|
05.02.07 / 19.02.07:
Innlegg på konferansen om Bibliotekreform
2014:
Vi har fått Power Point-presentasjonane frå Anne Hustad sitt foredrag.
Om reforma og NBF.
Referat (pdf-fil) frå
paneldebatten.
31.01.07
Følg bokbåten på nettet! - Felles nettstad for bokbåten i Vestlandsfylka
Vestlandet sitt flytande bibliotek kan no også besøkjast på nett. Her kan ein følgje bokbåten på tur langs Vestlandskysten gjennom kart, bilete og anna informasjon.
Den felles nettstaden for dei tre vestlandsfylka finn de på www.bokbaten.no
Bokbåtdrifta er eit vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokbåten går til dei små plassane på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester.
No er det også høve for å besøkje båten på nett. På adressa www.bokbaten.no finn de ein nettstad for bokbåten i dei tre Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.
Bokbåten startar sin tur i Møre og Romsdal mandag 22. januar, i Sogn og Fjordane 2. mars og i Hordaland 24. mars. Ruteopplysningar for dei ulike fylka blir lagt ut på nettstaden etter som det nærmar seg tid for avgang.
05.01.07:
Samling
om nynorsk barne-og ungdomslitteratur, og om litteraturformidling (Oppdatert!)
Litteraturformidlar
Janne Karin Støylen frå "Nasjonalt senter for nynorsk i
opplæringa" vil inspirere og motivere andre formidlarar til å
skape leselyst og leseglede hjå born og unge. Ho held kurs, seminar og
føredrag om nynorsk litteratur og nynorske forfattarar, og har store
kunnskapar om metodiske tips og knep om lesestimulering. Tysdag 27. mars
2007 vil ho bruke ein heil dag på å snakke om god, nynorsk litteratur
og tiltak som kan medverke til at born og unge vel å lese meir. Program
og påmeldingsskjema
11.01.07:
Invitasjon til dagskonferanse om Bibliotekreform 2014
Vi ønskjer politikarar, kommuneadministrasjon,
bibliotekeigarar elles og bibliotekfolk velkomne til å diskutere
framtida for biblioteka i Sogn og Fjordane! Det er med utgangspunkt i
Bibliotekreform 2014 at vi vil drøfte dette temaet. Bibliotekreform
2014 låg føre i september i fjor og vil bli sendt ut på høyring til
alle kommunar i 2007. Reforma inneheld mange spenstige framlegg til
tiltak, men også ein del kontroversielle framlegg til endringar i
biblioteksektoren. Det er særleg spørsmål knytta til den såkalla ”konsolideringa”
av dei små biblioteka som har vore mykje diskutert.
Konferansen
vert halden på Skei hotell 29. januar 2007. Meir
informasjon, program og
påmelding.
08.01.07:
Leselyst-teater: Bokbøfler og lesehester
Visste du at Gutenberg ikkje berre fann opp trykkekunsten – men at han
fann opp trykkfeilen også? Dette og meir får du vite dersom du tingar
ei førestilling til biblioteket ditt til glede for dei små lånarane
dine. Bibliotek kan gå saman med barnehagar eller skular om å
arrangere førestillingar med desse elleville bibliotekarane, to
begeistra, nysgjerrige og engasjerande oppdagelsesreisande på tur
gjennom bokjungelen. Les
meir
13.12.06:
Nytt nummer av "Over skranken"
Eit nytt nummer av Over
skranken, meldingsbladet til fylkesbiblioteket, er lagt ut. Innhaldet er
som vanleg "litt av kvart" - frå "Bibliotekreform 2014"
og bibliotekplan for vidaregåande skule, via leselyst og
marknadsføring, til presentasjon av nytilsette og farvel til ein
nesten-pensjonist.
29.11.06 (oppdatert
06.12.06)
Møte om bibliotekutgreiinga
Fylkesbiblioteket, NBF avd. Sogn og Fjordane og Bibliotekarforbundet
Sogn og Fjordan vil arrangere eit seminar om
"Bibliotekreform 2014" for politikarar, kommuneleiing og bibliotektilsette.
Møtet blir 29. januar på Skei. Program kjem vi tilbake til.
20.11.06:
Bokbåten vinteren 2007
Vinteren
2007 går bokbåten ut 2. mars og reiser rundt i fylket til og med 20.
mars. Oversikt over stoppestadar og tidspunkt, samt informasjon om
kulturprogrammet ombord, blir lagt ut når det er klart.
07.11.06:
Årets barne- og ungdomsbøker
Også
i år innbyr vi til dagskurs med flinke føredragshaldarar frå IBBY
Norge - Barnebokforum; det
blir barnebokmøte i Førde 5. desember, og Sogndal 6. desember. Målgruppa
er lærarar, personalet i barnehagar, folkebibliotek og bokhandlar.
Dette er eit kurs som midt i blinken for dei som vil bli kjent med dei
nye, gode bøkene, men som ikkje har tid til å lese alle dei nye bøkene
sjølv. Program
og påmeldingsskjema
29.09.06
Bibliotekutgreiinga
Utgreiinga
"Bibliotekreform
2014" er overlevert. Den
er utført av ABM-utvikling på oppdrag frå Kultur- og kirkedepartementet
og Kunnskapsdepartementet:
Bibliotekreform
2014
– del
I: strategier og tiltak [PDF 1,4 MB]
– del
II: Norgesbiblioteket – nettverk for kunnskap og kultur [PDF 8
MB]
21.09.06:
Haustens bokbåtrute er lagt ut her.
Bokbåten Epos går ut frå Førde den 18. oktober og retunerer 5.
november, etterå ha besøkt 37 stader i fylket. Med på båten er Trond
Magnum frå Abrakadabra teatret med forstillinga "Urokråka".
20.09.06:
Bibliotekdagane på Årdalstangen
Biblioteket
som møtestad var i sentrum under ”Biblioteksdagane 2006” her i
fylket - i år skipa til over to dagar på Årdalstangen. I tillegg vart
andre aktuelle saker og erfaringar tekne opp og delt under arrangementet.
Les referat.
20.09.05:
Bibliotekprisen
til Gloppen
Den
aller første biblioteprisen for Sogn og Fjordane blei tildelt Gloppen
folkebibliotek. I grunngjevinga heiter det ”Biblioteket er både folkebibliotek for Gloppen kommune og skulebibliotek for Firda vidaregåande skule. Som kombinasjonsbibliotek har dei tilsette store utfordringar i å sy saman og synleggjera tilbod til mange ulike brukargrupper. Biblioteket har på ein ypparleg måte balansert tilbodet slik at det når unge og eldre, skuleelevar og folkebibliotekbrukarar.
Biblioteksjef Torill Berge framstår som ein entusiastisk og inkluderande biblioteksjef som er open for nytenking, og dette viser att i drifta av biblioteket.”
Juryen
trekkjer så fram bl.a. bokkafeen på Byrkjelo, 165-årsjubileet og
fjordhestprosjektet som elemet som bidrog til at Gloppen fekk årets
pris.
Les
heile grunngjevinga på NBF Sogn og Fjordane sine nettsider
25.08.06:
Bokbussruta
for hausten 2006 og våren 2007 er lagt ut her.
22.08.06:
Fylkesbiblioteket
har fått to nye medarbeidarar
Anne
Kari Faleide er tilsett som sekretær
i halv stilling med ansvar for kontor- og administrasjonsrutinar.
I tillegg skal ho assistere ved
kurs og konferansar og ha sekretærfunksjon for fylkesbiblioteksjefen.
Anne Kari Faleide er 40 år og har tidlegare arbeidd ved opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.
Robert Haugen tilsett som
distriktsbibliotekar/rådgivar i full stilling der han skal jobbe med utviklings- og prosjektarbeid, spesielt litteratur- og
kulturformidling.
Robert Haugen er snart 41 år og har nyleg tatt mastergrad i
bibliotek- og informasjonsvitenskap ved HiO, og har tidlegare
arbeidd som journalist og lærar.
