlånsreglar
for bokbussen
Kven kan låne
Alle kan låne. Vaksne og barn i
skulepliktig alder får eige lånekort. Mindre barn kan låne på korta til foreldre og
føresette. Vi ser gjerne at barnehagebarn låner på eit felles lånekort.
Hugs å ta med lånekort kvar gong!
Alt utlån på bussen er gratis.
Lånetid
Lånetida for alt materiale er 60 dagar. Bøkene kan leverast
neste gong bussen kjem. Det er mogleg å fornye lånet dersom andre ikkje står på
venteliste. Held du materialet lengre enn lånetida, får du
tilsendt purring. Tapt og øydelagt materiale må erstattast. Om bøkene ikkje kan leverast på bokbussen i tide, kan dei leverast på det lokale
biblioteket.
Reservering
Bøker og anna materiale som er utlånt, kan reserverast.
Materiale ein ikkje finn på bokbussen, kan ein bestille på det lokale folkebiblioteket.
Bestilt materiale vert tatt med neste gong bussen kjem.
Flytting
Meld frå om ny adresse og dersom du har mista lånekortet.
Lever lånekort og bøker tilbake på bussen ved flytting.
|