22.08.06:
Det
er klart for Bibliotekdagane
Vi
inviterer med dette alle bibliotekfolk i fylket til Bibliotekdagane 2006
i Årdal 12. -13. september på Klingenberg Hotell. Tema i år er
”Biblioteket si rolle i lokalsamfunnet”. Vi har også lagt
inn eit besøk på Årdal bibliotek. Vi håpar at mange synest
programmet er interessant og tek turen.
Program
og påmeldingsskjema
10.07.06:
Fylkesbiblioteket ønskjer alle samarbeidspartnarar og vener ein riktig god sommarferie!
Nyt sommardagane og sett av dagane 12.-13. september til å treffe kollegaer og diskutere aktuelle bibliotekspørsmål
på årets bibliotekdagar. Vi kjem tilbake med endeleg program og påmelding
rett etter ferien.
Elles er det ein travel september på kulturfronten i fylket:
-
4.- 8. september arrangerast ”Læringsdagane for vaksne” ved Vaksenopplæringsforbundet i fylket. Markeringa startar i Nordfjord med bruk av bokbussen.
-
6.-7. september går konferansen
”Leselyst”
av stabelen i Førde. Arrangørar er Fylkesmannen og fylkeskommunen.
-
12.- 13. september er det
Bibliotekdagane 2006 i Årdal. Arrangørar er Fylkesbiblioteket og Norsk Bibliotekforening. Tema i år er Biblioteket si rolle i lokalsamfunnet.
-
20.- 22. september har NOKU landskonferanse 2006,
"Kulturløftet og hverdagen", i Florø.
03.07.06:
Sommarstenging
Fylkesbiblioteket
held sommarstengt i veke 31 (31. juli - 4.august). Det vil altså ikkje
bli ekspedert fjernlån denne veka.Resten av sommaren har vi kontortid
som vanleg, 08.00-15.00.
15.06.06:
Bibliotekstatistikken viser store forskjellar
mellom biblioteka
Folkebibliotekstatistikken
som no er klar, syner at det er store forskjellar mellom folkebiblioteka
i fylket. Dette viser tydeleg både når det gjeld utlån og løyvingar
til innkjøp.
På
utlånstoppen ligg Høyanger med 10,48 utlån pr innbyggar i året, med
Vik og Luster på dei neste plassane med hhv 8,15 og 7,70 lån. I den
andre enden av utlånsskalaen ligg Vågsøy med 1,35 lån pr innbyggjar.
Gjennomsnitt for fylket er 5,06.
Også
når det gjeld løyvingar til innkjøp av bøker og andre media er det
store forskjellar. Fylkessnittet er er på 38,95 kr pr innbyggjar til
medieinnkjøp. Bak dette gjennomsnittet ligg det store ulikskapar - frå
Vik og Aurland som brukte 84,51 kr og 82,49 kr pr innbyggjar, til
Balestrand, Hornindal og Vågsøy med hhv 21,34 kr, 21,30 kr og 8,55 kr.
Ellers
kan ein lese ut frå statistikken at ein stadig større del av
samlingane til biblioteka er anna enn bøker, som video/dvd, lydbøker
og musikk. For mange bibliotek er ein stor del av utlånet slike
"andre media".
Meir
om folkebibliotekstatistikken for Sogn og Fjordane 2005
26.05.06:
Skulebibliotekstatistikken
ABMu sender no ut brukarnamn og passord til kvar skule + kommunane for
registrering av skulebibliotekstatistikken. Kommunane,
fylkeskommunen og fylkesbiblioteket får også tilsendt oversiktar over
brukarnamn og passord til dei som skal rapportere. Fristane er: Skulane:
23. juni og kommunane og fylkeskommunen: 25. august. Rapporter
statistikken på www.abmstatistikk.no
24.05.06:
Forfattarbesøk
Fylkesbiblioteket
sender no ut tilbod om forfattarbesøk til skulane for skuleåret
2006/2007. Forfattarane ein kan velje mellom denne gongen er Grete
Haagenruud, Atle Hansen, Maria Parr og Lars Mæhle. Les
meir.
24.05.06:
Invitasjon til fylkeskonferanse om lesing og
DKS
For første gong vil satsingane Gi rom for lesing og Den Kuturelle
skulesekken gå saman om å gjere noko. Det blir stor konferanse i
Førde 6. og 7. september. Målet med konferansen er å spreie idear, ny
kunnskap, bidra til erfaringsdeling, samarbeid og inspirasjon. Første
dag av konferansen vil handle mest om Den kulturelle skulesekken, men
med fokus på lesestimulering der det høver. Andre dag har vi mykje
spennande å by på om lesing, litteratur og formidling. Gode tiltak i
fylket skal fram i lyset. Som krydder får vi oppleve magiske
forteljingar og elever som tolker Ibsen på eigen måte.
Arbeidsgruppa
bak konferansen er Forum for leselyst. Vi er ei gruppe sett saman av
representantar frå folkebibliotek, skule, biblioteka i skulane,
fylkesbiblioteket og dei to store satsingane som har så mykje å seie
for at vi har fått ny optimisme i lesestimuleringa, Gi rom for lesing
og DKS.
Velkomen!
Program og påmeldingsskjema ligg på nettsidene til fylkesmannen, her.
Påmeldingsfrist 15. juni.
16.05.06:
Bibliotekprisen for Sogn og Fjordane
Norsk Bibliotekforening, avdeling Sogn
og Fjordane, har i år oppretta ein bibliotekpris for fylket. Prisen kan
gå til eit bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og
Fjordane, og vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller for å
fremje og synleggjere biblioteka si rolle i samfunnet.
Kriteria
for tildeling av prisen er at arbeidet representerer spanande,
utradisjonelle og framtidsretta tiltak innan kultur-, kunnskaps- eller
informasjonsformidling. Det kan vere innan marknadsføring,
lesestimulering, tilrettelegging av tenester for ulike brukargrupper
eller generelt god teneste og service.
Tildeling
vil skje i samband med NBF Sogn og Fjordane sitt årsmøte i september
2006. Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort.
Juryen, som består av Torill Berge, Anja A. Mjelde og Siri Ingvaldsen,
avgjer etter avslutta nominasjonsprosess om det er grunnlag for
tildeling.
Biblioteklaget
vil gjerne ha framlegg til kandidatar! Meld
inn framlegg her. Frist er 15. juni.
04.05.06:
Vi
må dessverre avlyse kurset "Bruk av internett". Vi satsar på
å arrangere det på eit seinare tidspunkt.
28.04.05:
Påmeldingskjema for kurset "Bruk av internett" med Roar
Storleer frå UBiT er lagt ut. Les meir og meld deg på her.
17.03.06:
Bokbåten
har nett avslutta vinterturen, etter ein nesten tre vekers tur rundt i
fylket. TV2 var ombord i to dagar og laga ein stemningsrapport, og denne
vert truleg send i Magasinet rett etter Nyhetene kl. 18.30 på laurdag
18. mars.
03.03.06:
Bibliotekprisen NBF Sogn og Fjordane -
invitasjon til å kome med forslag. I år vil ein for første gang
dele ut Bibliotekprisen NBF Sogn og Fjordane. Prisen kan gå til eit
bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og Fjordane, og vert
vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller arbeid for å
fremje og synleggjere biblioteka og biblioteka si rolle i samfunnet. Medlemmer
i NBF Sogn og Fjordane - både personlege medlemmer og
institusjonsmedlemer - blir med dette invitert til å komme med forslag
på kandidatar. Les meir.
28.02.06:
Kurs i utstillingsteknikk. Det er no lagt ut program og
påmeldingsskjema for kurset i utstillingsteknikk på kurssidene
våre.
20.02.06:
Statistikk. ABMu har no sendt ut brukarnamn og passord for
folkebibliotekstatistikken. Fristen for levering er 27. februar.
Statistikkskjema finn de på www.abmstatistikk.no.
Ta kontakt med fylkesbiblioteket (Anja A. Mjelde) om de har spørsmål
til statistikken. Det er enno ikkje opna for registrering av
skulebibliotekstatistikk.
10.02.06:
Ledige
stillingar. Ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek er det ledig to
stillingar, distriktsbibliotekar/rådgivar i 100% og ei 50% stilling som
sekretær. Heile utlysinga kan ein lese her.
Søknadsfrist er 23. mars.
01.02.06:
Den
fullstendige bokbåtruta er no lagt ut her.
Epos går ut frå Førde 24. februar, og etter å ha besøkt 38 stader i
fylket returnerer den 14. mars. Underhaldninga denne gongen er det Inger
Bakke som står for, med forestillinga "Berta
Ert - en erteforestilling".
25.01.06:
No
er kurskalendaren for 2006 lagt ut. Vi skal bl.a. ha kurs i
utstillingsteknikk, internettsøking og "Kva er eit godt
bibliotek", forutan biblioteksjefsamlingar og dei vanlege
barnebokkursa. Les meir i kursoversikten.
24.01.06:
Vi har samla inn førebels utlånsstatistikk for 2005 for
folkebiblioteka i fylket. Dessverre ser det ut til at utlånet har gått
ein del ned for fleire bibliotek enn utlånet har auka for. Tal og
grafar finn de på statistikksidene
våre.
20.01.06:
Fristane for levering av bibliotekstatistikk til ABMu:
-
Folkebibliotek:
6. mars (=ny frist)
-
Fylkesbibliotek
(fybs eigen statistikk): 15. mars
-
Grunnskulebibliotek:
utsett (på ubestemt tid)
-
Bibliotek
i vidaregåande skule: utsett (på ubestemt
tid)
Statistikkbasen
er enno ikkje gjort tilgjengeleg for innlegging av data, biblioteka skal
få brev med brukarnamn og passord frå ABMu når dei kan byrje å legge
inn.
13.12.05:
Nytt nummer av "Over
skranken" er ute, og her kan ein lese om ting som foregår på
fylkesbiblioteket og i biblioteka rundt i fylket.
08.11.05:
Laurdag
12. november markerar folkebiblioteka i indre Sunnfjord saman med
fylkesbiblioteket den landsomfattande aksjonen Fokus 2005, som skal
synleggjere folkebiblioteka si rolle i kunnskapssamfunnet. Bibliotekfolket
kjem ut av biblioteka og inntek handelshuset Førde Torg. Her skal vi
med både alvor og skjemt vise kva ein kan bruke biblioteket sitt til.
Det blir blant anna "kunnskapsløft",
litterær mannekengoppvisning, demonstrasjon av informasjonssøking på
internett og bokprat - presentasjon av utvalde bøker. Alt dette på
Førde Torg frå klokka 12 laurdag 12. november.
12.10.05:
Årets barnebokmøter blir i år i Florø 7. november og Sandane 8.
november. Meir informasjon og påmeldingsskjema finn de her.
22.09.05:
Enda litt meir materiale frå Bibliotekdagane - denne gongen lista
over nynorsk litteratur Janne Karin Støylen presenterte.
21.09.05:
Siri Ingvalden hadde innlegg om "Kultur for læring – i
biblioteket" på Bibliotekdagane. Her er powepoint-presentasjonen
ho brukte (og den same i pdf-format).
21.09.05:
Bokbåtruta for hausten er no klar, og lagt ut her.
Bokbåten Epos legg i haust ut 14. oktober, og reiser rundt i fylket i
19 dagar før den returnerer. Programmet i haust er det Nina Næsheim
som står for, ho kjem med forestillinga "Himmel og hav" som
ein kan lese meir om her.
20.09.05:
På Bibliotekdagane hadde Svanhild Aabø eit svært interessant foredrag
om "Å sette pris på biblioteket – er biblioteket verdt prisen?".
Vi legg her ut powerpoint-presentasjonen
ho brukte. (Konvertert til pdf-format)
19.09.05:
Vi har lagt ut turneplanane for forfattarbesøka fylkesbiblioteket
arrangerar i haust. Det er Ragnfrid Trohaug, Reidar Kjelsen og Bjørn
Ingvaldsen som reiser rundt til skular i fylket, og tid og stad for
besøka finn ein her (eller gå
til "Lesestimulering" i menyen).
18.08.05:
Datoane for årets barnebokmøte er klare - det blir i Florø 7.
november og på Sandane 8. november. Nærare opplysningar og påmelding
kjem seinare.
10.08.05:
Bibliotekdagane 2005. Det er no igjen tid for Bibliotekdagane i
Sogn og Fjordane, vi får bl.a. besøk av Svanhild Aabø som vil
presentere doktoravhandlinga si. Fullstendig program og
påmeldingsskjema finn du her,
eller via Kurs og møte i menyen.
09.08.05:
Prosjektmidlar frå ABM-utvikling for 2006. Utlysingstekstar og kriterium for prosjektmidlar og sikringsmidlar for 2006 frå ABM-utvikling er no klare.Ein
kan søkje i sju ulike kategoriar. Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadsskjema blir lagt ut 1. september.
Utlysningstekst.
05.08.05:
Sida med anbefalte klassesett
er oppdatert med fleire nye titlar.
02.08.05:
Vi har fått nokre nye klassesett. Omtale av desse er lagt ut på klassesettsidene
våre. På desse sidene ligg også det nye tingingsskjemaet
vårt.
01.08.05:
Bokbussruta for hausten 2005 og våren 2006 er lagt ut. Du finn den via
menyen, eller direkte her.
20.06.05:
Bokbåten redda! Et enstemmig fylkesting vedtok 16. juni å
fornye avtale om bokbåten. Alle partia snakka varmt om både
litteratur, bibliotek og bokbåt, det blei til og med deklamert dikt til
ære for båten. Alt i alt en stor dag for biblioteka og oss som er
opptatt av litteratur og leseglede! Ein kan lese møtebok for
fylkestinget 16.06. her.
16.06.05:
Eit nytt nummer av "Over skranken" er lagt ut, her kan ein
lese om litt av det som foregår på bibliotekfronten i fylket. Du kan
lese det her.
02.06.05:
Utviklinga i bokbåtsaka: 1. juni var saka om "Litteraturformidling i Sogn og Fjordane"
oppe i Fylkesutvalet. KrF, V og Sp sette her fram framlegg om at "Sogn
og Fjordane fylkeskommune reforhandlar leigeavtalen med bokbåten med
sikte på fornying når denne avtalen går ut 31.08.05", og
framlegget fekk fleirtal med 5 mot 4 røyster. Etter framlegg frå Sp
blei det også vedteke at "Hovudutval for kultur si ramme vert auka
tilsvarande kostnaden med drifta av bokbåten."
Saka skal vidare handsamast på fylkestinget 16./17. juni.
31.05.05:
Bokprat-samling. Samlingane skal fungere som et forum for oss som
jobbar med bokprat og lesestimulering. På samlingane kan vi inspirere
kvarandre og diskutere erfaringar og idear. Vi vil jobbe vidare med det vi har lært på
bokpratkurset, og diskutere korleis vi kan bruke dette i arbeidet vårt.
Kanskje kan bokprat bli eit tilbod i Den kulturelle skulesekken? Samlingen er for dei som deltok på kurset i bokprat
med Marianne Svarstad. Etterkvart kan det bli aktuelt å få med alle dei som jobber med lesestimulering i biblioteka i fylket.
Stad og tid: Øyrane vg skule 7. juni kl.1000-1400, rom A233
30.05.05:
Litteraturformidling/bokbåt. I saka
"Litteraturformidling i Sogn og Fjordane" som skal opp på
fylkestinget i juni, blir det altså foreslått at bokbåten skal
leggast ned. Men første del av forslag til vedtak er at "Rapporten
'Litteraturformidling i Sogn og Fjordane. Eit tilbod for framtida' vert
lagt til grunn for fylkeskommunen sitt vidare arbeid med
kulturformidling til barn og unge i fylket." Denne utgreiinga er
det fylkesbiblioteket som har stått for, og ein finn den under "Lesestimulering",
eller kan gå direkte her.
30.05.05:
Forfattarturnear. Under menyvalet "Lesestimulering"
i menyen til venstre, vil ein bl.a. finne informasjon om
forfattarturnear. Meir informasjon om haustens turnear + tingingsskjema, finn ein her.
20.05.05:
Heile katalogen til Den kulturelle skulesekken er no lagt ut på
nettsidene våre - her.
19.05.05:
Bokbåten foreslått nedlagt. Fylkesrådmannen foreslår som del
av saka "Litteraturformidling i Sogn og Fjordane" at
bokbåtavtalen ikkje vert fornya når denne går ut i august. Saka skal
opp i Hovudutval for kultur 25. mai, fylkesutvalet 1. juni og så opp på Fylkestinget
16./17. juni.
Heile saka finn de her.
18.05.05:
Gi rom for lesing
No er det nye moglegheiter for å setje i gang prosjekt i samarbeid med skulen. I haust delar Fylkesmannen ut nye midlar frå staten til ”Gi rom for lesing”-prosjekt. Midlane skal
gå til tiltak for å auke leselyst og lesedugleik. Det kan også vere tiltak for å utvikle skulebibliotek.
Omkring 50 skuler i fylket har tidligare år fått pengar frå ”Gi rom for lesing”. Kva skular og prosjekt som har fått pengar kan du sjå på
denne
sida.
Denne gongen vil dei gi pengar til nye skular og prosjekt.
Skulebibliotek er eit område som ofte treng ein satsing. Folkebiblioteka og den kompetansen de har, kan vere ein god hjelp for skulane når dei skal setje i gang arbeidet med å betre skulebiblioteka. Dersom ein vel å satse på lesestimulering som prosjekt, må eit samarbeid mellom folkebibliotek og skule vere ein stor fordel. Initiativet til ein søknad kan godt komme frå
folkebiblioteket. Søknadsfrist for hausten er 15. september.
09.05.05:
Haustens bokbåttur er sett opp for perioden 14. oktober - 1.november.
Meir informasjon kjem når dette er klart
02.05.05:
Vi har oppretta eigne sider for lesestimulering. Dei skal byggast ut
vidare, førebels ligg det informasjon om ulike forfattarturnear i regi
av fylkesbiblioteket der. Sidene finn de via menyen, eller her.
19.04.05:
Bibliotekdagane bli i år halde den 15. og 16. september i Førde.
Programmet er ikkje heilt klart enno, men vi har alt fått ein avtale
med Svanhild Aabø som dei siste månadane har fått mykje merksemd pga doktoravhandlinga
"The Value of Public Libraries".
11.04.05:
Det er gitt nye fristar for levering av bibliotekstatistikk. Fristen for
folkebiblioteka er no 14. april, og for skulebibliotek er fristane slik:
Grunnskulebibliotek: 22. april (kommunar: 29. april) og bibliotek i vidaregåande
skule: 22 april (fylkeskommunen: 29. april)
30.03.05:
Verdas bokdag blir markert 22.-23. april. På www.verdensbokdag.no
kan ein bl.a. få tips til aktivitetar.
29.03.05:
Det er no (omsider) tid for innrapportering av bibliotekstatistikken. I
år er det heilt nye skjema, men det er stort sett dei same tala som
før det blir spurt etter. Fylkesbiblioteket har som vanleg oversikt
over brukarnamn og passord, dersom de har behov for det. Årets fristar
er: 13. april for folkebiblioteka, 12. april for grunnskulane og 12.
april for vidaregåande skular. Statistikkskjemaet finn de på www.abmstatistikk.no.
Kontaktperson på fylkesbiblioteket er Anja A. Mjelde.
04.03.05:
Fylkesbiblioteket arrangerar fleire forfattarturnear i vår. På http://www.sf.fylkesbibl.no/forfattar/
legg vi ut turneplanane når dei er klare. Førebels er turneplanane for
Bente Bratlund Mæland og Arnfinn
Kolerud lagt ut.
04.03.05:
Frå 1.mars er Solveig Bjordal tilbake som fylkesbiblioteksjef. Gunnvor
Schei, som har vikariert for Solveig det siste året, er tilbake i si
vanlege stilling som distriktsbibliotekar.
02.02.05:
Ruta for bokbåten Epos sin vintertur er er klar, og lagt ut her.
Bokåten legg ut frå Førde 25. februar, og reiser rundt i fylket i 19
dagar. På denne turen står Alf Bugge Gjerstad og Nini Ritzau for
underhaldninga med forestillinga "Småsporven gjeng i tunet". Les
meir.
28.01.05:
Nasjonalt nettverk for kompetanseutvikling for skolebibliotek arrangerar
i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek fagdag for skulebibliotekarar i vgs. i Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane.
Fagdagen bli i Bergen 15.mars 2005. Les
meir.
24.01.05:
Det blir Mikromarc informasjonsmøte fredag 11. februar på Skei. Jens
Christian Strandos frå BIBITS kjem, og vil demonstrere det nye
websøket, informere om ulike driftsløysingar og svare på spørsmål. Les
meir.
18.01.05:
NBF Sogn og Fjordane arrangerar til seminar om yrkesetikk på Skei
hotell torsdag 17.februar 2005. Foredragshaldar vert Robert Wallace
Vaagan som har arbeidd med dette temaet både i regi av IFLA og det
tidlegare Riksbibliotektjenesta. Seminaret rettar seg mot tilsette både
innan folke-, skule- og fagbiblioteka. Les
meir.
04.01.05
Biblioteksentralen lyser ut stipend for tilsette i offentlege bibliotek.
Stipenda kan nyttast til reiser, studiar, utgreingar eller
prosjektutvikling - les meir på
nettsidene til Biblioteksentralen. Søknadsfrist er 14. februar.
04.01.05
Torsdag 6. januar har fylkesbiblioteket personalseminar - det vert difor
ingen tilstades på fylkesbiblioteket denne dagen.
16.12.04:
Eit nytt nummer av "Over
skranken" er lagt ut. Her kan ein lese om ting som skjer
på bibliotekfronten i fylket, bl.a. ulike arrangement, nye
biblioteklokaler fleire stadar, og om framtida for bokbåten Epos.
15.12.04:
Opningstider i jula:
Fylkesbiblioteket er stengt julaftan og nyttårsaftan, i romjula har vi
kontortid 10-14.
02.12.04:
Hjørdis Birkeland, som har arbeidd ved fylkesbiblioteket sidan 1992,
valde å pensjonere seg frå 1. november. Vi takkar henne for innsatsen!
Anne Marit Ytterbø, kjend frå Gaular folkebibliotek, vert ny
medarbeidar hos oss frå 1. desember og inntil vidare.
07.10.04:
I år blir det kurs i årets barne- og ungdomslitteratur både i
Sogndal og i Førde. Meir info, program og påmelding her.
07.10.04:
Fylkesbiblioteka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane går saman om
arrangere "Kurs i bokprat" med Marianne Svarstad og Mona
Eklund. Begge to har lang og omfattande erfaring med slike kurs. Kurset
går over to gongar tre dagar i februar/mars 2005. Bakgrunnen for lengde
på kurset, er ein tanke om at det å bli ein god formidlar er ein
prosess, der kvar deltakar får kan prøve ut bokprat-verkty i
stimulerande omgjevnadar. Les meir.
NB! Påmeldingsfristen er alt 20.oktober..
20.09.04:
Informasjon om haustens bokbåttur er no lagt ut. Bokbåten startar i
Svortevik torsdag 21. oktober, og har siste stopp i Florø den 8.
november (heile ruta). Med på
bokbåten i år er Roger Hilleren og Helge Sveen med forestillinga Ha
det på badet!, som ein kan lese meir om her.
17.09.04:
Fylkesbiblioteket vil styrke og intensivere biblioteksamarbeidet mellom
kommunane i fylket, og i oktober startar nettverksamlinger for
folkebiblioteka for regionane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Dei første
samlingane vil vere ved Sogndal bibliotek, Flora folkebibliotek og Eid
folkebiblotek.Les meir om samlingane her.
01.09.04:
Programmet for årets bibliotekdagar er klart. Som før meldt blir
møtet i år i Bergen, og vi har første dag saman med bibliotekfolk
frå Hordaland. Program og påmeldingsskjema finn ein her.
18.08.04:
Hausten 2003 var reiste fem bibliotekarar til Danmark som ein del av
prosjektet "Pædagogisk brug af biblioteker og informationskilder -
Udvekslingsprojekt mellem Norge og Danmark". I vår reiste ei ny
gruppe til Danmark, og rapporten kan du lese her
(pdf-fil).
01.07.04:
Bokbussruta for hausten 2004 og våren 2005 er lagt ut her.
01.07.04:
Datoane for haustens barnebokmøter er klare; det blir torsdag
11. november i Førde, og fredag 12. november i Sogndal. Meir info vil
seinar bli lagt ut på kurssidene våre.
28.06.04:
Bibliotekstatistikken for 2003 er lagt ut på statistikksidene
våre.
18.06.04:
Sommarnummeret av Over skranken
er lagt ut. Her kan ein lese om ting som skjer på fylkesbiblioteket og
rundt om i biblioteka i Sogn og Fjordane.
24.05.04:
Redusert fjernlån i juni. Førde
bibliotek skal pussast opp, størstedelen av samlingane til
Fylkesbiblioteket/Førde bibliotek må pakkast vekk og vert ikkje
tilgjengelege for fjernlån i juni månad. Bygdebøker, mikrofilma
folketeljingar/kyrkjebøker, magasinsamlinga og mobilsamlinga vil
framleis vere tilgjengelege.
24.05.04:
No er også pdf-filer av Anne Kristin Undlien sitt innlegg på seminaret
om biblioteksamarbeid lagt ut. Du finn dei her.
14.05.04:
PDF-filer frå seminaret om biblioteksamarbeid er lagt ut her.
Førebels er det filer frå innlegga til Elin Golten og Anja Angelskår
Mjelde som er lagt ut, stoff frå Anne Kristin Undlien og frå
gruppearbeida vil også bli lagt ut.
14.05.04:
Den nye katalogen for Den kulturelle skulesekken, skuleåret 2004/2005,
er lagt ut. Du finn den via menyen, eller ved å klikke her.
26.04.04:
Bibliotekdagane blir i år i Bergen 28.-29. september. Programmet
er enno ikkje klart, men vi vil ha første dag saman med Hordaland, dag
2 har vi eige opplegg.
26.04.04:
Presentasjonen av årets barnebøker blir i haust arrangert både i
Sogndal og Førde. Dato er ikkje fastsett, men det blir rundt midten av
november.
19.04.04:
Sjefsbytte på fylkesbiblioteket: Gunnvor Schei er konstituert
som fylkesbiblioteksjef i tidsrommet 15.04.04 - 28.02.05. Tidlegare
fylkesbiblioteksjef Solveig Bjordal har i same tidsrommet gått over i
rådgjevarstilling og vil arbeide med prosjekt- og utvikingsoppgåver
knytt til kommunalt og interkommunalt biblioteksamarbeid, oppfølgjing
på ABM-sektoren, m.m.
13.04.04:
Kurssidene er igjen oppdatert, no med program for seminaret
"Biblioteksamarbeid - mogelegheiter og fallgruver". Les
meir.
23.03.04:
Kurssidene er oppdatert med førebels informasjon om møte om
biblioteksamarbeid, som vil bli arrangert 4. mai. Les
meir.
19.03.04:
Fylkesbiblioteket og Opplæringsavdelinga arrangerar i samarbeid eit
kurs i søk på internett for tilsette i folkebibliotek og vidaregåande
skule. Kursleiarar er Solveig Eik og Rigmor Haug frå Vestfold
fylkesbibliotek, som er hhv prosjektleiar for det nasjonale prosjektet bibliotekvakten.no
og bibliotekkonsulent med IKT som arbeidsområde. Meir
info.
04.02.04:
Nye e-postadresser til fylkesbiblioteket.
Fylkesbiblioteket har hatt ei omlegging av datasystema sine, og har no
fått nye e-postadresser for e-post til dei tilsette. Dei gamle vil
framleis fungere, men vi ber om at de heretter sender til dei nye. Dei
nye adressene er på formen
fornamn.mellomnamn.etternamn@sf-f.kommune.no. I adressene blir å og æ
erstatta med a, og ø med o. Oversikt over dei tilsette finn du her.
Adressene for fjernlån og generelt til
fylkesbiblioteket er framleis om før.
04.02.04:
Bokbåtruta for vinterturen er no lagt
ut. Båten legg ut frå Førde 23. februar, og har 39 stopp rundt i
kommunane før den returnerar 12. mars. Underhaldninga denne gongen er
Christin Grilstad Prøis med ei forestilling om bygd rundt bøkene om
Heksagon. Les meir om forestillinga.
16.12.03:
Julenummeret av "Over skranken" er no lagt ut - klikk her
eller gå via menyen til venstre. I dette nummeret kan ein bl.a. lese om
150-årsjubileumet til Førde bibliotek, to ulike prosjekt på
bokbussen, Leonardo-utvekslinga til Danmark, Lesestafetten og mykje
meir.
28.11.03:
Vi har no lagt ut oppdaterte sider om utvekslingsprosjektet
Norge/Danmark som blei gjennomført i september/oktober - fagleg
innhald, program, reisedagbok og bilete. Det er framleis
midlar til å sende fire personar til Danmark...
Informasjonen om "Den
kvalifiserte informasjonssøkaren" er også blitt oppdatert
etter gjennomføringa 23.-24. oktober.
25.11.03:
Fylkesvinnarar i Txt Dramatisk. Fredag 21. november valde
juryen ut to bidrag som går vidare til den nasjonale finalen. Vinnarane
er bidrag frå 10. klasse på Skei skule og 8. klasse på Aurland barne-
og ungdomskule. 10. klassen på Skei skule deltok med ei dramatisering
av Tusen biter av Kjetil Johnsen. 8.klasse på Aurland skule
hadde laga fire ulike dramatiseringar. Dei vann fylkeskonkurransen med
dramatiseringa av Kurt blir grusom av Erlend Loe.
I Juryen satt Berit Snøan, amatørteaterkonsulent
på Sogn og Fjordane teater, Torhild Vie, kinosjef i Førde og Anja
Angelskår Mjelde, distriktsbibliotekar på Sogn og Fjordane
fylkesbibliotek. I Oslo skal Erlend Loe, Thomas Gjertsen, Aslak Sira
Myhre og fleire andre kjendiser vurdere alle bidraga, to frå kvart
fylke. Ti bidrag blir plukka ut, og så blir den nasjonale vinnaren
kåra etter ei nettavtemming. Følg med på www.txt.no
13.11.03:
Vi har lagt ut litt informasjon om fotoprosjektet "Bokbussen hentar
inn fortida", der fylkesbiblioteket og fylkesarkivet samarbeider om
å samle inn gamle foto. Til dette brukar vi bokbussen. Informasjonen
finn de på http://www.sf.fylkesbibl.no/prosjekt/bussfoto/
15.10.03:
Informasjon om haustens
barnebokmøte er no lagt ut på kurssidene
til fylkesbiblioteket.
24.09.03:
Det endelege programmet for konferansen "Den kvalifiserte
informasjonssøkaren - verkstad for lesestimulering og
informasjonskompetanse" er no klart - du finn det her.
Vi håpar at mange vil delta, og minner om påmeldingsfristen som er 3.
oktober. Meir info om
konferansen.
23.09.03:
Haustens bokbåtrute er no lagt ut på nettet. Båten legg ut frå
Førde måndag 20. oktober, og besøker 39 stadar før den returnerar
den 7. november. Ruta finn de her.
Underhaldninga på denne turen er Finagel Felespiller - "ei
laussloppen framsyning for ein skodespelar, ein amerikakoffert og to
dokker". Les meir om framsyninga her.
19.09.03:
Bibliotekdagane 2003 er vel overstått. Anders Ericson hadde eit
interessant foredrag om temaet for bibliotekdagane - "Det gode
bibliotek om 10 år" - og dette foredraget finn de på http://www.frilanders.net/selje03.html
12.08.03:
Fylkesbiblioteket har ein del klassesett som vi lånar ut til skulane i
fylket. I tillegg til å kunne gå inn på lister fordelt på
klassetrinn, språk mm, er det no oppretta eit eige websøk for
klassesetta. Ved å gå inn på http://www.sf.fylkesbibl.no/cgi-bin/websok-klassesett
kan ein søke i klassesetta ved fylkesbiblioteket. Listene finn de her.
07.08.03:
Program og påmeldingsskjema for Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane 2003
er no lagt ut. Bibliotekdagane vert i år i Selje 8.-9. september.
Hovudtemaet er "Det gode bibliotek om ti år", med Andres
Ericson som innleiar. Les meir.
07.08.03:
Bokbussruta for hausten 2003 og våren 2004 er lagt ut. Du finn den i
menyen under "Bokbuss og bokbåt", eller ved å gå direkte her.
05.08.03:
"Webdesign for bibliotekansatte" ser eit studietilbod som
startar opp i haust ved Høgskolen i Bergen. Studietilbodet er eit
samarbeid mellom Hordaland fylkesbibliotek og Høgskolen Stord/Haugesund
og gir 15 studiepoeng. Det vil gi innføring i utvikling og produksjon
av nettstadar med utgangspunkt i brukargrupper og problemstillingar for
fag- og folkebibliotek. Studiet er delvis nettbasert bygd opp rundt eit
studiestøttesystem og tre obligatoriske samlingar på to dagar.
Søknadsfrist er 15. august. Les meir her.
24.06.03:
Nytt nummer av Over skranken er lagt ut. Her kan ein lese meir om
bl.a. Lesestafetten, Nærinett-prosjektet, framtida til bokbåten og Den
kulturelle skulesekken. Les
Over skranken.
02.06.03:
Lise Alsted Henrichsen har laga ein rapport frå
voluntørprosjektet sitt, du kan lese meir her,
eller heile rapporten her
(pdf-format).
09.05.03:
Årsmeldinga til fylkesbiblioteket og folkebibliotekstatistikken for 2002 er no lagt ut på nettsidene våre. Statistikken viser ein auke i
utlånet frå biblioteka, trass i at biblioteka stadig får mindre
pengar til innkjøp av media. Les meir.
29.04.03:
Den nordiske konferansen "Biblioteket som
pedagogisk ressurs – frå brukaropplæring til
biblioteksdidaktikk" blei arrangert på Haugland i 2001. No arbeider
ei ny arbeidsgruppe med eit oppfølgingseminar til hausten. Les
meir.
28.04.03:
Biblioteket ved Røde Kors Nordic United World College i samarbeid med
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har søkt om eit mobilitetsprosjekt via
EU-programmet Leonardo Da Vinci. Formålet med utvekslingsprosjektet er
å utvikle ein felles platform eller forståing av god praksis innan
biblioteksdidaktikk, dvs. pedagogisk brug af biblioteker og
informationskjelder. Vi satsar på å få sendt ca 10 deltakarar til
Danmark i haust. Les
meir om prosjektet.
28.03.03:
Vi har lagt ut informasjon om nye kurs/møte på kurssidene
våre. I mai blir det kurs i "Internett som arbeidsverktøy for å finne stoff til
prosjektoppgaver". 8.- 9. september bli Bibliotekdagane i Sogn og Fjordane
arrangert i Selje . Tema er "Det gode bibliotek om 10 år". Kurssidene.
18.03.03:
Bokbussmøte. Fylkesbiblioteket inviterer saman med fylkesarkivet
biblioteksjefane i bokbusskommunane til eit informasjons- og
drøftingsmøte om det nye prosjektet "Bokbussen hentar inn
fortida". Litt meir info finn ein i invitasjonsbrevet
som er sendt ut.
14.01.03:
Kurssamarbeid mellom fylkesbiblioteka. Vi vil gjere merksam på
at det er høve for bibliotektilsette i Sogn og Fjordane å delta på
kurs i regi av fylkesbiblioteka i Hordaland og Møre og Romsdal, når
dei har ledig kapasitet. Likeeins kan bibliotektilsette i dei to fylka
delta på kurs hos oss. Følg med på kurssidene til Hordaland
og Møre
og Romsdal for å sjå kva kurs dei arrangerer.
14.01.03:
Ny bokbåtrute. Bokbåtruta
for vinteren er lagt ut. Båten legg ut frå Førde 26. februar, og gjer
41 stopp rundt i fylket før den er tilbake 16. mars. Underhaldninga på
bokbåten i vinter er Kirsten Høeg med forestillinga "I trollets
time", der ho formidlar norske folkeeventyr. Les
meir om forestillinga.
13.01.03:
Bibliotekstatistikk 2002
Det er igjen tid for å rapportere bibliotekstatistikk. Skjema
for registrering finn ein på ABM-utvikling sine nettsider. Der
finn ein også rundskriva
i samband med bibliotekstatistikken 2002. Det er også svar
på enkelte ofte stilte spørsmål. Rettleiing til utfylling av
statistikkskjema finn ein når ein loggar seg inn for registrering.
20.12.02:
Bruk av "Mappa Mi" for biblioteka. Vi vil gjerne
opplyse/minne om at også biblioteka kan bruke tenesta "Mappa
Mi" på Fylkesbiblioteket/Førde bibliotek. Her kan de sjå kva
lån de til ei kvar tid har hos oss, fornye lån og sjå kva bøker de
har reservert. Tenesta finn de her
- eller ved å klikke på "Mappa Mi"-logoen i høgre meny. For
å logge dykk inn brukar de det nasjonale biblioteknummeret og
autorisasjonskoden de har i Nasjonalbibliotekets base Bibliotek.
16.12.02:
Nytt
nummer av "Over skranken" er lagt ut. Her kan ein
bl.a. lese om breibandsprosjekta som fekk midlar få Statens
bibliotektilsyn i år, kva som skjer med bokbåten, og om eit nytt
bokbussprosjekt som er på gang.
14.11.02:
Fylkesbiblioteket har omarbeidd nettsidene for klassesett. I staden for
kun ei lang liste, er klassesetta no grupperte i ulike kategoriar
(språk, "lett å lese", klassetrinn osv), slik at det blir
lettare å finne fram til akkurat det ein er ute etter. Du finn dei nye
sidene her,
eller via menyen.
01.11.02:
Vi har fått nye nettsider som presenterer "Den kulturelle
skulesekken" i Sogn og Fjordane. Gå inn via lenke i menyen til
venstre, eller klikk her.
16.10.02:
Bibliotekvakten.no
er lansert - ei nasjonal rettleiingsteneste på nett. Her kan brukarane
chatte med bibliotekarar og få svar på faktaspørsmål, få lenketips
eller informasjon om kvar ein kan finne svaret. Bibliotekvakten er eit
nasjonalt prosjekt med 14 samarbeidande bibliotek. Les
meir/chat.
09.10.02:
Informasjon om haustens barnebokmøte
er no lagt ut på kurssidene
til fylkesbiblioteket. Her finn ein også informasjon om datakortkursa
vi arrangerer.
15.10.02:
Veka for vaksne si læring er godt i gang. Ei oversikt over arrangement
og aktivitetar i Sogn og Fjordane finn ein her.
11.10.02:
Det blir no sendt rundt ei åtvaring om eit såkalt
"bamsevirus" som virusprogramma ikkje oppdagar; ein blir bedt
om å søke opp fila jdbgmgr.exe og slette denne. Ikkje gjer
dette! Meldinga er ein såkalla hoax, og fila skal vere på maskina. Les meir hos
t.d. Norman.
02.10.02:
Frå 1. oktober 2002 til 1. juli 2003 er Depotbiblioteket stengt for
vanleg fjernlån. Det einaste som er tilgjengeleg for utlån i denne
perioden er aviser på mikrofilm. Bestillingsadresse for dette er depot-fjernlaan@nb.no.
Les meir om det nye Depotbiblioteket på vevsidene
deira.
27.09.02:
Vi gratulerer Førde bibliotek, Luster folkebibliotek og Eid
folkebibliotek, som alle har fått tildelt breibandsmidlar frå Statens
bibliotektilsyn. Dermed fekk alle biblioteka frå vårt fylke som søkte
i år tildelt midlar. Les meir hjå Statens
bibliotektilsyn.
19.09.02:
Førde bibliotek og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har tatt i bruk
"MappaMi" og "Kikkhullet". I MappaMi
kan ein halde oversikt over eigne lån og reserveringar, fornye lån og
melde frå om adresseendringar. I tillegg er det høve til å melde inn
interesseområde og få beskjed når det blir kjøpt inn materiale innan
desse områda. I Kikkhullet
kan ein ta ein titt på aktiviteten ved Førde
bibliotek/Fylkesbiblioteket, t.d. kva som blir utlånt og innlevert
akkurat no.
MappaMi Kikkhullet
18.09.02:
Kva skjer med "Epos"? Bokbåten i Sogn og Fjordane går
usikre tider i møte. På grunn av bortfall av øyremerka tilskot og
stor auke i leigeprisen frå bokbåteigar har vi ikkje budsjettdekking
for drifta i 2003. Fylkesbiblioteket vil jobbe med saka for å styrkje
budsjettet i løpet av hausten. Som mange sikkert har fått med seg har
saka fått brei mediedekking i NRK. Elles viser vi til artikkel
i Nationen tysdag 17. september. Solveig Bjordal
16.09.02:
Bokbåten Epos er snart klar for haustens rundtur i Sogn og Fjordane;
han legg ut frå Førde fredag 11. oktober, og returnerer 29. oktober
etter 38 stopp fordelt på 14 kommunar. Heile ruteplanen finn de her.
Programmet i år er det Stein Lunde som står for, med teaterstykket
"Tommeliten og Røverne". Les
meir.
19.08.02:
Rapporten frå breibandsundersøkinga som vart gjort i vår, er no klar.
Det viser seg at dersom dei planlagte breibandsutbyggingane blir
gjennomført, vil 77% av folkebiblioteka (hovudbibliotek) i Sogn og
Fjordane ha breibandstilknytning innan utgangen av 2003. Dette er ein
delt andreplass på landsbasis. Heile rapporten
(pdf-format) og pressemeldinga
kan ein lese på Statens bibliotektilsyns nettsider.
02.07.02:
Etter ommøblering på fylkesbiblioteket har Anne Sagen og Anja
Angelskår Mjelde skifta telefonnummer. Riktige nummer er no: Anne Sagen
57 72 18 90, Anja A. Mjelde 57 72 18 87.
24.06.02:
"Over skranken", meldingsbladet til Sogn og Fjordane
fylkesbibliotek, er no omsider klart med eit nytt nummer - årets
første. Gå inn via menyen, eller direkte her.
20.06.02:
Bokbussruta for hausten 2002 og våren 2003 er no lagt ut på nettsidene
våre. Gå inn via menyvalet "Bokbuss og bokbåt", eller gå
direkte til bokbussruta.
19.06.01:
Sjå mappa di på biblioteket! Ny nettbibliotek-teneste.
Som eit av dei første biblioteka i Sogn og Fjordane og på Vestlandet
tilbyr no Sogndal bibliotek lånarane å halda styr på utlånskontoen
sin sjølv! MappaMi er ei ny teneste på internett frå Sogndal
bibliotek. Det tyder at lånarane kan gå inn og få full oversikt over
sin eigen utlånsinformasjon ved biblioteket. Dei kan forlengja
lånetida, melde adresseendringar og reserveringar. Les
meir
Direkte
til MappaMi Heimesidene til Sogndal
bibliotek
14.06.02:
Foreningen !les arrangerar for femte år på rad ein
landsomfattande leseaksjon for barn og unge. Årets aksjon heiter
"Tekst blir bilde", og foregår i tida 10. oktober til 10.
november. Meir om kva årets aksjon går ut på, forslag til aktivitetar
m.m. finn de på Foreningen !les sine nettsider.
NB. Påmeldingsfrist er 22. juni.
11.06.02:
Lurar du på kva som skjer med det nye organet for samordning og
utvikling av arkiv, bibliotek og museum, ABM-utvikling? Det er no
oppretta ei eiga vevside
som skal informere om arbeidet med oppretting/omorganisering av dette
organet.
11.06.02:
Forskingsdagane 2002 blir arrangert 20.-29. september, og
alle "forsknings- og kunnskapsinstituasjoner" er invitert til
å delta. Statens bibliotektilsyn har sett av midlar til økonomisk
støtte til folkebibliotek i samband med forskingsdagane - det er
tidlegare sendt brev om dette til folkebiblioteka. Les meir om forskingsdagane.
11.06.02:
Vaksenopplæringsforbundet (Vofo) arrangerer i år Veka for vaksne si
læring 14.-20. oktober, og veka har mottoet "Læring
Engasjement Deltakelse - Du bestemmer". Det er aktuelt for
biblioteka å markere denne veka, gjennom eigne arrangement eller i
samarbeid med Vofo eller andre. Les meir om veka på Vofo sine nettsider.
27.05.02:
Foreninga Seniornett Norge inviterer biblioteka til å delta i det
landsomfattande arrangementet SeniorSurfdagen, der seniorar kan få
prøve seg på internett i sitt nærmiljø. I år blir SeniorSurf
arrangert den 8. oktober. Les meir på Seniornett
Norge.
27.05.02:
Fylkesbiblioteket har no sendt ut "Bibliotek og bibliotekfolk i
Sogn og Fjordane 2002". Vi har prøvd å få med oppdaterte
opplysningar om bibliotek og bibliotekfolk innan alle sektorar, og
dessutan ein del andre relevante adresser. Vi håpar heftet vil vere til
nytte. Dessverre kan det nok forekomme feil, og dersom nokon har
rettingar eller oppdateringar, så send ein e-post.
Vi har alt ei retting: Balestrand folkebibliotek si adresse er (kun)
6899 Balestrand.
06.05.02:
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har fått tildelt kr. 130 000 i
prosjektmidlar frå Statens bibliotektilsyn, for vidareføring av Fjognedok-prosjektet.
Andre som har fått tildelt prosjektmidlar for 2002 kan du lese om på Statens
bibliotetilsyns nettsider.
06.05.02:
Bibsys har lansert sin emneportal, som er ein generell emneportal
retta mot studentar og tilsette i universitets- og høgskulesektoren.
Emneportalen inneholdt på åpningsdagen 24. april ca 2100 utvalde
nettressursar innan universiteta og høgskulane sine fagområde.
Registreringa foregår ute i Bibsys-biblioteka, og forslag til nye
postar blir godkjent av fagredaksjonane som er oppretta for å sikre
kvaliteten på innhaldet. Bibsys
emneportal.
03.05.02:
Fylkesbiblioteket og resten av kulturavdelinga i fylkeskommunen er på
personalsamling i Lærdal 7. og 8. mai. Det vil difor ikkje vere folk
tilstades på fylkesbiblioteket desse to dagane. Elles så minnar vi om
at det nærmar seg sommartid: Frå 15. mai er kontortida på
fylkesbiblioteket 08.00-15.00.
26.04.02:
Informasjon om og påmeldingsskjema til Bibliotekdagane 2002 er no sendt
ut til biblioteka. Informasjonen er også lagt ut på vevsidene våre,
du kan lese meir her.
19.04.02:
Deichmanske bibliotek lanserer Detektor,
som er ein generell emneportal med kvalitetssikra og katalogiserte
lenker
19.04.02:
Det er no kome eit nytt val i menyen; Bibliotekbasar
i fylket. Her får du ei oversikt over lokale bibliotekbasar som
er søkbare på nettet, både innan folke-, fag- og skulebibliotek. Har
vi gløymd nokon, er det berre å gi
beskjed.
03.04.02:
I samband med arbeidet med bygging av automatlager og overgang
til automatisert materialhåndtering, vil deptbiblioteket ved NBR stenge
sine tenester for ein periode. Artikkelkopitenesta stengte frå 1. april
2002, medan utlånstenesta stenger 1. oktober 2002. Depotbiblioteket
ønskjer også at ein i størst mogeleg grad låner inn frå andre
bibliotek i perioden fram til stenging. Utlån frå automatlageret vil
starte opp 1. juli 2003. Les meir på Nasjonalbibliotekets nettsider om
"Nytt Depotbibliotek".
03.04.02:
Statistikken for fylkesbiblioteket og folkebiblioteka for 2001 er no
lagt ut på statistikksidene til fylkesbiblioteket. Du finn den ved å
gå inn på "Statistikk" i menyen, eller ved å klikke her.
25.03.02:
Utlånsreglar er ikkje forskrifter. Folkebiblioteka sine utlånsreglar kan
ikkje reknast som forskrift etter forvaltningslova konkluderar Justis- og politidepartementets lovavdeling
med i ein tolkingsuttale. For meir info kan ein lese pressemeldinga
frå Statens bibliotektilsyn, eller heile
tolkingsuttalen.
25.03.02:
Riksbibliotektjenesten og Statens bibliotektilsyn har i fellesskap tatt initiativ til
oppretting av eit referanseutvalg for fjernlån. Les
meir.
25.03.02:
Informasjonssøking på internett er ikkje alltid like greit. RBT har to
nettkurs i korleis finne informasjon på nettet. Det eine er eit
generelt Kurs i
bruk av internett, der ein kan lære meir om søking på internett,
gjere søkinga meir effektiv og lære meir om evaluering av
internettressursar. Det andre er eit Informasjonskurs,
og er eit nybyrjarkurs for dei som treng fagleg informasjon om eit bestemt emne, men
ikkje veit korleis dei skal gå fram.
21.03.02:
Flora folkebibliotek har fått nytt telefonnummer: 57 75 60 55.
13.03.02:
Utlysning av breibandsmidlar for 2002 blir no sendt ut til alle
kommunar og fylker. Statens bibliotektilsyn vil gjennom tilskot til breiband
i folkebibliotek stimulere kommunane til å etablere breibandstilknytning
i biblioteka. Kultur- og kirkedepartementet har i år sett av 5 millionar
kroner til breiband i folkebibliotek - noko som er 10 millionar mindre
enn for 2001. Søknadskjema,
rundskriv og rettleiing finn ein også på Statens
bibliotektilsyn sine nettsider. Søknadsfrist er 1. september 2002.
13.03.02:
Valkomiteen har lagt fram innstillinga si til NBFs landsmøte 27. april
2002 i Stavanger, du finn den her.
01.03.02:
Statens bibliotektilsyn satsar på å presentere ein del av det som
skjer innan ABM (arkiv, bibliotek, museum)-samarbeid, og har laga ei
eiga nettside
for dette. Dei har blant anna merka seg Lokalhistorisk
spørjevev.
21.02.02:
Breibandsmidlar for 2002. Statens bibliotektilsyn melder på sine
nettsider
at rundskriv og søknadsskjema for søking av midlar til breiband i
folkebibliotek sannsynlegvis vil bli sendt ut i løpet av mars med søknadsfrist
i midten av september.
18.02.021:
Fredag 22. februar legg bokbåten ut på årets første tur. Dette betyr
at det blir redusert bemanning på fylkesbiblioteket i den tida
bokbåten er ute. I perioden 22. februar - 3. mars er Ingrid Dræge og
Anne Sagen på "Epos", medan Gunnvor Schei og Anja Angelskår
Mjelde er ute i tida 3.-11. mars. Bokbåtruta.
12.02.02:
Deichmanske bibliotek "relanserer" diktregisteret sitt, i ny
og større utgåve. Basen inneheld no over 200 000 postar, stort
sett norske dikt, men det fins også nokre svenske
og danske dikt og ein liten del omsett lyrikk. Dikta
kan søkjast opp på forfattar, tittel, førstelinje og kjelde. Søk
i diktregisteret.
25.01.02:
Kulturdepartementet lyser kvart år ut stipend for bibliotekarar.
Det blir delt ut både reisestipend og stipend til bibliotekfagleg
utviklingsarbeid. Søknadsfristen er 15. mars 2002. Meir
informasjon og søknadsskjema.
30.01.02:
Lurar du på noko når det gjeld bibliotekstatistikken? Statens
bibliotektilsyn har lagt ut svar på ofte stilte spørsmål på statistikksida
si, i tillegg til rundskriv og rettleiingar.
Vi har også fått ei presisering av korleis ein
fører statistikk for mobile einingar, den kan du lese her.
24.01.02:
Bokbåtruta
for vinter/vår 2002 er no klar. Båten legg ut frå Førde fredag 22.
februar, og returnerer 11. mars etter å ha vitja 37 stader. Underhaldninga
på båten er det denne gongen Atle Hansen som står for, han vil synga
og lese frå bøkene sine.
23.01.02:
Kultur- og kirkedepartementet har offentleggjort prosjektbeskriving
og mandat
for det nye ABM-utvikling (Statens samordnings- og utviklingsorgan for arkiv,
bibliotek og museum).
18.01.02:
No er det klart for registrering av bibliotekstatistikk. Statens
bibliotektilsyn har lagt ut registreringsskjema for
bibliotekstatistikken på nettsidene sine, der du også finn rettleiing
og rundskriv til statistikken. Statistikksida
til Statens bibliotektilsyn.
14.01.02:
Falsk virusmelding. Det blir for tida sendt ut ei åtvaring om
eit virus som skal øydeleggja drivaren til harddisken. Ein blir bedt om
å søke opp fila sulfnbk.exe og slette denne. Det treng ein ikkje
gjere. Dette er ei fil som blir brukt av Windows, og er grei å ha på
maskina. De kan lese meir om dette hos t.d. Norman
eller Symantec.
09.01.02:
Jon Birger Østby, direktør for Norsk museumsutvikling,
er i dag tilsett som direktør for det nye
ABM-utvikling. Dato for når han tek til i stillinga er enno
ikkje fastsett.
03.01.02:
Det har kome nye forskrifter
til Åndsverklova, frå 1. januar 2002. Spesielt aktuelt er
kapittel 1 - " Eksemplarfremstilling i arkiv, bibliotek, museer og til bruk for funksjonshemmede".
03.01.02:
Kari Gjesteby er konstituert som nasjonalbibliotekar fram
til 1. september 2003 medan Bendik Rugaas har permisjon.
Kari Gjesteby kjem frå direktørstilling i Norges Bank.
Ho har dessutan bl.a. vore handelsminister, justisminister og
statssekretær i fleire departementet.
19.12.01:
Fylkesbiblioteket har fått "nye" heimesider. Vi har no laga
plass for ein del med små og store
bibliotek-nyhende. Her vil ein satse på å leggje ut
både lokalt og nasjonalt nytt. Vi har også ein
"Aktuelt"-del, der saker som ikkje berre er dagsaktuelle - som
"varer" litt og kan vere greie å ha liggjande litt - vil bli
lagt ut. Dersom du meinar noko om sidene, om det er positivt eller
negativt, så send gjerne ein epost til Anja.
18.12.01:
Litt forseinka kan vi melde om at Gaular folkebibliotek har fått lagt ut katalogen
sin på nett, og har også fått ny adresse for heimesida si: http://www.gaular.folkebibl.no/
18.12.01:
Det vil bli kurs i
Mikromarc 2 den 6. og 7. februar. Ein dag med grunnleggjande
innføring for dei som ikkje har brukt MM/biblioteksystem tidlegare, og
ein dag for meir erfarne katalogbrukarar. Meir informasjon og påmelding
kjem rett over nyttår.
11.12.01:
Nr 2/2001
av Over skranken
er lagt ut.
|